onsdag 8. november, nr 27 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

nyhende

Kor bør ein bu?

– Det var ein som sa at einaste forskjellen på Fantoft og eit fengsel, er at her kan du sparke opp dørene, gliser Fantoftbuar Rune Myhre.

TRIVES, MEN.
Bill Cunningham fra Boston trivest på Fantoft. – Men det er vanskelig å bli kjent med nordmenn her, seier han. Alle foto: ÅSTA YTRE

Det vert stadig snakka om kor vanskeleg det er å skaffe seg ein plass å bu, og ikkje minst kor dyrt det er overalt. Studentsamskipnaden (SiB) i Bergen er til god hjelp for mange som vil finne seg tak over hovudet.
Neste onsdag startar hovudopptaket på SiB sine studenthyblar til etter jul. Søk no, så er sjansane for å havne i kummerlige forhold mindre.
Men korleis ser det ut rundt omkring på desse hyblane og leiligheitene?

FANTOFT. Flest muleg studentar stabla på færrast muleg
kvadratmeter. Nedanfrå og opp: Christian Talgo, Lessia Dupent, Gianguido Calanducci, Rune Myhre og Bill Cunningham

Hybelkaninar
– Det er ganske sterilt her, seier Rune Myhre og snur seg rundt i
leiligheten på Fantoft.
Her er kvite murvegger, dører som minner om badstudører, pult og sofa i ubehandla tre, og eit bittelite fuktig bad. Dette kostar han 2.220 kroner i måneden, men da har han soverom i tillegg.
Hyblar får du frå 1.500 kroner månaden. I tillegg må ein rekne med 600 kroner for månadskort med buss til sentrum.
– Husleiga skal visst gå opp etter jul, sukkar Rune.
Forfallen 70-talsstil vitnar om at vedlikehald ikkje er overprioritert. I dei klamme gangane er takventilane fulle av hybelkaninar.
Men det er lett å få plass på Fantoft, og du er sikra nye venner i eit internasjonalt miljø.

Vaktmeister
I Fosswickelsgate ved Realfagbygget er det ein litt eldre stil, men velholdt og stort. Det minste rommet kostar 1.750 kroner, og er større enn romma på Fantoft.
– Eg har budd her i fleire år og kjem til å forsette med det, fortel Thomas Oppedal.
Thomas har eit stort, lyst rom, og alle praktiske ting vert ordna av ein velvilleg vaktmeister.

I SMØRAUGET. Anders Gullestad treng ikkje klage på buforholda i Holmboesgate.


Nyoppussa
Innover mot sentrum ligg Hans Holmboesgate. SiB har eit hus også her. Anders Gullestad er ei heldig sjel som har fått seg husrom.
– Vi er fire som deler kjøkken og bad, fortel Anders. Han sit i ein kvitt, nyoppussa hybel.
Kjøkenet er nytt. Det heile er lyst og nytt, og Anders er svært fornøgd. Dette betalar han 2.225 kroner for, altså 25 kroner meir enn bussbrukarane på Fantoft.
Herifrå kan du hinke til sentrum, og stupe kråke til SV-fakultetet

Johanne Melkevoll
johmel19@hotmail.com

Pussar opp

– Det er store forskjellar på hyblane vi leiger ut, men vi brukar mykje energi for å få standarden opp på eit godt nivå

Det er boligdirektøren i SiB, Ivar Henriksen, som seier dette.
Så og seie alt har vore fullt rundt om på SiB sine hyblar i haust. Og det er husleigene som avgjer kor mykje pengar det er til oppussing.
– Det er dermed gode muligheiter for å jobbe vidare med å utbetre dei hyblane vi har, seier Henriksen
Husleiga på Fantoft vil gå opp med 100 kroner etter jul, men dette er fordi alle vil få tilgang til gratis internett.
Ifølgje Henriksen er til ei kvar tid 30 SiB-hyblar under oppussing.


SiB har hyblar på:

• Fantoft: 5 km til sentum, 1300 bueinheiter
• Hatleberg: Ved NHH, 510 bueinheiter
• Øygjordsveien: Ved NHH, 50 bueinheiter
• Nattland: 6 km til sentrum, 147 rekkehus for barnefamiliar
• Frydenbø: 10 minutter gange frå universitetsområdet,
41 hyblar
• Løbergsveien: Nær Høgskolen og UiB, 130 bueinheiter
• Nygårdshøyden: Sentrum, 114 hybler

Korleis få plass:

• Betal semesteravgift
• Nye studentar prioritert
• Studentar kjem i kø
etterkvert som dei søker
• Hovedopptak 15.
november, 1. januar og
1. juli
• Henvend deg til SiB
for søknadskjema

Meir info finn du på http://www.sib.uib.no/bolig.html

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000