Fordi den keivhendte snikkaren har montert alle borda på
venstre side.
Det er godt og vel ti prosent sjanse for at du som les dette,
er venstrehendt. Keivhendte er den største minoriteten
som går laus i samfunnet. Og som ikkje har ein einaste
lovparagraf til å tale si sak, arbeidsmiljølova
ikkje unnateke.
Hjerneskade?
Etter kvart er det liten tvil om at det er meininga at
mennesket skal vere høgrehendt. Det å vere keivhendt
er altså eit avvik frå default-verdien.
Ein kan bli venstrehendt på to måtar, fortel
Kenneth Hugdahl, professor ved Institutt for biologisk og
medisinsk psykologi.
Den eine er genetisk: Viss far eller mor er venstrehendt,
aukar sjansen for at du blir det. Den andre er patologisk:
Då er du genetisk programmert for å vere høgrehendt,
men på eitt eller anna tidspunkt, oftast før
eller under fødselen, skjer eitkvart som gjer at du
blir omprogrammert og venstrehendt på grunn av ein større
eller mindre skade i hjernen. Ein del får også
andre åtferdstrekk, til dømes Downs syndrom,
som er knytta til hjerneskade. