onsdag 11. oktober, nr 23 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

Ny jappetid?

Ekspertane er samstemde: Studentar og unge har urovekkande avslappa forhold til bruk av lånte pengar og tilbakebetaling av desse.

I Studvest sist veke vart det avslørt at 10 prosent av alle studielån går til inkasso. No aukar talet på inkassokrav raskare enn talet på studielån som blir betalt attende.
– Situasjonen no kan samanliknast med slik det var i jappetida på slutten av 80-talet, seier administrerande direktør Baard Bratsberg i Kreditorforeiniga i Oslo.
Det er ein generell tendens i samfunnet at fleire lån går til inkasso. Forbruket aukar i gode tider, og det er lettare å auke pengebruken enn å minske den. Dessutan lever vi i eit land der vi stadig får høyre kor rike vi er, blant anna gjennom media.

Synkande betalingsmoral
– Mykje tyder på at unge folk i dag ikkje respekterer betalingsfristar. Dessutan prioriteter studentar annleis no, det er eit mykje høgare luksusforbruk, seier Bratsberg.
Men han synest ikkje det er særleg samfunnsøkonomisk positivt at studentar må jobbe ved sida av studia for å få nok pengar. Dermed får dei lengre studietid.

«Bandidos Light»
Leiar i Gjeldsoffer-alliansen, Bengt Slecht, meiner òg at unge i dag har ei anna innstilling til å gjere opp for seg. Betalingsmoralen er rett og slett dårleg.
– Det kan vere at konsekvensane ved at studielånet går til inkasso ikkje er store nok til at folk prioriterer det lånet, seier han.
Han legg til at Lånekassen til tider oppfører seg som «Bandidos Light»:
– Ein må setje hardt mot hardt når ein samarbeidar med dei. Det er viktig å ikkje vente til du får brevet om inkasso i posten! Er ein ute i tide med dokumentasjon til Lånakassen om problem med tilbakebetaling, er mykje av skaden unngått, seier han.

Trøkk i starten
– Det er ein ganske tøff røyndom som opnar seg for ferdigutdanna akademikarar. Når dei etter endt utdanning skal etablere seg, kjem kostnadane med bustad og eventuelt barn, seier Knut Boye, førsteamanuensis ved Institutt for foretaksøkonomi ved NHH.
Han meiner òg at dei som ikkje får fullført studiane sine vil få det vanskeleg med attendebetaling av det som dei har teke opp i lån.
– Men 10 prosent inkasso er ekstremt høgt, seier han.
– Kva synest du om uttrykket «ny jappetid» om det vi ser i dag?
– Tendensane er der, sjølv om det var verre på slutten av 80-talet. Det ein har lært av historia er at ein ikkje lærer av den, meiner Boye.

Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com.

– Enkle pengar

– Studielån er noko alle har. Då er det så lett å gløyme at det skal betale tilbake.

Trend.
Knut Einar Skodvin, Nils Christian Petersen og Jonathan Sunnavik synast å merke den tvilsame pengebruken blant mange studentar.
Foto: ÅSTA YTRE


Det er Nils Chr. Petersen, Knut E. Skodvin og Jonathan Sunnavik i juskantina som seier dette.
– Studielån er ein lett måte å få pengar på. Ein del useriøse folk tek opp studielån, utan at dei studerer. Det er jo så enkelt å få, seier dei tre.
Dei trur ikkje desse tenkjer på at lånet skal betalast attende.
Men Nils Christian tykkjer det er ok at ein unnar seg litt luksusting.
– Ein har jo mykje feriar og kan jobbe ved sida av viss ein har lyst på litt ekstra, seier han.
Jonathan trur mange ikkje tek det så nøye med betalingsfristar. Dessutan tykkjer han det er lett for at folk tek opp mange andre lån i tillegg til studielånet, på bil og bustad og slikt.
– Det er jo oppgangstider, og då er det lett for å ta opp mykje lån. Er ikkje det ein trend i tida då? spør Knut Einar.


Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000