onsdag 20. september, nr 20 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

tema

Cecilies 2 liv

Cecilie Kilvær Eilertsen smiler med diskret leppestift. – Du må framstille meg som seriøs. Det har alltid vore mitt store problem, at eg ikkje blir oppfatta som seriøs.


TEKST: Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
FOTO: margrete aadnanes

 

– Mormora mi har tretten barnebarn og ti av dei er jenter, unge, blonde, vakre jenter som går under namnet Kilvær-jentene. Blondinefamilien. Ingen av oss slepp unna det stempelet heime i Svolvær.
I eit tomt rom i det tomme Lysverk-bygget tek Cecilie Kilvær Eilertsen ein pust i bakken. Laurdag opnar Haustutstillinga, det årlege orgasmebrølet i norsk samtidskunst, i desse lokala. Kring sytti kunstnarar skal vise kva FrP-arane sine skattepengar går til. Cecilie deltek med ein video som var avgangsarbeidet hennar då ho gjekk ut frå Kunstakademiet i vår. Men å kopiere ein Brigitte Bardot-film med seg sjølv i hovudrolla, er vel ikkje eit ultratydeleg teikn på seriøsitet? Eller?
– De vil kanskje sjå videoen før vi snakkar?
Cecilie finn fram videokameraet sitt, trykkar på knappar og myser på den vesle skjermen. Videoen er ganske lang, ti minutt omtrent. Han inneheld klipp frå filmen «A very private affair» frå 1961, med Brigitte Bardot i hovudrolla. Cecilie har kopiert scener frå filmen med seg sjølv og kusinene sine som Brigitte.
– Det eg har prøvd, er å vise korleis ein drøymer seg vekk når ein er oppvaksen i ein liten småby. Ein lengtar etter noko meir glamorøst. Ting er så jordnært i Svolvær. Eg likte Dallas og Dynastiet og fine damer. Ein blir tiltrekt av overfladiske ting. Eg har lyst til å bruke det i kunsten, noko fengjande og flott som trollbind folk. Men kanskje ikkje alle blir like fascinerte av Vogue som eg blir... Eg hugsar eg skamma meg tidlegare, over at eg likte sånt. Men eg trur det er viktig å analysere kvifor ein likar og ikkje likar ting.
Ein kjenner lusa på gangen. Cecilie er avslørt allereie før fotografen har knipsa det første biletet. Ho er blitt fotografert før.
– Ja, eg har jobba ein del som modell medan eg studerte. Eg var med på ein Bohus-kampanje her for nokre år sidan. «Bohus skaper hjemmekos». Det var plakatar av meg overalt der eg og ein gut sat i ein sofa og var forelska og bladde i Bohus-katalogen.
Det er eit viktig poeng for henne å forstå verkemidla i reklamen slik at ho kan bruke det i kunsten. Ho laga utstilling på Fincken der dei over-hetero Bohus-plakatane fekk skape heimekos for dei skeive ein heil månad medan kampanjen gjekk. Og responsen var berre god.
Ideen til videoen fekk ho ein gong ho oppdaga at ho ikkje var heilt ulik Brigitte.
– Rollefiguren til BB var nok provoserande den gongen, men i dag verkar det berre tåpeleg. Den måten ho heile tida seier «leave me alone»... Ho er litt sytete. Ho skal liksom vere så skjør. Og det er eit veldig klart skille mellom kjønna, mannen er den dominerande. Eg tykkjer det er litt humor. Alt er så tydeleg, det er ingen snikande manipulasjonar, slik som i dagens Hollywood-filmar der du blir lurt til å tru på all mogleg drit.
Cecilie har fått eit eige rom til videoen sin. Der held ho på å rigge til ein liten bygdekino, som skal understreke småby-utgangspunktet. Ho har gitt golvet ein omgang med svartmåling, og taket skal også få gjennomgå.
– Alt, tak og veggar og golv, skal vere svart, forklarar ho og peikar på svarte tøystykke som skal hengast opp på veggane.
– Så har eg fått fatt i nokre gamle kinostolar frå Forum Kino. På ein eller annan måte må eg få ned desse taklampene... Eg fekk nett beskjed om at Dronninga kjem til opninga. Då fekk eg litt angst, eg tenkte «hjelp, eg må lage det enno finare».
Ein kunstnarkollega stikk nasen inn for å sjå korleis det går. Ho fingrar med tøystykka.
– Har du kjøpt det på IKEA? vil ho vite.
