Ein laurdag i oktober
Torgallmenningen strekk seg som eit brusteinsband
gjennom sentrum. Sentralt plassert i byen trekk den til
seg dei fleste bybuarane i løpet av ein dag og
ei natt. Studvest fulgde Torgallmenningen laurdag sjuande
oktober.
tekst: vigleik røkke mathisen
vigleik@mailcity.com
foto: ole christian aamot
|

Klokka 08.00
Klokka åtte laurdagsmorgon er Torgallmenningen stille. Berre
nokre få morgonvandrarar hastar over plassen til og frå
gud veit kva. Det er stille etter stormen. Fredag kveld og hæla
i taket er over. Dei siste studentane og strilane har funne seg
eit nachspiel eller ein taxi heim til Åsane, Fyllingen eller
kor dei no kjem frå alle saman. Attende er berre duene som
et seg feite på junkfood og smular frå dei rike sitt
bord. Saman med Rein Bergen jobbar dei for å halde byen
si storstove presentabel. Dei halvetne hamburgarane og det fetta
kebabpairet må vere ute av syne før hordene med handleglade
set kursen for Torgallmenningen laurdag føremiddag. Plassen
må vere rein og pynteleg.
Pyntelege
må òg toaletta vere, tross alt betaler ein fem kroner
for herlegdommen.
Usynlege hender sørgar for at det luktar reint og fint
og ikkje gammal urin og restar frå gårsdagens litt
for fuktige fest. Dovaskarane på Torg-allmenningen er som
andre dovaskarar, dei er vekke før du får sjansen
til å sjå kven dei er.
Klokka 11.00
Laurdag føremiddag. Det er bilfri dag og folk tek beina
fatt for å komme heilt inn i sentrum. Den stille plassen
som i morgontimane låg folketom er no forvandla til ei myldrane
maurtue.
Allmeningane var opprinneleg offentlege rom som var opne for alle.
Her møttes byfolk og strilar og prøvde og lure kvarandre
inn i tvilsame hestehandlar. Det var ein god handel når
begge gjekk heim og følte dei hadde lurt den andre.
Denne laurdagen har hardingane komme mannsterke til byen. Dei
lokkar med epler, hardingfeler og barn i bunad. Eit lite nasjonalromantisk
tablå på multietniske Torgallmenningen.
Hardingane gjer seg klar til å marsjere over plassen og
ned til Torget. Før dei kan gjere det må dei sørge
for at hardangerdraktene sit som dei skal. Med så mange
tilskodarar må alt vere perfekt. Ei jente som truleg ikkje
brukar hardangerkrune på til vanleg, slit med å få
knyta den skikkeleg fast på hovudet.
Den skal ikkje vere så skeiv, skal den? spør ho den
for dagen
utnemde rekvisitøren.
Svaret er at nei sjølvsagt ikkje. Etterfulgt av hektisk
ordning av
utstyr. Det er kort tid til prosesjonen skal nedover Torgallmenningen
med politimesteren i spissen. Detaljane må vere på
plass.
Klokka 12.00
Å halde på folk si merksemd på ein bikubetravel
Torgallmenning ein laurdagsføremiddag er inga lett oppgåve.
Alle kjempar om merksemd og over det heile ligg ein
mobilsymfoni i D-dur. Frå alle kantar summar det i friske
små melodiar. Her møtes Mozart og Aqua i ein grenselaus
kakofoni. Saman smeltar dei saman med stemmer, hundeglam, korpsmusikk
og mykje anna og dannar byen sitt lydteppe.
Ei rekke oransjekledde personar kjem syngande over plassen. Sangen
deira kling høgt og tydeleg, men orda er litt vanskelege
å tyde. Det er Vegvesenet. Dei har på seg flotte refleksvestar
og marsjerer taktfast mot Narvesenkiosken. Vegvesenmennene og
kvinnene stiller opp og tek fram instrumenta sine. Dei gjer klar
og spelar opp til ein feiande flott Sousa-marsj. Det er nesten
rockn roll. Vegvesenrock.
Frode Helgesen har stort grått skjegg og spelar pikkolofløyte.
Han er mannen du stolar hundre prosent på når han
handterer eit tungt kjøretøy. Store hender som ser
ut som om dei kan knuse stein. Kroppsleg storleik som tilsynelatande
gjer han meir fortruleg med ein tuba. Likefullt trakterer han
pikkolofløyta med eleganse. No har Frode Helgesen og Vegvesenkorpset
innteke Bergen med bravur.

Vi markerer at det er bilfridag i Bergen
seier Frode Helgesen, samstundes prøver vi å skape
litt blest om oss sjølve og arbeidsplassen vår, seier
han, før han på ny tek fløyta fatt.
Denne gongen speler dei opp til ein korpsmedly over kjende og
kjære klassikarar. Folk smiler og er nøgde. Bandet
spelar feiande friskt. Det er nesten sommar enno. Men berre nesten.
Ein kald vind feier rundt hjørnet og minner folk på
at sommaren for lengst er over.

Klokka 13.00
Hengebuksvinet Nolle gryntar nøgd. I ei lita kasse
midt på plassen får det boltre seg i tilskodarane
sine tilrop. Ein og anna godbit får det òg slengt
til seg. Det er godt å vere gris. Enn så lenge. Kanskje
endar òg hengebuksvin opp som ribbe og medisterpølser.
Det er litt over to månader til jul.
Men til då boltrar det seg friskt og er til stor underhaldning
for dei frammøtte.
Heiter du Nasse Nøff, spør ei ung mor. Dottera
hennar er veldig fascinert av dyrevidunderet.
Det er ein stuegris, meiner ein eldre mann, som kanskje
har peiling på grisehald?
Dei fleste som let seg glede av
grisen er ungar. Grisen stiller velvillig opp og gjer det grisar
gjer best. Gryntar og er seg sjølv nok.
Etterkvart stilnar det litt av. Folk har fått gode opplevingar
og er metta på inntrykk. Småbarnsfamiliane må
skunde seg om dei skal rekke å handle og å nå
polet før det stenger.
|