
Fotballgal outsider
Skuleåret 9798 studerte Lin Åm
biologi i Manchester. Der vart idéen om å skrive
engelsk hovudfagsoppgåve om supportarane til Manchester
United fødd.
 |
fotballdame.
Lin Åm tar hovedfag i United.
Foto: Anniken C. Mohr
|
Lin Åm sit i baren på The English Pub. Kledd i Beckham-skjorte
er ho klar til å sjå Manchester United spele mot Leicester.
Eg har vore United-supportar sidan ungdomsskulen. På
mange måtar er eg ein outsider som har kome innanfor fan-miljøet.
Den umiddelbare definisjonen av United-supportarar er nemleg menn
frå arbeidarklassen busett i Manchester-området, seier
ho.
Og på innsida er det sikkert at Lin er komen. Ho har akkurat
fått ein artikkel om hovudfagsoppgåva på trykk
i månadens nummer av bladet United-supporteren, noko som
ikkje er alle unnt.
«Oss» mot «dei»
Tittelen på oppgåva er Oss mot dei. Ei
studie av fotballtilhengjaridentitet, med referanse til Manchester
United.
Eg ønskjer å ta for meg kva kriterium som
gjer at supportarane formar eit «oss» og på
den måten definerer seg som gruppe til forskjell frå
«dei andre». I tillegg vil eg sjå på om
fotball-supportarar vert rekna som kultur eller subkultur, noko
som sjølvsagt avheng av korleis ein definerer desse begrepa,
seier Lin.
Eg tykkjer forresten det er morosamt å kunne jobbe
med hobbyen min på heiltid i eit år, og då på
Universitetet si rekning, legg ho til.
«Hooligans» og vald
I arbeidet med oppgåva fortel Lin at ho er avhengig
av å nytte ulike kjelder. Fleire supportarar gir ut eigne
blad i forbinding med Manchester United, og desse gir ikkje nødvendigvis
uttrykk for dei same haldningane. I tillegg er det skrive fleire
bøker om emnet.
Det finst òg ein del sosiologiske studium om fotballtilhengjarar,
men desse fokuserer omlag berre på såkalla «hooligans»,
seier ho.
Lin legg til at «hooligans» representerer ein slags
motkultur i supportermiljøa, og at dei difor er spesielt
interessante for sosiologar.
Sjølv tykkjer eg «hooligans» og vald
får nok merksemd som det er, og ønskjer difor å
konsentrere meg om supporter-massen som eit heile. «Hooligans»
er trass alt i mindretal blant fotballtilhengjarane.
Utradisjonelt?
Lin fortel at nokre av dei eldre professorane ved Universitetet
tykkjer emnet ho skriv om er noko vulgært, og at det høyrer
til populærkulturen.
Men mange av dei har likevel uttrykkt at det er fasinerande,
seier ho.
Som avslutning oppmodar Lin flest mogleg om å ta kontakt
dersom dei har tips eller tilbakemeldingar å kome med.
Torunn Todal Laberg
torunn_todal_laberg@hotmail.com
|