 |
Lars Lauvik.
Ein sjuk satan frå Sotra.
Foto: Magnhild Glende
|
Sidan den spede starten for fem år sidan har festivalen
arbeidd seg opp til å verte den største teikneseriehappeningen
i landet. Blant dei som skal delta finn vi det unge talentet
Lars Lauvik. Då han vann Bergens Tidende sin teikneseriekonkurranse
i 1996, hadde han alt laga teikneseriar i mange år.
Han hadde tretti sider klare, og ein tur til Oslo gjorde at
han fekk kontakt med forlag og redaktørar. Med seriane
Wildlife og Eon er Lars Lauvik ein eksponent for «the
new breed» av norske serieskaparar.
Skjer
|
|
Grieghallen
«Raptusfestivalen»
8. - 10. september
|
Dei vanskelege ideane
Lars bor på Sotra. Her ute sit han og arbeider mange,
mange timar om dagen med seriane sine. Men han må framleis
jobbe to dagar i veka på den lokale bensinstasjonen
for å kunne livnære seg, og tek også mange
frilansoppdrag.
Ein må ta det ein får. Men eg har ei fast
inntekt gjennom Wildlife. I det siste har folk dessutan byrja
å vende seg til meg, utan at eg må jobbe for det
på det viset eg måtte tidlegare. Men det er framleis
ein krevjande jobb. Eg brukar enormt mykje tid på dette,
og det er ikkje alltid like lett å hente fram idear.
Er det verkeleg ille, går eg ein lang tur med bikkja.
Men det er slik at når det først kjem noko, kjem
det gjerne mykje på ein gang, ofte rett før ein
sovnar.
Den avsluttande ein-sidaren som Lars lagar er sjeldan i teikneserieverda.
Han legg stor vekt på teikningane, noko hans nitide
framstillingar av meir eller mindre kjende dyreartar ber preg
av.
Dei detaljerte teikningane har vel vorte varemerket
mitt. Eg likar ikkje amerikanske samlebandseriar, tre ruter
med eit poeng i den siste. Femti prosent av Wildlife-episodane
kunne du nok ha kokt ned til ei stripe, men eg likar å
teikne. Eg likar å tru at eg har funne meg ei nisje
litt utanom det vanlege, sjølv om eg har fått
kritikk for at Wildlife er litt for lik Bloom County.
Jentene kjem etter
Blant dei norske serieskaparane er det oppsikts-vekkande
mange jenter. InkaLill er mest for ein veteran å rekne,
medan Karine Haaland og Lise er blant dei som har etablert
seg dei siste åra.
Det er kjempekult at jenter lagar teikneseriar, særleg
av di det har vore ein typisk guteting. Det er ikkje mange
år sidan det ikkje var ei einaste jente her til lands
som dreiv med teikneseriar. Kanskje teikneseriar av jenter
appellerer meir til jenter. Då når teikneseriar
ut til fleire folk.
I helga er det Raptusfestival att, og der skal Lars sjølvsagt
vere med.
Raptusfestivalen er veldig viktig. Her finn ein noko
for alle, frå dei yngste smårollingane til dei
eldre entusiastane. Samstundes er Raptus ein sjanse for serieskaparane
til å få respons frå folk, og for potensielle
unge teiknarane til å presentere seg sjølve.
Folk har vorte oppdaga her før. Dessutan er Raptus
den einaste samlinga for teikneserieskaparar og publikum vi
har i Norge.
Lars likar det han driv med, men smiler breidt til spørsmålet
om kor vidt han ser på seg sjølv som ein kunstnar.
Nei! Kunstnarar går med rare hattar og drikk
raudvin. Eg ser på meg sjølv meir som ein sjuk
satan. Neida, eg er berre heldig. Men kunstnar, nei det er
eg ikkje.
– Teikneserien har slutta å utvikle seg
Det norske teikneseriemiljøet har hatt
ein enorm oppsving dei siste åra. Men meiningane er
delte når det gjeld spørsmålet om kor mykje
fenomenet teikneseriar har å seie i dag.
Til helga kjem tusenvis av teikneserientusiastar til å
innta Grieghallen. For mange av desse er teikneseriar ein
viktig del av livet. Det er dei også for stipendiat
Amund Børdahl ved UiB, om ikkje nett på same
måten. Han meiner at teikneserien har ei strålande
fortid bak seg, og ei i beste fall uviss framtid.
Teikneserien si stordomstid er over. Fenomenet finnest
framleis, men er ikkje lenger like viktig kulturelt sett.
Om lag på same vis som blues er teikneserien ei uttrykksform
som har kulminert. Den har slutta å utvikle seg. Dette
tyder ikkje at teikneseriar ikkje er viktige for lesarane,
men publikum har vorte differensiert. Børdahl samanliknar
entusiastane med jazz- og bluespublikumet.
Teikneseriar er eit massekulturelt fenomen og eit marginalt
fenomen. På den eine sida har ein ein lesarmajoritet
som består av barn, unge og menn (og kvinner, sjølvsagt).
På den andre sida finn ein dei som har eit sofistikert
og historisk forhold til teikneseriar: vaksne gutar. Dette
er ei gruppe som sosiologisk sett svarar til jazz- og bluespublikumet.
Dei les dei seriane alle les, men også nokre som berre
dei les. Ein kan tale om ein marginal elitekultur.
Teikneserien har alltid vore gjenstand for spørsmål
kring høg og låg kultur. Er teikneseriar kunst?
Ja og nei. Personleg meiner eg at toppytingane, dei
beste seriane, er på nivå med toppkunst frå
det tjuande århundre overhovud. Det gjeld til dømes
Carl Barks i perioden kring 1950 og Hergé sitt verk.
Dette er millionsuksessar. Det beste treff dei fleste, eller
i alle høve svært mange. Sagt på ein annan
måte: det beste hevar seg over skiljet mellom høgt
og lågt.
Som ein kommentar til Raptusfestivalen seier Børdahl
Ein teikneseriefestival i år 2000 er i en viss
forstand eit forsinka fenomen. At nordmenn for tida les mange
teikneseriar kjem likevel ikkje som ei overrasking. Nordmenn
har eit høgt forbruk av alt mogleg: ISDN, romanar,
pizza grandiosa og dopapir.
Bjarte Brandal
bjartebrandal@hotmail.com