Med ballen i handa
Nokre speler handball for å vinne. Andre
berre speler.
 |
Fokus. Hogne og Asbjørn (til høgre) var
ute i går, men i dag har dei fokus på ballen.
|
Eg treng ein røyk, seier Hogne
og fiskar fram ein Lucky Strike. Han inhalerer djupt, ruskar
seg i håret og lar kroppen gli sakte tilbake i setet.
Eg sender Hogne eit spørrande blikk, skal ikkje dette
liksom vere ein idrettsmann?
Vi var ute etter trening i går, forklarar han,
og legg til:
Vår filosofi er å vere veldig sosiale og
passe seriøse. Ofte går vi ut etter trening på
fredagane fordi vi trener så seint. Skikkeleg ukurante
treningstider, forresten. Vi blir skvisa heilt inn i fredagskvelden
for at ein gjeng lutgamle professorar skal få spele løkkefotball
til si faste tid. Hogne ristar på hovudet og sukker sigarettrøyk.
Han er ein av stjernene på BSI sitt herrelag i handball.
No har han nett blitt henta av trenar Ove Lennart og Studvest.
Saman sitt vi i bilen til Ove Lennart si mor. Det er laurdag
formiddag og Studvest er klar til å oppleve ein dag med
BSI sine handball-lag. Først skal vi sjå herrane
spele, og etterpå følgjer vi med Ove Lennart til
damene sin kamp. Han trener begge laga, heilt gratis, berre
fordi han vil.
Det er ikkje berre Hogne som er stjerne på handball-laga
til BSI. Der er alle stjerner, alle får vere med og alle
får spele.
På den tida eg har vore med er det berre ein som
har slutta fordi han meinte han ikkje fekk spele nok, fortel
veteranen Hogne, og legg til at han som slutta aldri hadde spela
handball før.
Trenaren. Ove Lennart brukar mora sin bil og timesvis
av eiga tid på kampane til BSI handball. Heilt gratis.
|
 |
Herrar i trusa
Ein halv time, fire omvegar, litt kartlesing og to Lucky
Strike seinare er vi framme ved Landåshallen.
Herregud, dette ser jo ut som ein bunkers frå eit
tidlegare østblokkland, utbryt Hogne.
Sant nok. Landåshallen er sliten, liten og grå.
Men inne er stemninga god. Sjølv får eg assosiasjonar
til min eigen barndom då eg ser tolvåringane som
sel vaflar, muffins og sjokoladekake. Hjelpsame foreldre svinsar
rundt og folk frå det lokale idrettslaget organiserer.
Resten av herrelaget til BSI er allereie på plass.
Fem minutt seinare står eg i ein garderobe med tolv herrar
i trusa. Eg blir litt brydd av så mykje naken hud, men
laget er upåverka av ei kvinne sitt nærvere og fotografen
som knipsar. Dei seier berre at det er kjekt med publikum for
ein gongs skuld, dei fortel Ove Lennart kva nummer dei har på
skjorta og diskuterer motstandarane.
Vi har slått dette laget før, så vi
bør kunne ta dei igjen, seier Dag, og legg til at det
er litt viktig å vinne.
Førre sesong var vi i tredje divisjon, men så
rykte vi ned. Målet vårt for denne sesongen er å
komme opp igjen i tredje.
Keeper-slit
Oppvarminga er ganske hektisk. Herrane spring rundt på
golvet og oppover veggane og klappar på kvarandre når
dei syns at nokon er flinke. Tempoet er høgt for alle
unntatt for Morten som er keeper. Medan dei andre blir raude
i andletet, slappar han av med snus under leppa. Han stiller
seg ved sida av meg og smiler. Eg spør om han ikkje har
tenkt å varme opp. Morten svarer at han skal spele heile
kampen. Det held.
Skriv at vi treng fleire keeperar. Det er ganske tøft
å være åleine som keeper, skal eg seie deg.
At det er eit slit å vere keeper tviler eg ikkje eit sekund
på. Ballane fyk som kanonar kring hovuda på oss,
og eg spør Morten kva som er allar tøffast med
keeperjobben.
At alle dei andre er like fyllesjuke som meg, svarar
Morten.
Høstdepresjon. Vi er inne i en generell
down-periode, fortel Inga (til høgre).
|
 |
Unge frustrerte menn
Fyllesjuk eller ikkje, når kampen startar senkar alvoret
seg over alle på banen. No er det BSI mot Norden 2. Med
klister som våpen går laga til kamp, og begge vil
vinne. Herrane på Norden 2 har minst tjue års erfaring
og kan dei eldste tjuvtriksa i boka. Gamlekara speler rått
og fintar dei unge trill rundt. BSI blir så frustrerte
at dei berre klarer å sette inn nokre stakkarslege, desperate
mål og lar det i staden hagle med bannord. Dommaren på
si side har eit markeringsbehov og lar det hagle med utvisingar.
