onsdag 4. oktober, nr 22 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

kultur

Jazzutdanning i Bergen?

Bergensjazzen slit med rekrutteringa av nye musikarar. No vil miljøet ha eit betre utdanningstilbod.
– Griegakademiet har for liten fokus på improvisasjon og konsertar, hevdar Bergmund Waal Skaslien.

JAAAAAZZZZ!
Bergmund Waal Skaslien vil ha jazzundervisning i Bergen. Foto: ANDERS VALDe

Waal Skaslien har bakgrunn frå den klassiske utdanninga både ved Konservatoriet i Trondheim og ved Griegakademiet. No arbeider han ved Bergen Jazzforum og Vestnorsk Jazzsenter med eit prosjekt som har som mål å legge forholda til rette for nyskapande jazz. Han etterlyser ei meir allsidig musikkutdanning i Bergen.
– Musikkutviklinga dei siste fem-seks åra har gjort at behovet for musikarar som beherskar fleire sjangrar har auka. Griegakademiet gjer ein kjempejobb på sitt felt, men ein treng musikarar som kan møte dei utfordringane som ligg i at blanda musikkformer vert meir og meir vanlege.
Waal Skaslien viser til framveksten av nye, gode jazzmusikarar frå jazzlinja ved Konservatoriet i Trondheim, og trur at eit breiare tilbod ville ha hjulpe på dagens situasjon i Bergen.

– God allmennutdanning
Frode Thorsen er instituttstyrar på Griegakademiet og leiar for Nasjonalt råd for utøvande musikkutdanning. Han trur ikkje at situasjonen for jazz i Bergen utan vidare kan førast attende til eit manglande studietilbod.
– Institutt for musikk ved Griegakademiet har fram til no berre gitt utdanning innan den klassiske genre. Vi veit gjennom ei rekke døme at denne utdanninga har gjeve mange ei fagleg plattform som også har gjeve dei moglegheit for å arbeide innan andre sjangrar. Ein kan sjå på klassisk utdanning som ei allmennutdanning for musikarar. Det viser seg også at stadig fleire musikarar i løpet av si karriere lærer seg å beherske flere sjangrar.
Thorsen nemner nettopp Bergmund Waal Skaslien som eit døme på ein moderne musikar som har bakgrunn i klassisk utdanning men har utvikla seg innan andre sjangrar. Han meiner elles at ei rein jazzlinje ved Griegakademiet kan virke mot si hensikt.
– Ei sjangerspesifikk jazzlinje vil kunne verte konserverande i staden for progressiv. Dette trur eg heller ikkje at jazzmiljøet ynskjer, seier Thorsen.
Waal Skaslien er samd i at Griegakademiet gjev ei god grunnutdanning, men peikar på at dei studentane som har utmerka seg innan andre sjangrar enn klassisk ikkje har tileigna seg desse ferdigheitene på Griegakademiet. Dermed er det berre dei spesielt interesserte som prøver ut andre sjangrar.
– Dette kunne ha vorte retta på gjennom eit breiare tilbod. I dag har Griegakademiet for liten fokus på improvisasjon og konsertar.

– Vurderer å satse på jazz
Det såkalla Boysenutvalget, som har tatt føre seg høgare norsk musikkutdanning, tilrår at ein på sikt opprettheld antal studieplassar på klassisk utøving, og auker noko på rytmisk musikk og jazz. Thorsen seier at Griegakademiet vurderer å opprette ei spesialutdanning på desse områda, i samarbeid med Høgskulen.
– Om vi klarer å skaffe naudsynte midlar, vil vi gjerne satse på ei jazzutdanning, men ei slik satsing er svært gjennomgripande og kostbar. Jazzgenren har sin eigen musikkteori og læringstradisjon. Utstyr og instrument er også av ein heilt annan type. Vi treng naturlegvis også eit spesialisert vitskapleg og kunstnarisk personale. Men vi vil vurdere å satse på dette under Griegakademiparaplyen.
Waal Skaslien meiner at ein bør unngå problem med administrasjon og kostnader, og heller prøve å finne smarte løysingar. Han meiner at forholda ved Griegakademiet ligg til rette for dette.
– Det finnest ein stor kompetanse på jazz i Bergen. Ein burde lett kunne integrere denne kompetansen i undervisninga på Griegakademiet. Dette treng ikkje skje i form av ei rein jazzlinje, men ein kan legge opp ei undervisning som i større grad er basert på improvisasjon. På dette området har ein alt sterke lærekrefter ved Griegakademiet.
Thorsen er samd med Waal Skaslien i at musikkutdanninga kunne ha vore meir allsidig, og seier at Griegakademiet diskuterer fleire alternativ.
– Ein annan modell er å gje mindre tilbod på 5 og 10 vekttall som kan verte integrerte i det eg kallar allmennutdanninga. Desse tilboda kan i så fall vere valfrie einingar innan både konservatorieutdanninga og musikklærarutdanninga ved HiB. Når vi kjem lenger i utgreinga av desse spørsmåla vil vi også spørre organisasjonene om råd. Det kan tenkast at ein med fordel kan samarbeide om slike vekttallskurs. På dette feltet har vi mykje ugjort.


Bjarte Brandal
bjartebrandal@hotmail.com

– Må samarbeide

John Pål Inderberg er seksjonsleder ved avdeling for jazz ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Han er godt kjend med miljøet i Bergen, og kjenner seg ikkje heilt att i framstillinga av Bergen som ein by med få unge jazzmusikarar. Likevel trur han at Bergen ville ha fått fram fleire musikarar gjennom eit betre utdanningstilbod, men meiner at problemstillinga er meir komplisert.
– Dei ulike musikkutdanningane i Norge burde vore meir samkøyrde. Jazzmiljøa og musikkutdanningane i dei store byane kunne hatt ulike vinklingar til undervisninga, slik at dei kunne utfylle kvarande i staden for å konkurrere. Ei viss nasjonal samordning må til, slik at ikkje alle institusjonane har dei same måla og verkemidla til å nå måla.
Inderberg meiner at det uansett er viktig å ha eit utdanningstilbod som er krystallklart.
– Fagplanane må vere retta inn mot utøvande musikarar. Samstundes må metodikken vere målorientert. Sjølv om kopiering i metodisk samanheng kan fungere godt, er det endelege målet å skape improviserande musikk.
For Bergen sin del trur han at samarbeid er nøkkelen.
– Jazzklubbane, Griegakademiet, Vest-norsk Jazzsenter og kommunen må stikke fingeren i jorda og byrje å samarbeide i større grad. Ei utdanning i Bergen bør finne ein base i det som skjer i jazzmiljøet i byen.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000