onsdag 4. oktober, nr 22 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

Fleire studielån til inkasso

Stadig fleire studielån går til inkasso. Nå aukar talet på inkassokrav raskare enn talet på studielån som vert betalt attende.

For tre år sida gjekk 33.100 studielån til inkasso. I fjor var talet 43.100. Dette utgjer 10 prosent av alle låna som er under tilbakebetaling.
Dei som ikkje klarer å betale avdraga får trekk i løn, eller dei vert tvungne til å pantseje bilen eller leiligheita.
Kvifor går så mange lån til inkasso?
– Det er vanskeleg å seie. Det er ein felles trend i tida at lån ikkje blir betalt i tide. Det er alt for få som nyttar seg av dei ordningane vi har. Eg trur folk har ein tendens til å skyve problema framfor seg, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.
Det er ikkje nokon grupper som skil seg ut når det gjeld inkasso. Nokre har lav inntekt, medan andre har både høg inntekt – og høge utgifter.
Wenche Merli som er informasjonssjef i Lånekassen, er oppteken av at det fins ordningar for dei som måtte få problem.
– Dersom dei som får varsel tek kontakt med oss, har vi reglar for rentefritak, eller berre betale halvt terminbeløp i den vansklege perioden, seier ho.

Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com

Gir politikarane skulda

– At studentene svindlar så mykje, er eit varsko til norske politikarar om kor ille det står til med studentane sin økonomi, meiner Odd Steinar Parr, siviløkonom NHH og journalist i Din Økonomi.

Lånekassa sine interne undersøkingar har avslørt at studentane svindlar for millionar på millionar kvart år.
– Ein må klare seg med lite som student. Men det tyder ikkje at ein skal snylte. Treng du meir pengar, bør du heller jobbe, sjølv om det går ut over både studieprogresjon og stipendkroner, meiner Parr.
– Kva konsekvensar får ein om ein vert oppdaga som snyltar på systemet?
– I verste fall avslag på seinare søknadar om støtte, og kanskje til og med politimelding. Studentane skyt seg sjølv i foten ved å lure til seg midlar dei ikkje har rett på. Totaltilbudet frå Lånekassen vert dårligare av slikt. Det går ut over alle, også dei som ikkje svindlar, seier han.

Gi til dei fattige
– Det blir på landsbasis delt ut omkring 40 millionar kroner til studentar som søker om stipend og lån utan at dei har rett til det, seier direktør i Lånekassen si avdeling i Hordaland, Jonny Saltnes.
Snylting på ressursar gjer at det blir vanskeleg å forbetre tilbodet. Dette går utover kvar einskild student.
– Eg spør meg sjølv om kva samfunn vi eigentleg vil ha. Desse pengane som går til dei som ikkje har rett til støtte, kunne vore fordelt til dei som verkeleg treng det, seier han fortvila.

Meir kontroll
Ifølge Saltnes kan studentjukset føre til meir kontroll av søkarane, og dette vil føre til lengre saksbehandling. Det er det vel ingen som er tent med.
– Lånekassen og studentane har eit gjensidig ansvar for at tilbodet skal bli best mogeleg, seier han.

Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000