heim
onsdag 17. mars 1999
nr 9- 54. årgang

Meny

søk i Studvest

tips studvest  55 54 51 48

 

UiB nedprioriterer idrett

Universitetet i Bergen gjev minst idrettstilkot per student samanlikna med Oslo og Trondheim. I Bergen får kvar student 62 kroner i året, mens tilsvarande tal er 555 kroner i Trondheim og 375 kroner i Oslo. 75 prosent av studentane i Bergen mosjonerer regelmessig, men bare 25 prosent av desse nyttar Studentsamskipnaden sine tilbod. Samstundes viser det seg at 2.500 studentar legg igjen store pengar hos private treningsstudio. – Universitetet i Bergen vil tape i kampen om studentrekruttering, trur velferdsdirektør Ellen Harbitz i SiB. Studentane er ikkje nøgde med den dårlege prioriteringa av idrett frå Universitetet si side. – Det er utruleg dårlege treningsforhold, og det er elendig av universitetsleiinga å gje blaffen i studentane på denne måten, meiner Asbjørn Markhus og Daniel Giske.

[hele saken]          [nyheter]



Pervers handletur

(Foto: Thor Brødreskift)

Den sterke bruken av sex og vald som verkemiddel har gjort «Shopping and Fucking» til eit av dei mest omdiskuterte stykka innan ny dramatikk. Turboteateret inviterer til Norgespremiere på stykket, eit år før Nationalteateret prøver seg.

[hele saken]          [kultur]


Den Gothe Nikko

(Foto: Ole Christian Aamot)

Nikolai Brekke ser skumlare ut enn dei fleste. Men på 90-talet lar få seg provosere av ein ung mann med svarte kajalstrekar og store øyreringar. Bak den mørke framtoninga står ein hovudfagsstudent i litteraturvitskap, med eit glødande sosialt engasjement. Og ei dotter på sju år.

 

 

[portrettet]


Optimistisk prisvinner

Sist fredag blei Antero Benedito da Silva tildelt den første studentfredsprisen i Trondheim. I over to år har han leia ei ikkje-valdeleg studentgruppe i Øst-Timor som jobbar for ein demilitarisert stat. Studentfredsprisen kan rette merksemd mot Øst-Timor, men kan også føre til opptøyar.

[hele saken]          [kultur]



Kortvarig glede

Sist onsdag kunne Hulen juble over nattklubbstatus, men det blei ei kortvarig glede. Nattklubbløyvet er førebels trekt tilbake på grunn av mistanke om inhabilitet frå Martin Smith-Sivertsen. Dette utset den endelege tildelinga av nattklubbløyve med opp til fire veker. Hulen-leiar Marte Djupesland er likevel optimistisk.

[hele saken]          [nyheter]


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek
Les også mer på siden om avisen. Copyright Studvest (C) 1999
2. side siste portrett om avisa annonsering arkivet bjørnar og åshild kommentar kronikk ytringar apropos meiningar kultur news leiar nyhende