– Nei. Eg trudde IKEA var det billegaste, men det er jo kjempedyrt! Desse kjøpte eg på ei innvandrarforretning i Oslo, på Grønland. Det er mange av desse innvandrarsjappene som sel tøy, og du kan få det veldig billeg.
– Skal du stille ut på Vestlandsutstillinga? spør kollegaen.
– Nei. Eg har ikkje søkt. Skal du?
– Eg er komen til andre vurdering, og eg ligg godt an der. Vi får sjå.
– Eg skal prøve på nordnorsken, seier Cecilie, det same som Vestlandsutstillinga, berre i Nord-Norge.
Ein kunstnar må nemleg også sende ut søknader og CV-ar med jamne mellomrom. Det held ikkje å putte yrkestittelen i telefonkatalogen.
Ho har slått leir på eit teppe midt på det svarte golvet. Der ligg overlevingsutstyret hennar: lommebok (fake rosa slangeskinn), skrutrekkar, sminkeveske (rosa), stiftemaskin, ei flaske Solo Pluss og ein videobag (svart, med Braathens-merkelapp).
– Eg elskar rosa dill og dall, forsikrar ho, og vi trur henne.
– I Tunisia kjøpte eg eit sminkeskrin som ser ut som ein karusell der du kan vri på ein dings og så spring det små hestar rundt med augeskuggen og skrinet opnar seg og det kjem pudder ut og inn og sånt.
Ho hentar videokameraet att, fiklar litt med det («ein blir litt maskulin av å vere kunstnar, ein må sette seg inn i så mange tekniske ting») og spelar ein liten filmbit med sminkeskrinet i hovudrolla. Det ser litt ut som bløtkakene i Donald, med masse rosa og kvit garnering og glasur på.
– Her i loket ligg det neglelakk og kajal, forklarer ho og peikar. Dei små hestane spring rundt og rundt langs utsida.
– Det kosta masse pengar, og eg gjekk forbi kvar dag og lurte på å kjøpe det, men til slutt måtte eg berre ha det.
Cecilie har blondt hår som fell i dei kaskadane vi kjenner frå Stjerneroman-heltinnene. Ho har sett ei hårklype i det, det ser lekkert, men ikkje så hensiktsmessig ut. Kleda er nok arbeidsklede, det skal jo målast. Ho verkar frykteleg, forferdeleg ung. Som noko ein må vere litt forsiktig med, slik som glasboblene som heng og er dekorative ute i inngangspartiet.
– Det var noko med ein missekonkurranse...?
– Åja, det. Det må no vere ti år sidan. Du skjønar, mamma hadde kontaktar hos dei som arrangerte dette her, eg hugsar ikkje kva det var, Miss Universe eller noko. Og dei trengte jenter frå Nord-Norge. Så eg fekk to gratis veker på Plaza, sånn ser eg på det. Men det som er morosamt, er at eg hadde jobba på bensinstasjon heile sommaren. Og det var litt kjedeleg, så for å få tida til å gå, dreiv eg og eksperimenterte med ulike måtar å servere pølse på. Det eg likte best, var pølse i brød – med smør. Eg var skikkeleg lubben då eg kom til Oslo for å vere med på missekonkurranse. Det var ei artig erfaring, men ikkje det første eg seier til folk. Eg ser på det som ein del av forskinga mi på kvinnerolla.
Det meste av arbeidet hennar handlar om dette kvinneidealet som ho er tiltrekt av, men samstundes kjenner seg tvinga inn i. Den stereotype kvinna som skal vere både flink og søt.
– Eg har nok eit snev av «flink pike»-syndrom. Medan eg studerte, jobba eg kvar helg som bartender og sparte pengar til datamaskin og redigeringsprogram og slikt. Eg blei veldig effektiv, men sliten også. Og når ein skal vere kreativ, må ein ha overskudd. I alle fall må eg det.
Ho avbryt seg sjølv og spør:
– Blir det rotete?
Nei rotete. Det er berre så vanskeleg å få med seg alt. Det tek litt tid.
– Har du ikkje minidisk-spelar? Det har eg kjøpt. Eg har planlagt lenge at eg skal legge han i veska og så gløyme veska under bordet når eg går. Og komme og hente henne seinare. Det må vere utruleg spennande å høyre kva folk seier etter at eg er gått. Har du aldri lyst til å vite kva folk seier om deg når du ikkje er der?
– Jo. Men eg tenkjer at det er sikkert best å ikkje vite.
– Kanskje. Men det kan vere du burde gjere noko slikt. Møte frykta, veit du.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000