onsdag 6. oktober, nr 23 - 54. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos side to meiningar news leiar tema kultur nyhende tips studvest 55 54 51 48

kultur

Spelet med genane

Tenk deg at legen din ein dag seier til deg: «Gentesten din viser at du kjem til å få Parkinsons sjukdom når du blir femti. Legevitskapen kan ikkje hjelpe deg. Men i det minste veit du om det!»

Einsretting. Kven tener på ei utvikling der det genetiske mangfaldet forsvinn?
Illustrasjonsfoto: Silje K. Robinson

I dag diskuterer ein om legane skal ha lov til å drive oppsøkande gentesting, slik at menneske som er genetisk disponert for visse sjukdommar, kan få vite om det. Det kan gje meining når sjukdommen let seg kurere. Mange vil derimot vegre seg for å få vite om sjukdommar som ikkje kan lækjast. Like fullt er historia overfor eit mogleg framtidsscenario som kan følgje av den veldige suksessen ein har hatt innanfor molekylærbiologisk forsking og genteknologi. Viktige spørsmål i denne samanhengen kan vere: Er utviklinga etter kvart blitt eit mål i seg sjølv? Treng vi desse enorme kunnskapsmengdene? Bør vi frykte dei, kanskje endåtil forby dei? Slike problem vart tekne opp då Forskningsdagene og FeBer inviterte til filosofikafé sist torsdag. Innleiarar var Ragnar Fjelland og Roger Strand, begge forskarar frå Senter for vitskapsteori.

Genterapi og kloning
Folk flest grip med usvikeleg instinkt etter dei mest perifere problema når emnet genteknologi skal debatterast. Diskusjonen kokar fort ned til ein krangel om vi vil ha «genmat» i butikkane. Strand peika i sitt innlegg på at dette er ein mindre interessant debatt, sidan vi allereie et genmodifisert mat utan å vite det, og om femti år vil ingen hugse kva som er opphavleg og kva som er fiksa på. Ei gjennomført merking av genmodifiserte matvarer er umogleg å gjennomføre i praksis. Han hevda at der er andre aspekt ved genteknologien som er viktigare å ta stilling til.
Tenk deg at du ein dag får ein telefon frå eit offentleg kontor. Ei formell røyst seier til deg: «Vi har registrert at familien din no har produsert to friske born, men ingen aborterte foster som kan nyttast til genterapi. Vi må minne om at kvar hushaldning har plikt til å levere eitt slikt foster per to levandefødde born.»
Ein kan tenkje seg at forskinga vil føre til at ein etter kvart kan kurere sjukdommar som ein i dag er makteslause mot, til dømes ved å nytte genmateriale frå aborterte foster. Det kan vi kalle ein lukkeleg framtidsvisjon. Likevel vil mange meine at slike ting nettopp er det verste som kan hende. Korleis vil det påverke synet vårt på abortar? Vil vi juble når aborttala når nye høgder? Må ein organisere produksjonen av fostervev for å sikre at tilførselen blir stor nok?
Eller tenk deg at sonen din kjem heim for å presentere deg for jenta han vil dele livet sitt med. «Vi har allereie søkt om å få adoptere born,» fortel han stolt. «Vi kan sjølvsagt ikkje få eige avkom, sidan ho og eg ikkje tilhøyrer same art.» Det er ein populær spådom at det ein gong vil bli vanleg å klone menneske, og å designe arvestoffet slik at ein kan få nøyaktig det avkommet ein vil ha. Allereie i dag er det stort sett lovverket som set grenser for slik praksis. Danning av nye menneskeartar kan bli ein konsekvens av dette.

