Melankolsk og uklart
Pedro Carmona-Alvarez har skrive ein roman utan punktum. Det
er også ein roman utan ei historie.
Bok
|
|
Pedro
Carmona-Alvarez
«La det bare bli blåmerker igjen»
Cappelen
|
«La det bare bli blåmerker igjen» er eit modig
prosjekt. Ikkje berre av di Carmona-Alvarez sin debut som romanforfattar
er eksperimentell reint språkleg, men like mykje grunna
det flytande og flyktige innhaldet. Eg må tilstå at
eg har vanskar med å forholde meg til boka som roman. Der
forfattaren lukkast, finn vi vakre passasjer; bilete som er melankolske
utan å vere pretensiøse, og som tydeleg illustrerer
Carmona-Alvarez sitt talent for poesi. Men det er også noko
av problemet til «La det bare bli blåmerker igjen»,
det vert for usamanhengande, for lett. Romanen manglar rett og
slett ei, eller fleire, historier, som kunne ha knytt språket
og forteljarstemma saman og kanskje ha skapt ein god roman.
 |
Arkivfoto: Robert Bråthen
|
Gjennom eit sitat frå Steven Malkmus i Pavement, antyder
forfattaren at kapitla i «La det bare bli blåmerker
igjen» kan lesast i vilkårleg rekkefylgje. Det viser
at Carmona-Alvarez nok er klar over det underteikna ser på
som eit problem, og at han truleg bevisst har villa skape ein
slik effekt. Men resultatet er ein roman som nesten like gjerne
kunne ha vore ei novellesamling.
At Carmona-Alvarez har ein fascinasjon for Leonard Cohen er ikkje
nokon løyndom. Han bruker då heller ikkje meir enn
halvanna side av «La det bare bli blåmerker igjen»
på å kome med ein utilslørt allusjon til hovudmotivet
i Cohen sin roman «Beautiful Losers» frå 1967.
Ikkje det at det er noko gale i det, kanskje kan ein til og med
finne ein nøkkel til Carmona-Alvarez sin roman gjennom
Cohen. Utan å trekke samanlikninga for langt, er der også
fleire fellestrekk. Begge forfattarane er relativt eksperimentelle,
begge skriv også dikt, og begge lukkast berre eit stykke
på veg som romanforfattarar. Kort sagt: dei ser ut til å
meistre diktet betre enn romanen.
Men når det er sagt, må det også seiast at Carmona-Alvarez
har eit udiskutabelt talent for språk. Dersom han klarer
å strukturere dette talentet, klarer å skrive ei historie
utan å miste kjensla for språket, kort sagt: om han
klarer å meistre sjølve sjangeren roman betre, kan
vi sjå fram til gode bøker frå ein av dei meir
lovande unge norske forfattarane.
Bjarte Brandal
bjarte.brandal@c21.net
|