 |
Foto: Lars Myren Holand
|
Siste tida har det vore mykje om onani i media. For nokre
veker sidan skapte Grethe Melbye store overskrifter med sin
webperformance, der meininga var at medievitaren skulle chatte
med menn som sende bilete av seg sjølv som onanerte
over nettet, medan dei vart viste på storskjerm i Bergen
Kunstforening. Rykta gjekk om at ho sjølv aktivt skulle
delta. Forfattar Gro Isachsen har skapt opprør med
boka «Sex - Ja takk», etter at ho uttalte at norske
kvinner er dårlege elskarar, og at kvinner må
onanere meir.
Onaniguider på nettet
Både for pornoen og kvinneblad som KK, Det Nye og
Mag er onani godt stoff, som dei fleste lesarane kan relatere
seg til. Og så har du sjølvsagt internett. For
å undersøke kor stoda er når det gjeld
onani på nettet, søkte vi på «masturbasjon»
og «kvinner», for å sjå om det fantest
noko om emnet. Og det gjorde det til gagns. Søkeorda
gav over
16 000 treff. Dei fleste av desse var rett nok regulær
porno eller Bibelsprengte sider som forklarte korleis Gud
ser på denne synda. Men det fantest også hundrevis
av guider for jenter som vil føre onaneringa vidare
til eit høgre nivå.
Farleg seksualitet
Det var annleis før i tida. Då var seksualiteten
eit trugsmål, og om foreldra ikkje var merksame, kunne
det gå barna ille, då vart dei onanistar eller
masturbantar. Ein fekk ver så god sove med hendene på
teppet. Dersom ein vart mistenkt for å drive med denne
forferdelege aktiviteten, fantest det fleire åtgjerdsler.
Foreldra kunne setje spikarøskjer på kjønnsdelane,
binde syndaren fast, eller audmjuke han framfor dei andre
familiemedlemmane. I tiåra kring århundreskiftet
hende det at legar utførte omskjeringar på både
gutar og jenter som var «henfalne til lasten».
Men mest vanleg var det å rett og slett skremme dei
unge frå å ville gjere noko slikt mot seg sjølve.
Legar stadfesta at onani kunne framkalle epilepsi, eller at
ryggmergen kunne visne vekk slik at ein vart lam.
Gjer det sjølv
Slike tankar er det ikkje mange som formidlar no lenger,
men på den andre sida er jenter i dag nesten forplikta
til å ha eit ope forhold til eigen kropp og seksualitet.
Det er ikkje uproblematisk. På www.nettdoktor.no finn
du artikkelen «Øvelser i onani - mest for jenter»,
skriven av lege Haakon Aars. Her står mellom anna at
dei som er utålmodige etter å oppleve orgasme
kan vere nøydde til å gjere noko med det sjølv.
«Sex - og ikke minst orgasme - er ikke noe du får
i hendene av partneren din mens du passivt venter på
at det skal skje. Du må selv gjøre en innsats.»
Det er med andre ord ikkje ei enkel sak å skulle onanere:
«Det å ta seg sammen for å røre ved
seg selv, stimulere seg selv og merke den seksuelle lystfølelsen
stige, kan alene nesten være uoverstigelige hindringer.
Men du er nødt til å gjøre noe med det:
Hvis du vil lære å skrive, så skriv. Eller
hvis du vil lære å sykle, så må du
øve deg».
Bjarte Brandal
bjartebrandal@hotmail.com
Kjelder: www.nettdoktor.no
Det Kultiverte Mennesket
(Jonas Frykman og Orvar Löfgren)