onsdag 1. november, nr 26 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

– Skuleeksamen gir angst

Det nærmar seg eksamen, og studentane slit med
prestasjonsangst.
– Mange kunne fått det betre dersom ein kutta ut den tradisjonelle skuleeksamenen, trur Arild Raaheim ved Program for læringsforsking.

– Denne ordninga skapar svært stor usikkerheit hos studentane. Ingen får vita noko som helst om oppgåvene på førehand, og mange taklar dette dårleg. Skuleeksamen er dessutan ein kunstig situasjon som ein ikkje vil møta seinare i arbeidslivet, seier Raaheim.
Eksamensresultatet skal ideelt sett seia noko om kor mykje kunnskap ein student har greidd å tilegna seg i løpet av semesteret. Arild Raaheim meiner at dette ikkje er tilfellet med det systemet Universitetet har i dag.

Oppgulp
– Skuleeksamen handlar om kor mykje pensum ein klarar å gulpa opp i løpet av nokre timar. Studentane vert ikkje vurderte på like vilkår fordi dei har ulike føresetnader for å takla denne situasjonen, seier han.
– Det er fantastisk at Univers-
itetet framleis held fast på utgåtte og gammaldagse eksamensformer, påpeiker amanuensisen.
Raaheim ser for seg eit nytt vurderingssystem der kvar enkelt student skal løysa ei rekkje oppgåver i løpet av semesteret. Eit utval av desse oppgåvene skal leggjast i ei mappe, og så vurderast av ein fagperson.
– Eit slikt system vil krevja mykje av studentane. Samstundes er eg sikker på at færre hadde opplevd eksamensangst, og at Universitetet ville ha fått eit betre læringsmiljø generelt, seier Raaheim.

UiB sitt ansvar
Dei seinare åra har mange private aktørar tilbudt kurs i eksamensmeistring mot betaling. Arild Raaheim er i utgangspunktet kritisk til dette.
– Det er Universitetet sitt ansvar å leggja til rette for at studentane skal læra mest mogeleg. Difor kan dei ikkje sitja å sjå på at det er private aktørar som må ta seg av dei som ikkje taklar eksamenssystemet, seier han.
Raaheim understreker likevel at han synes at det er bra med dei studentane som får hjelp til angsten sin gjennom private kurs.
Etelka Dahl er studiesjef ved Univertsitetet. Ho seier at eksamensformene ved Universitetet stadig er under vurdering, og at alternativer blir prøvd ut på enkelte fag som pedagogikk. Likevel meiner ho at det ikkje er aktuelt med ei total omleggjing av det noverande systemet.
– Det er mykje bra både med gamle og nye eksamensformer, meiner Dahl.

Kristin Jansen
Kristin.Jansen@student.uib.no
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000