Advokat for taparane
– Kanskje har dei rett i at eg er farleg for
tryggleiken til riket, seier juristen Edvard Vogt. Initiativtakaren
til det høgaktuelle studentburettslaget har vore engasjert i
så mykje at han er blitt skulda for å destabilisere rettssystemet.

Kontoret til professor emeritus Edvard Vogt minner vagt om
ei Larson-teikning; så sterkt lever det opp til stereotypien
om den aldrande professoren si private hole, der han druknar
i bøker og artiklar samla gjennom eit langt liv. Professor
Vogt er fødd i 1923, og er i dag eigar av eit imponerande
bibliotek. Papir dynger seg opp overalt, og hjartet sig i bringa
ved tanken på å skulle leite etter eit forsvunne
notat i dei ustøe stablane. Men ein må forvente
såpass frå ein mann som ikkje berre er utdanna jurist
og sosiolog, men også har vore i Roma for å bli
katolsk prest, og har stifta fleire alternative burettslag.
Som om ikkje det var nok, er han ein initiativtakar i norsk
økologisk jordbruk, har starta opprullinga av den største
politivaldsaka i norsk rettshistorie, oppretta Jussformidlinga
ved juridisk fakultet - og var motstandsmann under krigen!
Ideen om eit studentburettslag kom då Vogt var oppteken
med å skaffe nye lokale til rettstryggleik-stiftinga Sentrum
for rettsutvikling. I desse lokala vart det òg plass
til ein bueining for studentar.
Så kunne ein jo leige ut desse husværa for
gode pengar, men studentar i ein slik situasjon har ingen innverknad
på sine eigne butilhøve. Eg ville finne ei løysing
som gav studentane sjansen til å bestemme sjølve.
Sosiologisk eksperiment
Så langt har ikkje studentane sprunge beina av seg
for å melde seg til prosjektet. Det tek han med stor ro.
Du kan sjå på dette som eit sosiologisk eksperiment.
Eit mislukka eksperiment kan vere like interessant som eit vellukka
eit. Uansett utfall får vi resultat som vi kan studere.
Dersom burettslaget ikkje kjem i gang, seier det noko om kulturen
hjå studentane, ikkje sant? Forresten trur eg det skal
gå bra. Nokre personar har meldt interesse, og når
først nokre set i gang, vil fleire følgje etter,
det er eg viss på.
Vogt sit makeleg attoverlent i kontorstolen, og smilen vik aldri
frå andletet medan han snakkar. Dette er ingen sjølvhøgtideleg
gammal akademikar. Studentburettslaget er ikkje det første
sosiale eksperimentet hans, og det vil heller ikkje bli den
første fiaskoen, dersom dét skulle bli utfallet.
Allereie på slutten av førtitalet sette han i gang
den første studentbustadaksjonen. Han ville bruke Quisling
sin gamle villa og gjere han om til studenthyblar. Den gongen
var det Studentsamskipnaden som velta prosjektet. Sidan har
han starta fleire burettslag for ressurssvake grupper. Eit anna
prosjekt han har sett til verda, er Norsk Økologisk Landbrukslag,
ei stifting som hjelper folk utan kapital til å drive
småbruk.
Jurist og teolog
Akkurat midt i hundreåret fullførte han cand.jur.
i Oslo. Deretter vart det teologistudium i Roma. Vogt vart katolsk
prest og har praktisert både i Roma og i Bergen. Ein søknad
til paven løyste han frå stillinga.
Det var på ingen måte dramatisk. Eg tykkjer
framleis at det er ein god idé å bli prest og gjere
noko godt for sine medmenneske. Men eg var engasjert på
for mange område til at eg kunne ta meg godt nok av kyrkjelyden
min, særleg då eg fekk eit stipendiat i sosiologi
her ved UiB. Å slutte som prest var ein naturleg konsekvens.
Du har vore oppteken av mange ulike emne?
Men alt heng jo i hop! Ser ein på juss og teologi,
så er dei begge dogmatiske disiplinar. Dei handlar om
korleis ein bør handle, kva som er rett og gale. Det
interessante er at dei sanne normene ligg i røyndomen,
i den reelle situasjonen. Ikkje i bøkene. Difor driv
eg mykje med empirisk forskingsmetode, som deltakande observasjon.
Eg har stoff til mange interessante hovudfagsoppgåver!
Slåst mot fascismen
Som ung jypling, under krigen, var Vogt involvert både
i etterretningsorganisasjonen XU, i Milorg og i svensketroppane.