Kvifor hastar det slik?
Roger Strand hevda i sitt innlegg at det ikkje er noka reell løysing å forby genforsking. Resultatet vil bli analogt med spritsmuglinga som skaut fart under forbodstida, meinte han. Kan ein ikkje drive ope med forsking, vil ein gjere det i skjul. Like utopisk vil det vere å tillate forsking, men forby bruk av kunnskapen.
Eit viktig argument for å jage opp tempoet i all forsking som er teknologisk retta, er at konkurranseevna må haldast oppe. Dersom vi ikkje skundar oss, vil EU eller japanarane eller USA få eit alt for stort forsprang. Både Fjelland og Strand poengterte at ingen spør kva dei får eit forsprang til – kva skal vi utvikle oss mot? Korleis skal det sjå ut ikring oss når vi ein gong har utvikla oss ferdig?
Etter kvart som den teknologiske utviklinga blir driven framover, skrik fagmiljøa etter fleire spesialistar som kan løyse dei praktiske utfordringane. Ragnar Fjelland peika på at heile dette systemet favoriserer eit «tunnelsyn» der ingen har ansvar for heilskapen, men berre for sitt eige lille felt. Han meinte at det er viktig å vere klar over at sjølv om kvart steg i ein prosess kan vere rasjonelt når ein ser det isolert, er ikkje det nokon garanti for at prosessen sett under eitt er like rasjonell. Heilskapen kan syne seg å bli bisarr når ein ikkje har noko overordna perspektiv på det ein gjer.
Som døme nemde Fjelland organtransplantasjonar. Slike operasjonar kan redde mange menneskeliv, og er per i dag begrensa av tilgangen på organdonorar. Dersom vi vil ha fleire hjarte til bruk i transplantasjonar, kunne det vere eit effektivt tiltak å sette opp fartsgrensa på vegane. Det ville føre til fleire trafikkulukker, som igjen ville gje fleire hjarte til transplantering. Tankegangen er fullstendig rasjonell, men ser ein nøyare etter, er heile planen blotta for sunn sans.
Som det høver på filosofikafé, fekk ikkje diskusjonen nokon konklusjon. Roger Strand slutta innlegget sitt med ei oppmoding om å sette ned tempoet i forskinga slik at vi rekk å bli kloke nok til å bruke det vi lærer på laboratoria. Kanskje er det ikkje berre dumt at forskarar her i landet er offer for forvaltinga sine krav om meir papirarbeid? Syt vi berre for at forskarane heile tida er opptekne med irrelevante ting, rekk kanskje fornufta å ta igjen teknologien.

har skjedd

Forskningsdagene ‘99
«Filosofikafé»
Den Gyldne Tønne, 30 september


Vil forske meir på «genmat»

Dei fleste er opptekne av maten dei et. Det er knytta ei mengd problemstillingar til genmodifiserte matvarer, og meiningane er mange og ulike.

– Frykt og propaganda gjer at folk blir alt for opptekne av genmodifisert mat, meiner Therese Solstad, stipendiat ved institutt for biokjemi og molekylærbiologi ved UiB. Ho trur at redsla for dei genmodifiserte matvarene er overdriven.
– Mange er redde for at endringar i arvestoffet kan smitte frå maten og over på menneska. Det er heilt urealistisk. Ingenting av dette går rett i blodet. Alt blir brote ned, seier ho.
– All genmodifisert mat blir godt testa. Det er jo snakk om ting vi skal ete. Ingen tek sjansar med slikt.
Solstad meiner at det vi omtalar som genmodifisert mat, ikkje skil seg prinsipielt frå matvarer som er blitt avla fram gjennom fleire hundre år.
– Alle kjenner til systemet med å avle fram til dømes kornsortar som skal tåle spesielle typer klima. Dagens genteknologi verkar på same måten, det er berre raskare og meir effektivt.
På den andre sida finn vi saka om forskaren Arpad Pusztai, som mista jobben ved Rowett Research Institute i Aberdeen då han gjekk ut og fortalde om forsøksrotter som fekk mindre hjerne og større lever etter å ha ete genmodifiserte poteter. Resultata er ikkje prov på at genmanipulert mat er farleg for menneske, men dei meir enn antyder at det bør forskast meir på emnet.
Ian Pryme er professor i biokjemi og molekylærbiologi ved UiB, og er ein av dei som har granska resultata og metodane til Pusztai. I ein kronikk i avisen «Jordvett» peikar han på fleire svake punkt i dagens testing av genmodifiserte matvarer.
– Vi bør gje oss tid til å sette i gang ei intens og industriuavhengig gransking som kan gje svar på mange spørsmål når det gjeld tryggleiken ved å ete genmodifisert mat, seier han.


Kjerstin Gjengedal
qed010@ii.uib.no
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek. Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999