Likevel held BSI tritt med motstandarane og ved pause er det
uavgjort. Da kjeftar alle på alle, men Ove Lennart skjer
gjennom på si beste og mest engasjerte sognedialekt:
Dei kunne jo ha vore fedrane dykkar heile gjengen. De
dett ned på deira nivå og spaserer over midten!
Om det er Ove Lennart sin pep-talk, harme over dommaren eller
misnøye med eigen innsats som gjer utslaget, er uvisst.
Etter pausen er i alle høve herrane frå BSI langt
betre. Framleis haglar det med «satan» og «faen»,
men dommaren godtek det, heilt til Hogne ropar «Herreguuuuud»
frå benken. Da kjem dommaren med heva peikefinger og seier
at vi alle saman må halde kjeft der ute. Til og med Ove
Lennart får gult kort, men vi på benken held munn.
Fem minutt før kampen er over kjenner Ove Lennart seg
trygg på at laget vil vinne, og vi kan gå slik at
vi rekk pausen i kampen til damelaget i Haukelandshallen.
Haustdeprimerte damer
På veg ned til damene spør eg Ove Lennart om
han tykkjer det er stor skilnad på å trene eit herrelag
og eit damelag.
Det er som natt og dag, stadfestar han, men når
eg spør kvifor, greier han ikkje å sette ord på
det.
Det er noko med lynnet, seier han vagt.
Vel nede i Haukelandshallen gjev likevel svaret seg sjølv.
Vi kjem inn i den gigantiske hallen like før pause og
BSI ligg under med fire mål. Når pausesignalet gjev
seg til kjenne, går damene ned i eit hjørne og
set seg i ein ring. Dei er nok enda meir frustrerte enn herrelaget
var i sin kamp, men i staden for å skulde på kvarandre
skuldar dei på seg sjølv.
Eg tar på meg skulda for dei sleivete pasningane.
Du har fortenesta for halvparten av mine mål, seier Irene.
Laget diskuterer kva dei kan gjere betre og Inga seier at ho
tykkjer dei skal gå inn for å vere litt gladare.
Trass i denne oppmodinga er ikkje damene særskilt humørfylte
når dei på ny går ut i kamp. Det går
ikkje så mykje betre enn før pause, og frå
benken kan Inga fortelje meg at laget er nede i ein generell
«down-periode». Dei har ligge i fjerde divisjon
i fleire sesongar og noko håp om å rykke opp brast
for nokre kampar sidan. Forklaring på anti-suksessen har
ikkje Inga, men kjem med forslag om ein eventuell umedviten
og kollektiv haustdepresjon.
Tøffe Tove
Likevel prøver BSI-kvinnene å oppmuntre kvarandre.
Damene på benken seier «synd det» heile tida
til damene på banen som til tider ikkje klarer å
bruke luker som i følgje Ove Lennart er store som middelhav,
låvedører og diverse andre breie fenomen. I tillegg
dett Inga og får vondt i ryggen før Gunn-Marit
like etterpå får eit slag i hovudet. Ho held på
å svime av, men det går heldigvis bra. Det er hardt
å spele handball. Alt dette skjer medan seks representantar
frå herrelaget kjem inn i hallen og går opp i rolla
som groupies på sidelinja. Dei prøver seg på
eit felles BSI-heiarop, men klarer ikkje å overdøve
mennene til kvinnene frå Nordnes som ropar «NORDNES,
NORDNES» og «TOVE, TOVE» og får i stand
ei bølgje enda dei berre er fem stykker. Tove er helten
på Nordnes 2. Ho er mykje brunare, mykje lysare i håret
og har ein mykje større permanent enn nokon av BSI-damene.
Dessutan speler ho mykje betre handball. Til slutt taper BSI
18-26.
Etterpå tykkjer keeper Cecilie at det var synd at dei
skulle tape mot eit slikt husmorlag. Til det kunne eg sagt at
ein skal ikkje undervurdere husmødre, men det hadde vore
ein garantert stemningsdrepar. I staden analyserer jentene tapet
sitt sjølve og skuldar på for mykje vin i går,
for mange kjekke gutar på sidelinja i dag og ein innpåsliten
Studvest-fotograf. Den einaste dei ikkje skuldar på er
Ove Lennart. Kjekke Ove Lennart. Hadde berre heile verda vore
som han.
Tekst: Elisabeth Solvang
Foto: Hugo Skarsten Larsen