
Nok eit avslag for kyrkjeasylant
Pakistanaren som sit i kyrkjeasyl i studentkapellet har fått
sitt tredje avslag på søknaden om asyl i Norge.

Gjev ikkje opp. Me held fram arbeidet
sjølv om dette avslaget er ein knekk både for oss
og for kyrkjeasylanten, seier Jon Vesterøy og Åsne
Hagen i Støttegruppa for kyrkjeasylanten.
Foto: CHRISTIAN RANGEN
I det siste forsøket på å få omgjort
avslaget på asylsøknaden var det lagt ved ny dokumentasjon
på tortur som mellom anna var stadfesta av lege og psykolog.
Men Justisdepartementet grunngjev i sitt avslag at det ikkje er
dokumentert at skadane på kroppen stammar frå tortur.
Tidlegare har ikkje departementet nemnt at det kan ha vore
tortur i biletet. No erkjenner dei at at merka er der, men sår
tvil om årsaka, seier Jon Vesterøy og Åsne
Hagen i støttegruppa for kyrkjeasylanten.
Naive styresmakter
I svaret frå Justisdepartementet heiter det også
at «man har særlig merket seg at klageren ikke har
anmeldt det påståtte forholdet til pakistanske myndigheter».
Ei slik formulering vekkjer oppsikt fordi 23-åringen
sjølvsagt ikkje har tillit til politi og styresmakter i
heimlandet sitt. Dette liknar mest på naivitet frå
norske styresmakter si side, seier Åsne Hagen.
Det er ikkje noko teikn på at han blir forfulgt av
styresmaktene i
heimlandet, mellom anna reiste han ut med sitt eige pass utan
å bli stoppa. Då burde det ikkje vere nokonting i
vegen for at han
kunne melde til politiet at han blei torturert, hevdar underdirektør
Frank Schjerven i Utlendingsavdelinga i Justisdepartementet.
Manglar truverd
I denne saka er det viktigaste ei generell vurdering
av søkjarens truverd. Me har vurdert det slik at denne
søkjaren heilt frå starten av ikkje gjev oss opplysningar
som er truverdige.
Så de meiner at han lyg?
Eg kan ikkje inngåande kommentere enskilde saker,
men det er riktig at manglande truverd til søkjaren veg
tungt i denne saka. I tillegg til dette meiner departementet at
han ikkje fell inn under flyktningekonvensjonen, seier Schjerven.
Åsne Hagen og Jon Vesterøy understreker at korkje
kyrkjeasylanten eller støttegruppa har gitt opp, men seier
at dette er ein knekk i arbeidet. Det vil vere mogleg å
anke avslaget ein gong til, men då krevst det at nye opplysningar
kjem fram.
Me dokumenterte merka på kroppen hans, men når
dette ikkje er godt nok for departementet, kva er då godt
nok? undrar Hagen og Vesterøy.
Ingvild Rugland
ingvild.rugland@student.uib.no
|