Han fekk også oppleve det han kallar «ei kriminologisk
lærerik tid» i tysk fangenskap. Mot slutten av århundret
er han framleis ikkje redd for å ta i bruk f-ordet frå
krigen i daglegdagse samtalar.
Eg vil halde fram med å kjempe mot fascismen. Krigen
er ikkje slutt, det er enno mykje vi må slåst mot.
Kvar finn ein fascismen i dag?
Den kan ein finne i alle miljø. Det er mykje djevelskap
i verda. Eigentleg bør mange fleire bli prestar, seier
han og smiler.
Når det gjeld fascismen, så er det ein stad
definert som forakt for veikskap. Det å sikre seg sjølv
ved å slutte seg til dei sterke. Det ser eg framleis mykje
av i dag. Mitt poeng er at kvar av oss kan utrette mykje i sin
eigen kvardag.
Trua på at kvart menneske har makt til å påverke
sin eigen situasjon, er ein raud tråd i alle prosjekta
Vogt har vore involvert i. Kvar kjem denne trua på enkeltmennesket
frå?
Tja, trua er jo ei nådegåve, heiter det.
Filosofen Kierkegaard, som var min store helt i gymnastida,
meinte at vi vel vårt trussystem. Det nyttar ikkje å
rasjonalisere seg fram til verdistandpunkt, ein må ta
eit val. For meg vart valet enklare fordi eg var så heldig
å ende på rett side under krigen.
Var ikkje Heimestyrkane det naturlege valet, då?
Langt ifrå! I dag er det ei vanleg oppfatting at
«dei vonde» heldt med okkupasjonsmakta, medan staute
gode nordmenn dreiv geriljakrig i skogen. Men vi må hugse
at dei som gjekk med fienden, gjorde det fordi dei trudde det
var det beste. Dei tok ei avgjerd utifrå dei føresetnadene
som var tilstades, og dessverre valde dei feil. Men vi kan ikkje
leggje skjul på at det fanst både godheit og vondskap
på begge sider.
Dei fleste i dagens studentgenerasjon er vande med å måle
kvardagen i godt eller dårleg, trendy eller harry, vellukka
eller mislukka. Det verkar farleg gamaldags å snakke så
sjølvsagt om moral og om rett og gale. Vogt gjer det
likevel. På dette kontoret ser ein ikkje noko av den blinde
fru Justitia som dømmer alle likt etter dei kantete bokstavane
i lova. Han meiner at i alle situasjonar er det noko som er
rett.
Men merk deg at det ligg i situasjonen, ikkje i lovteksten.
Ein bør alltid ha medynk med dei veike, og det gjeld
spesielt oss juristar. Vi har eit stort ansvar her. Eg har tru
på at dei juristane vi utdannar i dag er innstilte på
å ta dette ansvaret, og eg vonar at vi som lærarar
er flinke nok til å gje dei forståing for kva yrkesvalet
fører med seg.
Vald og telefonavlytting
Blir du aldri desillusjonert?
Sjølvsagt blir ein somme tider trøytt og
forbanna. Men det kan ein ikkje tenkje for mykje på. Så
lenge helsa held, har eg ingen unnskyldning for å ikkje
gjere noko. Eg har vore heldig der. Det er klart at dersom du
slit tungt fysisk eller psykisk, kan ingen vente at du skal
ha overskot til å engasjere deg på vegner av andre.
Vogt løfter brillene som heng i ei snor kring halsen,
og myser på dataskjermen på skrivebordet. Det er
klokkeslettet han vil ha greie på. Snart skal det vere
stiftingsmøte for studentburettslaget, og vi må
vere ute av kontoret før den tid. Det kan bli knapt,
for no har han tenkt å snakke om dei såkalla boomerangsakene.
Saman med Gunnar Nordhus skreiv han boka Volden og dens ofre,
som sette i gang den store politivaldsaka i Bergen. Det utvikla
seg til ei endelaus opprulling av falske forklaringar og trugsmål
mot vitne, og Vogt opplevde mellom anna at telefonen hans vart
avlytta fordi ein meinte han motarbeida rettssystemet.
Desse lange åra har berre forsterka interessa mi
for maktovergrep og justismord i det norske rettsvesenet. Det
er viktig at vi innser at det er fæle makter i sving også
i vårt eige land, seier Vogt. Det blir den siste salva
vi får frå han. No må han ut og engasjere
seg - på studentane si side.
TEKST: Kjerstin Gjengedal
qed010@ii.uib.no
FOTO: CHRISTIAN RANGEN