radio
Radio Gaga
Viss du ikkje vil koma til radioen, så kjem radioen
til deg
|
 |
Vinylgutane.
DJ Truls Puls og DJ Nuteq snurrer plater mellom innslaga.
|
Har vi ingen leidning vi kan låne?
Eg veita faen eg!
Det er fredag og me er på Kvarteret, rettare sagt i Speilsalen.
Det sprakar og knitrar iltert frå eit par kraftige høgtalarar.
Dei står strategisk plassert på kvar si side av rommet
og akkurat no fyller dei det med ulyd. Teknikar og produsent er
ikkje heilt dus med leidningane, miksepulten og all teknikken
som omgjer dei. Det er ein halvtime til sendestart og mykje som
skal ordnast. Det er ikkje bare bare å lage radio på
café.
Studentradioen i Bergen har teke radiokonseptet eit steg vidare.
Det er ikkje lenger nok for dei å bare vera høyrbare,
no vil dei vera sjåbare óg, difor okkuperer dei speilsalen
ein gong i månaden og arrangerer radiocafè. Vanlegvis
skjer det bare den fyrste fredagen i månaden, men sidan
det denne helga er by:Larm òg titusen ting som skjer så
trengst to dagar, fredag og laurdag. Fyrste gong dei arrangerte
radiocafè var under FeBer-festivalen i fjor haust, då
var det meir som eit eksperiment, men sidan det viste seg å
vera vellukka, så har det no blitt fast post på programmet.
Folk liker å sjå radio.
 |
Unplugged: Mange band var innom studentradioen og gjorde
akustiske versjonar av låtmaterialet sitt i løpet av helga.
Her er bandet «Seven» i aksjon.
|
Stressnivået aukar jo nærare ein kjem sendestart.
Men produsent Tine Rude verkar å ha vore ute ein og annan
radiokveld før. Ho vandrar fram og tilbake i lokalet og
gir beskjedar og tenner stearinlys og svarer på spørsmål
frå folk som lurar på kva som foregår. Ho har
ein base ved eit bord der ho har lagt sine tre eigedelar for kvelden;
ein mobiltelefon, ein halvliter Cola og ein pakke Ifa pastillar,
av den sorten han opera songaren brukte på 20-talet. Av
og til stiller ho seg opp ved bordet sitt og tek eit overblikk
og ein slurk Cola før ho går ein ny runde.
Radioens to eigne hus-DJar har rigga seg til med kvar sine
to platespelarar. Dei har kvar sin koffert med vinylplater, som
dei skal presentera utdrag frå i løpet av dei to
timane sendinga varer. DJ Truls Puls har ei grå Metallica
t-skjorte på seg, i tillegg til ei lue. Når eg spør
han kva musikk han speler, tenker han seg litt om før han
svarer at han speler alt frå atmos-færisk til ikkje-atmosfærisk
musikk. Eg forstår ikkje heilt kva han meiner, men eg har
aldri høyrt om dei kategoriane i samband med Metallica
iallefall. Eg tenkjer at den t-skjorta er nok litt ironisk meint.
 |
Koordinasjon.
Produsent Tine Rude har fleire ting enn vanleg å
ordne med når sendinga går frå speilsalen.
Men det ordnar seg etterkvart.
|
Programleiarane kjem. Alt er gjort klart til dei, bordet er dekka
og terningane kasta. Dei set seg ved programleiarbordet og byrjar
å bla i papir og drikka cola. Stian Skytterholm er ein av
dei to, han har aldri gjort dette før og innrømmer
at han er litt nervøs. Yngve Brynjulfsen har vore med ein
gong tidlegare, men innrømmer at denne måten å
laga radio på er ekstra krevjande.
Eg har forberedt meg ei veke på dette, ei vanleg
sending frå studio krev eit par-tre timar med forarbeid,
så dette er ganske spesielt ja. Ein merkar somarfuglane
i magen, fortel han.
Så vert klokka seks. Det er klart for sending, alle må
slå av mobiltelefonane og høyra etter på introen.
Stian og Yngve ynskjer lyttarar og publikum velkomne. Dei høyres
litt kortpusta og hektiske ut, og lyden er låg. Teknikaren
skrur litt opp, men då feedar det i høgtalarane.
Gutane får melding av Tine om å gå nærare
mikrofonane. Då vert det betre.
Sidan det er by:Larm og 140 band i byen så er det vel på
sin plass at nokre av dei får litt air-time. Bandet «Seven»
er fyrst ut. Dei har vore a-lista på Petre med sangen «Bite»
og har visse ambisjonar om popstjerne tilvære. No skal dei
spele akustiske versjonar av eit par songar. Etter at dei har
fått stemt gitaren, så drar dei «Play»
og «Honey» frå eige repertoar. Det høyres
ikkje så veldig overtyande ut, men dei forsikrar at dei
er mykje betre elektronisk. Me får stola på det.
