onsdag 20. september, nr 20 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

Julegåve i november

Julegåva frå NSU i år er gratis kladdebøker. I november skal dei delast ut på dei fleste lærestadene i Bergen.
– Men treng vi meir søppel? undrar hovudfagstudenten Elna Føleide Selle.

Etter planen skal det delast ut slike kladdebøker både på Universitetet, NHH, Arkitektskolen og på Kunsthøyskolen.
– Det finnast allereie for mykje papir på lærestadene. Ein organisasjon som NSU burde heller setje inn kreftene på tiltak som er viktigare for studentane sin økonomi enn kladdebøker, meiner Føreide Selle.
– Å arbeide for stipendordningar ein kan leve med, er betre bruk av NSU si tid enn å dele ut kladdebøker. Dette er jo langt i frå den største utgiftsposten vi har, seier hovudfagsstudenten.

Med reklame
Om NSU får det som dei vil, skal det kvart semester delast ut kladdebøker ved alle lærestadene i Noreg. For å få råd til dette må NSU få pengar utanfrå gjennom sponsing og reklamespots i kladdebøkene.
Dette er ikkje eit problem, meiner NSU-leiar Ine Saxvik.
– Vi diskuterer stadig sponsing i organisasjonen, fyrst og fremst for å vete kva retningslinjer vi skal ha, seier ho.
Videre meiner Saxvik det er viktig å ha eit øyre til kva studentane meiner.
– Om studentane meiner det er galt å satse på sponsing, sluttar vi sjølvsagt med det, seier ho.

Søppel
Eit problem er å vete kor mange studentar som er interesserte i kladdebøker. Til dømes skal det på Universitetet delast ut 17.000 kladdebøker kvart semester. Difor er det nødvendig med ein gjennomtenkt distribusjons og returordning for at desse ikkje skal ende opp som søppel.
Leiar i Bergen-NSU, Magnus Jensen, er klar over problemet.
– Det siste vi vil gjere er å forsøple. Difor vil vi sørge for å ha ei skikkeleg ordning for returbøker, slik at desse ikkje vert liggjande og flyte, seier Jensen.
Dermed er det berre å vente på NSU-julenissen, som kjem tidleg i år.

Vigleik Røkke Mathisen
vigleik@mailcity.com

Kladdebokkontrovers

NSU-sentralt i Oslo er på fullstendig kollisjonskurs med lokallaget i Tromsø. Deira syn på reklamefinansiering har skapt opprørsstemning i ishavsbyen.

Då avtalen med sponsing og reklamespots i kladdebøker vart gjort kjend, gjorde Tromsø-NSU det klart at dette var noko dei ikkje ville vere ein del av. Dei er prinsippmotstandarar av reklame.
Likevel gjekk NSU-sentralt vidare med forhandlingane.
– Dette er total overkøyring og overstyring av lokallaget meiner Torbjørn Nygaard, landsstyrerepresentant frå Tromsø-NSU.
Leiinga i NSU er derimot opptekne av å skape ro rundt saka og lite interesserte i diskusjon.
– Landsstyret har godkjent avtala. Vi forheld oss til det, seier leiar i NSU Ine Saxvik til Studvest.
Retningslinjer for framtidige økonomiske avtalar vil bli drøfta på NSU sitt landsstyre om ei veke.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000