
Krev munnkorg
Velferdsstyret er lei av at enkeltpersonar i Student-skipnaden
(SiB) uttaler seg om politiske saker til pressa. No vil dei forby
dei tilsette å snakka med mediene.
 |
KONTROLL. Leiar i velferdstinget Arild Helgøy
vil ha full kontroll over dei tilsette i SiB.
Foto: MARGRETE AADANES
|
Dersom SiB skal framstå med tyngde og gjennomslagkraft
er vi nøydd til å sameina uttalingane våre.
Dette er den einaste måten vi kan påverka politikken
på, seier leiar i velferdsstyret Arild Helgøy.
SiB er studentane sin eigen velferdsorganisasjon. Det er SiB som
mottek semesteravgifta.
Vinglete om bustader
Helgøy meiner at SiB lenge har hatt problem med å
stå fram med ei meining i ulike enkeltsaker, men at dette
har vorte særleg tydeleg den siste tida.
Vi har særleg hatt vanskar når det gjeld det
som har med bustader å gjera. Medarbeidarar i SiB har uttalt
seg om desse problema i Studvest, seier Helgøy.
Til dømes uttalte ein medarbeidar i SiB at studentane i
Bergen var kresne fordi dei ikkje vil bu på Fantoft (Studvest
nr. 18).
Helgøy presiserer at dei tilsette har lov til å uttala
seg i reint praktiske spørsmål, men altså ikkje
koma med meiningsytringar. Han understreker at han ikkje ønskjer
å kritisera dei SiB tilsette.
Eg er overtydd om at medarbeidarane har handla i beste
meining, og ikkje har meint å gjera noko gale. Dessutan
er dei SiB-tilsette sjølv representerte i styret, og såleis
er dei med på å bestemme korleis dei skal forholda
seg til pressa, seier han.
Gammalt vedtak
Velferdsstyret og SiB treng ikkje å laga nye reglar
for å ordna opp. Vedtektene i SiB seier klårt at all
informasjon til pressa skal gå gjennom administrerande direktør
og styreleiar.
Det vi manglar er rutinar på korleis vi skal greie
å overhalda
reglane våre. Vi må klargjera kor grensa går
mellom det å vera praktisk og politisk, seier Helgøy.
Onsdag for to veker sidan vedtok eit samrøysta velferdsting
å kalla inn SiB-direktøren til eit møte der
dei skal sjå nærare på problema.
Kristin Jansen
Kristin.jansen@student.uib.no
|