onsdag 27. oktober, nr 26 - 54. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos side to meiningar news leiar tema kultur nyhende tips studvest 55 54 51 48

 

 

 

Jublar over 120 nye pc’ar på SV

Studentane ved Det samfunnsvitskaplege fakultet jublar over ei kraftig forbetring av pc-situasjonen. Fakultetsstyret har vedtatt å kjøpe inn omkring 120 nye pc’ar til studentane, og å opprette eit nytt delfag i informasjonsbehandling.
For nokre veker sidan sette fakultetsstyret av ein million kroner til it-formål, no er summen oppe i tre millionar. Situasjonen blir betre på alle nivå.
– Dette er ein siger for studentane, seier studentrepresentant Jan Olav Haukås i fakultetsstyret. Fakultetsleiinga lovar at pc-løftet ikkje vil gå ut over andre fag på faktultetet.



Søndagsdjevlar

Søndag står stille og er fin å sjå på, men det er òg ein dag for dårleg samvit. Gnagande spørsmål som «kvifor drakk eg ikkje meir vatn i går?» og «kvifor skin sola når det er regn i hovudet mitt?» legg ein dempar på gleda over å ha skaffa seg videofilm og snop.
Rettleiinga heimanfrå har sett sine spor hos dei fleste; mor si stemme om å gå ut på tur og opp i trea den sjuande dagen i veka, pregar kviledagen.

Kjempar for fridom i Kviterussland

Kari Anita Syverud (biletet) fortel at Kviterussland har utvikla seg til å bli eit diktatur. Ho er med i Raftostiftingas studentgruppe, og har jobba med det praktiske rundt utdelinga av Raftoprisen til kviterussaren Gennadij Grusjevoj førstkomande søndag.

[hele saken]          [nyheter]

Ambisiøst prosjekt

World Voices sitt bokprosjekt Har du 2 sekunder? med bergensstudenten Silje Vallestad i spissen, blei lansert i Oslo i går. Denne boka presenterer 60 ulike bidrag frå ungdommar frå heile verda. Vi prata med Layla Cassim, Maja Milosovic og Gesson Florez (biletet) som alle har skrive tekstar for å auke toleransen på tvers av landegrensene.

[hele saken]          [kultur]

Å vere med vêret

Under regntunge skyar står måleapparata og samlar vatn. Meteorolog Magnus Anglevik (biletet) snakkar villig om nedbørsmengder og observasjonshytter. Han tok oss med inn i vêrvarslingas underlege verd.

[hele saken]          [kultur]
 



Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek. Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999