onsdag 27. september, nr 21 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

Hovudfagsoppgåver på Internett

Fredag starter Universitetet sitt første kurs der ein lærer å publisere hovudfagoppgåvene sine på nettet.

– Det er viktig at Bergens-studentane får vise kva dei driv med, seier leier for kursa, Gaëlle Bozec.På kurset lærer studentane å skrive hovudfagsoppgåvene sine
etter ein mal som gjer det enkelt å legge dei ut på internett.
Kurset er gratis.
– Ein lærer seg malen på tre timar. Seinare vil det bli oppfølging for dei som ynskjer det. Nettpubliseringen ordner vi, seier ho.

Ikkje mogelegheiter for juks
Det er avdeling for forskningsdokumentasjon ved Universitetsbibli-oteket som halder kurset for hovudfagstudentar ved SV og HF. Om prosjektet vert vellukka vil tilbodet etter kvart bli for alle studentane ved UiB.
Oppgåvene vil ligge under Universitetet og biblioteket sine heimesider.
– Dei vil bli lagt ut slik at det vil vere vanskeleg å skrive dei ut. Det er alltid ein viss sjanse for at opp-gåver blir kopiert, anten dei er
publisert på biblioteket eller på Internett, seier Bozec.
Men oppgåvene vil sjølvsagt òg vere å finne på biblioteket. Men no vert det enklare å lese desse heime.

Fortener betre
– Slik det er i dag, er det for dårlege lagringsmogelegheiter for hovudoppgåver. Studentane fortener betre publisering etter alt det arbeidet som ligg bak, seier Bozec, som er ansvarleg for digitalisering av eldre materiale ved universitetsbibliotet.
Kvart år vert det skrive rundt 600 oppgåver ved UiB.
– Vi er trass alt i år 2000 no. Det vert stillt krav til betre tilgang på informasjon. Draumen er at eit stort antall slike oppgåver leggast ut på nettet, seier Bozec entusiastisk.
– Det kan vere nyttig både for forskning og studentane at folk over heile verda kan få innblikk i det studentane i Bergen driv med, meiner ho.

Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000