Lufta øydelegg instrument

15 flygel og 30 piano kan vere øydelagde av den låge luftfukta
på Griegakademiet. Blant desse er to konsertflygel av typen
Steinway, til rundt 700.000 kronar stykket. – Situasjonen er
akutt, og alvorlege skadar vil oppstå om ikkje problemet blir
løyst innan eit halvt år, seier pianostemmar Richard Brekne.
Drift- og innkjøpsavdelinga kan ikkje love at luftfukta bllir
høgare til neste semester.

|
Ung framtid
Det kan virke som om framtida har aldri vore nærare enn
no, og det er vanskeleg å ikkje tenkje på det som kjem.
Vi har snakka med ti unge menneske om kva dei trur om framtida.
Marte (frå venstre) drømmer om mann og barn, Anders er redd
for eit einsarta liv med eit uengasjerande yrke, Marius
ser det positive i kaos og Agnes føler seg av og til egoistisk
fordi ho bruker tida på å male eller ta bilde.
|
Eksamensforma må endrast
Ei undersøking gjort av førsteamanuensis
Arild Raaheim viser at ei eksamensoppgåve kan få
1.5 av ein sensor og 4.0 av ein annan. Sensuren kan altså
variere frå laud til stryk på ei og samme oppgåve.

|
Fantoft kan ta imot flyktningar
– Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) stiller seg positiv til
å losjere kosovo-albanske flyktningar på Fantoft studentby,
seier direktør Egil T. Pedersen. Innvandrarkontoret i Bergen
Kommune ser positivt på initiativet, men trur ikkje det blir
akuelt å nytte tilbodet.
|
|
|