Avtale om billigare buss for studentar
Billigare buss til bergensstudentane er ei prioritert sak i ein
intensjonsavtale som skal danne grunnlaget for eit fleirtalsstyre
i fylkestinget. Det er sentrumspartia og Arbeidarpartiet som har
inngått avtalen som skal sikre fleirtal for budsjettet i
perioden fram til år 2004. Fylkesordførar Gisle Handeland
(Ap) meiner denne avtalen er eit langt skritt i retning av å
få gjennomført studentrabatt på bussen i Bergen.

|
Heimekos på havet
Erik Pettersen er student ved keramikklinja på Kunsthøgskolen
i Bergen, men brukar langt meir tid på å gjere istand
båten sin enn på leirklumpane. Om kort tid flyttar
han inn i den 25 fot store «Nulleroten», og tykkjer
det blir storarta å ha moglegheiten til å bytte
nabolag bare ved å starte motoren.
midten
|
Forskjellsbehandla
Utanlandsstudentar som leiger hybel på Fantoft studentby
må binde seg til å betale husleige i eit heilt semester.
Norske studentar derimot bind seg bare i ein månad.
Eg skjønar ikkje kvifor vi utanlandsstudentar blir
forskjellsbehandla, seier finske Chrie Therman.
|
Spooky på Hulen
Djevlar, hekser, vampyrar, ein såra krigsveteran og ei
død brud sto i køen og ville inn på Hulen
laurdag. Vertskapet på Halloween-kvelden var Dominion Goth
Club. Medusa var der også.
|
Kvinnekonferanse
I helga møttest 70-tallsfeministar og 90-tallsfeministar
til debatt om kvinnerolla under konferansen Kvinne er kvinne best
i vest. I kjølvatnet av dei tre såkalla nyfeministbøkene
blei det diskutert kva slags retorikk som er best for å
setje likestilling på dagsorden.
|
| |