onsdag 1. desember, nr 31 - 54. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos side to meiningar news leiar tema kultur nyhende tips studvest 55 54 51 48

side to

Det er kveldsmesse i St. Jakobs kyrkje og kyrkjelyden er samla. Musikken under messa er enkel. Stunda er til for ettertanke.

Tankefulle tonar

salme. Med salmesong går kyrkjelyden inn i adventstida. Marius Thoresen frå Griegakademiet er forsongar.
Begge foto:Ppaul Sigve Amundsen



Kontrasten frå den enkle førjulsmessa i St. Jakobs kyrkje til førjulstravle bygater er stor. Folk hastar mellom butikkane og julegrana duvar i novembervinden. Lysa frå butikkvindauga skin som Bethlehemsstjerna og viser veg til kassa-apparata.
Morten Lystrup og Anne Beate Tjentland er prestar for studentane i Bergen. Om dei klarer å vere ei motvekt til det kommersielle i førjulstida vert dei glade. Kjøpepresset frå butikkane er sterkt, og kommersialiseringa av jula byrja for lenge sidan.

Nattverd. Studentprest Anne Beate Tjentland deler ut Jesu legeme under kveldsmessa i St. Jacobs kyrkje.

– Det kommersielle klisteret er overalt, vi vil vise at førjulstida er noko anna enn handelsstanden sin kjøpefest, seier Lystrup.
For mange er ikkje jula ei glad tid. I jula vert sorgen, saknet og einsemda meir tydeleg enn ellers i året. Denne årstida skal jo per definisjon vere ei glad tid. Difor skubber vi unna det triste og leie, det vi ikkje vil sjå. Så skjer ein tragedie. Eit menneske vert borte og etterlet seg ein stol ved festbordet. Ein tom stol ved eit julepynta bord er tommare enn det den ellers ville vore. Menneske som er aleine vert meir aleine når alle andre gir seg over til dei velsigningane familielivet gir.
– Jula misser ikkje innhaldet om ein ikkje er glad. Det er lov å vere trist, sorga skal ein ha lov til å vise, også i jula. Feiringa av det som skjedde i Bethlehem misser ikkje innhaldet sjølv om ein ikkje er glad, seier Tjentland. Men jula er ei tid som dei fleste ser fram til med glede og for dei som er aleine eller i sorg vert det naturleg ekstra hardt i jula.
– Om vi klarer å formidle lys og håp i mørketida har vi klart noko viktig, seier Lystrup.
I St. Jakobs kyrkje tenner dei lys for håp og fred. Små lys med sterk flamme.

Vigleik Røkke Mathisen
vigleik@mailcity.com
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen. Ansvarleg redaktør: Ingvild Rugland. Webansvarleg: Arne Beek. Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999