
Ex.phil-laboratoriet
Stemninga i klasserommet er oppglødd. Studentane sit
i grupper og diskuterer pensum.
Kva er rasjonalitet? spør lærar Vigdis Hølen.

Engasjement. Forelesar Vigdis Hølen(til
høgre) engasjerer seg i Maria Therese Fanghol.
Foto: Åsta Ytre
Studvest skreiv i vår om prøveprosjektet på
ex.phil og forprøvane. Forsøksprosjektet har som
formål å betre studiekvaliteten for fyrstegongsstudentane.
No har studentane som byrja i august lest i mest fire veker om
Sokrates, Kant og alle dei andre frå «Sofies Verden».
Det er jo litt som å vere attende på skule
då, seier ex.philstudenten Sigrid Archer.
Og undervisningsforma har eit klart skulepreg, frå tavla
som varslar om ei kommande prøve, til det at det vert ført
fråvær, og ikkje minst at Vigdis Hølen kan
namna på alle studentane i seminargruppa.
Men eg likar det veldig godt slik. Eg føler eg lærer
veldig mykje av dette opplegget. Særlig er Vigdis kjempeflink
til å lære frå seg, seier Sigrid.
Engasjementet i diskusjonane rundt Sartre og Kirkegaard er livleg.
Studentane snakkar litt i munnen på kvarandre. Atmosfæra
er som i ein småentusiastisk skuleklasse. Det vert kviskra
i krokane og litt flørting er det òg tid til.
Undervisningsforma er basert på personleg engasjement i
eit heilt anna omfang enn det som ellers er vanleg på universitetet.
Vi krever meir frå studentane enn det som har vore
vanleg på ex.phil, seier universitetslektor Ivar Nordmo,
ved Program for læringsforsking.
Men skal studentane forplikte seg, må UiB vere forberedt
på å gjere det same meiner Nordmo.
Han seier det er problematisk at ein student kan melde seg opp
til eksamen 15. september, og ikkje høyre noko frå
UiB før eksamensdagen.
Studentane stiller mykje høgare krav til studiekvalitet
no enn tidlegare. Det er få av dagens studentar som synes
det er gunstig å jobbe aleine, seier universitetslektoren.
Blir prøveprosjektet ein suksess, er det mogleg
at denne undervisningsforma òg vert nytta på fag
som historie eller psykologi, seier Nordmo.
Ex.phil og forprøvane skal ha evaluering i neste veke.
Vigleik Røkke Mathisen
vigleik@mailcity.com
Nye ex. phil:
|
|
I haust
starta eit nytt prøveprosjekt på ex.phil og
metode for studentar på mat.nat og jus. Opplegget
krev meir av studentane enn tidlegare:
Obligatorisk oppmøte. Deltek du ikkje på seks
av åtte semi- nar, er det jamngodt med stryk.
Semesteret er lenger, og du må forbereide deg
på å slutte næ- rare jul enn dei som tek
vanleg ex.phil.
Obligatorisk å skrive oppgåver. Du må
levere inn tre slike på 1500 ord kvar. Oppfyll du
ik- kje dette kravet stryk du.
Munnleg aktivitet i seminar gruppene er påkrevd.
Til
no har dette frista omlag 60 prosent av dei fyrstegongsstuderande
på mat.nat og jus.
|
|