I kva by vart by:Larm arrangert i fjor? Spør Yngve.
Alle radioprogram med respekt for seg sjølv må ha
ein eller annan form for konkurranse. Det er radiomediets eldste
triks for å halda på lyttarens merksemd, etter det
å spele songar sjølvsagt. Radiocafeen byr også
på konkurranse, der premien er gratis inngang på kveldens
konsertar på Hulen og eit eksemplar av den ferske Killing
Zoe plata. Det verker som dei fleste veit svaret. Dei som ikkje
visste det veit det iallefall når Stian seinare refererer
til fjorårets by:Larm arrangement i Stavanger i ein samtale
med eit band. Men det er no så.
Folk kjem og går. Det er til eikvar tid folk rundt alle
borda. Dei fleste har skaffa seg ei pils. Av og til vert me forstyrra
av noko som høyres og kjennest ut som kraftige jordskjelv.
Det er ikkje jordskjelv, men lyden av trash metal bandet «Cheese
cake truck» som bruker mykje stortromme rett under oss,
i Teglverket. Tine Rude forsikrar om at bråket ikkje kan
høyrast på lufta, så det er ikkje så
farleg.
Neste band på scenen heiter «Ping». Programleiar
Yngve meiner musikken deira er rar, og bandet stiller seg ikkje
heilt uforståande til den beskrivelsen. Ein ganske rar ting
dei plar gjera er å trekka lodd om kva instrument dei skal
bruka på dei ulike songane, i tillegg så har dei eit
prinsipp om at dei aldri skal bruka meir enn ein dag på
kvar låt. Det har noko med spontanitet og energi å
gjera, blir me fortalt. Me får høyra ein sang dei
har spelt inn, og det er ikkje vanskeleg å vera einig i
karakteritikken «rar». Stort lenger unna platekontrakt
går det vel ikkje an å koma, tenker eg når dei
usamanhengande tonane renn ut av høgtalarane. Bandet sjølv
legg ikkje skjul på at dei har små sjangsar i det
komersielle rotteracet. Dei tvilar på om dei i det heile
tatt har eit publikum, men dei liker å spele, og dei synst
at by:Larm er gøy og liker at dei får gratis øl.
Dei er morosame og lite sjølvhøgtidelege. Det liker
folka i salen.
Studentradioen sender bare frå klokka 17 til klokka 20
kvar dag, så er det eigentleg nokon som får med seg
sendingane? Tine Rude forteller litt om studentradioens posisjon
i radio-Bergen.
Det er vanskeleg å samanlikne vår lytteroppslutning
med andre radio kanalar fordi me sender ikkje så mykje som
dei. Men me kan samanlikne oss med andre program, og i forhold
til eksempelvis Kaliber på Petre så gjer me det bra.
Dei ligg på rundt 2 til 3 prosent oppslutning, mens me har
cirka 2 prosent. Det viser at me er på nivå med Petre
i bergenstraktene.
2 prosent oppslutning høyrest kanskje ikkje så voldsomt
mykje ut, men ein må ta med i betraktningen at då
er alle personar i bergenstraktene som har radiotilgang inkludert.
Det vert rundt 200 000 mennesker det. 2 prosent vert jo litt.
Og med ny logo og heftig markedsføring satsar studentradioen
på å rekke endå fleire. Det er mange som ikkje
er klar over at det finst eit studenttilbod på den fronten,
og det inntrykket må rettast opp, meiner Tine.
Så er det duka for litt større navn på scenen.
Fyrst tek Erlend frå «Kings of Convenience»
ei låt som han ikkje får spelt når dei er duo.
Det høyrest sympatisk ut. Så kjem spelemannsprisvinnarane
«Palace of Pleasure» på scena. I motsetjing
til mange av dei andre litt mindre medierutinerte banda er Palace
karane ivrige og snakkesalige. Dei fortel om dei to spelemannsprisane
dei har vunne, om den fyrste som dei lodda ut under ein konsert
etterpå, og den andre som dei vurderer å selje. Han
er verdt sine 3000 kroner i bronse fortel dei, og sidan han ikkje
ser spesielt godt ut, er det ingen som vil ha han på peishylla,
eller ei anna hylle.
Klokka 20 er sendinga over. Eit tettpakka by:Larm program har
kome til ein ende. Yngve, Stian, Tine og dei andre studentradiomenneska
pustar ut. Det var kjekt, men det var kjekt å vere ferdig
og. Neste månad er det ein ny dag med live sending. Tune
in eller show up.
Tekst: Geir Zahl
Geir.Zahl@student.uib.no
Foto: Henning Mohaupt
|