På gyngande grunn
Det blæs godt på dekk, og det har byrja å regne.
Studentane samlar seg rundt instrumenta. Den som vil lære om
havet må oppsøkje det.
 |
livbåtmanøvar. Alle studentane må trene på å komme seg
ombord i livbåten iført overlevingsdrakt. Det vanskelegaste
er glidelåsen.
|
Ei overlevingsdrakt er eit stivt og uhandterleg
plagg ein helst vil sleppe å få bruk for. Klokka
er nesten ti, og forskingsskipet «Håkon Mosby»
er snautt ute av Puddefjorden før alarmen går for
livbåtmanøver. Femten oseanografstudentar og to
Studvest-utsendingar slåst med hetter og glidelåsar.
Stroppar på beina skal hindre deg i å trakke sund
knea på drakta, som er ein god halvmeter for lang for
dei fleste. One size fits none. Som ein gjeng oransje Max Mekkerar
jobbar vi oss steg for steg opp leideren og ombord i livbåten.
Der sit vi på rekkje og lurer på korleis vi skal
få spent på oss selane våre med hender som
er polstra og ubruklege. Å opne kassa med vatn og mat
som står midt i båten, er ei umogleg oppgåve.
Må vi gå i livbåten før dagen er omme,
rekk vi voneleg å drive til land før vi svelt i
hel framfor matboksen.
INSTRUMENTET. Toktleiar Jan Even Øie Nilsen har overoppsynet
når måleinstrumentet blir senka ned i vatnet.
|
 |
Kjellareksperiment
UiBs «Håkon Mosby», UiB sitt forskingsskip,
er ein nitten år gammal arbeidsgamp som er på farten
året rundt, i Barentshavet så vel som i fjordarmane
på Vestlandet. I dag skal dei ferske oseanografane i hovudsak
lære å bruke CTD-instrumentet ombord. I vekesvis
har dei eksperimentert med vatn i store kar i kjellaren på
Geofysisk Institutt. Der har dei studert likevektstilpassing,
spin-down og indre bølgjer, og dei har tømt farge
i vatnet for å sjå på grenselag mellom tungt
saltvatn og lettare ferskvatn. No kjenner dei seg klare for
større utfordingar: Vassbalja er bytta ut med Byfjorden.
Eit CTD-instrument registrerer elektrisk leiingsevne, temperatur
og trykk i vatnet. Frå det kan ein finne saltinnhald og
tettleik, og så veit ein meir om kor stabile vassmengdene
er i området. Det er ustabilitet frå djupvassdanning
i Nord-Atlanteren som er føresetnaden for Golfstraum
og varmetransport til norskekysten.
OBSERVASJONSSENTERET. Trygve Sagberg og teknisk ansvarlig
Steinar Myking (i forgrunnen frå venstre) følgjer nøye
med på ein av dei mange skjermane i instrumentrommet.
Andre vil heller tilbringe tida på dekk.
|
 |
Venting og video
Kvart over åtte samlast femten morgontrøytte
oseanografstudentar i biblioteket på tredje dekk for ein
briefing frå toktleiaren. Han heiter Jan Even Øie
Nilsen og er den vi skal gå til viss vi blir sjøsjuke
eller får heimelengt eller ikkje finn vegen til messa.
Det viser seg at avgangen må utsetjast fordi instrumentsjefen
har forsove seg.
Vi blir nok eit par timar forseinka, så eg vonar
ingen har gjort seriøse avtalar for ettermiddagen, seier
Jan Even.
Folk driv ikring på skipet og geispar og glippar med augo
medan dei ventar på at ting skal skje. Are og Trond har
teke med fotoapparat for å feste toktet til filmrullen
og kanskje vise fram til slekt og vener som spør kva
dei gjer om dagane. Are knipsar Trond som svingar seg i karabinkroken
til heisekrana.
Bajasar, meiner Hilde.
Så er vi omsider på fjorden, og livbåtdrillen
er utført etter boka. Det blir servert lunsj i to omgangar
i messa. På ein snill måte blir vi frårådde
å setje oss på dei faste plassane til kapteinen
og mannskapet - altså bordet nærast TV-en. I dag
sender alle kanalar non-stop frå Bill Clinton sitt besøk,
og nett no spring ein engasjert reporter ikring og intervjuar
menn i gata om korleis gjestinga til Clinton kjem til å
forandre livet deira.
Lunsjen blir avslutta med kaffi, som får merkelappen «krass».
Medan neste gruppe et, durer Trond i gang «Lock, Stock
and two smoking Barrels» på video i biblioteket.
Varm lunsj og motorlydar gjer ingen ikkje vaknare. Gjengen langs
veggen ser ut som russ på 18. mai, og sjølv ikkje
kaffi kan utrette mirakel. Camilla søv nesten. Trond
riggar seg til med to stolar og tygg på ein eplestilk.
Jan Even stikk hovudet inn døra.
Venting og video er ein viktig del av toktlivet, forsikrar
han for dei som enno ikkje har tenkt tanken.
