Forelesar braut teieplikta
Ein forelesar ved Seksjon for humanistisk informatikk fortalde
til ein annan student, at Liselotte Langnes strauk på
ekamen. Heile seksjonen vert nå klaga inn til klagenemda
for brot på teieplikta. Eg vil at andre skal slippe
å oppleve at personlege opplysningar spreiast på
ein slik måte som er gjort i mitt tilfelle, seiar student
Langnes. Ho fortel at det ikkje er første gong dette
har skjedd. Seksjonsleiinga vil ikkje kommentere saka før
klagenemda har behandla saka.

|
Finsk diva
 |
Jimi Tenor er det heitaste navnet innan finsk showbiz
sidan Mummitrollet. I Europa dukkar det stadig opp nye
fans av den eksentriske drag-queen-liknande musikaren,
og sceneshowa går det gjetord om frå Paris til Stockholm.
I helga var Jimi i Bergen.
Foto: Marius Hauge
|
|
Gratis buss
|
Studentane fekk eit gratis alternativ til Gaia Trafikk
sist mandag. Studentbussen er i rute, og studentane som
nyttar tilbodet er nøgde med Velferdstinget sin aksjonform.
Bussen skal gå i to veker og Velferdsstyret vi krevje
ein skriftleg lovnad frå dei politiske partia om at dei
skal innføre studentrabattar på buss innan høsten.
|

Foto: Christian Visnes
|

|
Stumt om Kosovo
Under Vietnam-krigen gjekk studentane samla i demonstrasjon.
Men når Norge for fyrste gong sidan 1945 er deltakar i
krig, er studentane stille. Studvest har latt Tale Hungnes og
Øyvind Støle diskutere kvifor vi ikkje tør
engasjere oss lenger.
|
Vil leggje ned fag
Italiensk er eit av dei faga som føler seg truga av Universitetsleiinga
sitt ynskje om å konsentrere universiteta si verksemd
rundt færre fagområde. Dei fire universiteta i Noreg
søkjer Staten om 600 millionar kroner til omstillinga.
Pengane skal også brukast til IT-basert undervisning.
|
|
|