BAugutsikt. Dagen var grå då «Håkon Mosby» var på tokt
på Byfjorden.
|
 |
Alle mann på dekk
Det er blitt tid for å ta dei første CTD-målingane.
«So låg vi for ripa med reiskapen vår/og såg
ned i sjøen, uendeleg klår... », påstår
Jakob Sande ein stad. No ja.
No nei. Det blæs godt på dekk, og det har byrja
regne. Studentane samlar seg rundt instrumentet, der alle prøver
å stille seg i le attom einannan.
Sjølve CTD-en er eit sylinderforma stativ, vel halvannan
meter høgt og kanskje 0,7 meter i diameter. Fire avlange
vasstankar er monterte på langs i stativet. Dei skal brukast
til å hente opp vassprøver som skal analyserast,
så ein kan kontrollere dei elektroniske målingane.
CTD-målingane blir tekne med eit lite instrument nedst
i stativet. Instrumentet tek inn vatn og pumpar det forbi termistorar
og konduktivitetceller. Samstundes blir trykket registrert.
Resultata går digitalt gjennom kabelen til ei datamaskin
i instrumentrommet. Der blir temperatur-, salt- og tettleiksprofilene
plotta. Over interkomen får vi melding om kor djupt CTD-en
skal senkast. Ein skal ha lang fartstid for å oppfatte
meldingane skikkeleg. For kvar ny måling må ein
eller annan springe inn for å få greie på
kva som vart sagt.
Vassprøvene blir tappa på dekk, i små nummererte
glasflasker. Det er ein jobb vi heller vil gjere på Byfjorden
enn i Grønlandshavet om vinteren. Jan Even forklarar
korleis det skal gjerast.
Ikkje stikk flaska inn på ventilen, då får
de overflatevatn med i prøva, åtvarar han.
Og pass på at korken er tett, elles vil noko av
vatnet fordampe, slik at resten vert saltare og prøva
blir feil.
Vi tek målingar frå fire ulike djupner tre stader
i Herdlafjorden, slik at vi får eit snitt tvers over fjorden.
Etterpå skal vi ta eit tilsvarande snitt i Salhusfjorden.
Målepunkta er bestemt før toktet. I instrumentrommet
er det ei kartmaskin med ein skjerm som viser kor langt vi er
frå det aktuelle målepunktet. Sidepropellane på
«Håkon Mosby» kan justere posisjonen til skipet
innanfor ein meter frå punktet.
I instrumentrommet sit instrumentsjefen og hovudfagstudent Trygve
Sagberg, som nyttar undervisingstoktet til å ta nokre
fleire straummålingar til hovudfagsoppgåva si. Her
er det forutan kartmaskin og dekkunit til CTD-en, også
dekkunit til ADCP-en som målar straum akustisk for Trygve,
dessutan ein vêrstasjon, GPS og ekkolodd. Mellom anna.
Instrumentlista til «Håkon Mosby» er lang
som eit vondt år, og spekka med tre-bokstavs-forkortingar.
Hadde det berre vore ei fotballbane òg, så
kunne eg nok bu her nokre veker, trur Øyvind L.
Alle maskinene er trygt tjora med stroppar og metallband, som
alt anna ombord. Loddebolt og voltmeter ligg lett tilgjengeleg
på ein benk. Veit aldri kva tid ein kan få trang
til å sjå flytande loddetinn.
VENTING. Hilde, Kristian, Øyvind B. og Line ser på Clinton
på TV medan dei ventar på avgang. Nils nyttar tida til
å sove.
|
 |
Haustvêr på Byfjorden
Vêrstasjonen fortel at relativ fukt er 86 prosent
der ute på dekk. Ivar og Are kjem inn frå regnet
for å sjekke vindmålaren. Dei meiner han tek godt
der ute, men vi kan ikkje skryte på oss meir enn 14 meter
per sekund, som tilsvarar liten kuling skal vi tru Beaufortskalaen
som står oppslått på veggen. Då blæs
det likevel såpass mykje at vinden blandar det øvste
vatnet slik at det er vanskeleg å sjå det tynne
overflatelaget med brakkvatn på profilane våre.
Oseanografane byrjar bli husvarme, om ein kan bruke eit slikt
uttrykk. Nils søv godt, lent over benken. Trond tek plass
framfor dataskjermen for å styre CTD-en.
No må de berre spørje om det er noko de
lurer på, seier han eplekjekt. Han har lært av dei
andre sine feil og snakkar tydeleg i interkomen. Hilde trur
kanskje han bør vurdere NSB. Dei tre kurvene kryp over
skjermen i raudt, blått og grønt. For ein oseanograf
er dei klåre som neonreklame.
Jan Even kan fortelje at vi ikkje er inne før seks -
tre timar forseinka. Ingen bryt ut i krampegråt av den
grunn. Spesielt ikkje når kompensasjonen er ein overdådig
kvelds i messa. I mørkret glir forskingsskipet inn mot
Marineholmen. Femten studentar veit litt meir om toktlivet.
Tekst: Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
Foto: Ole Christian Aamot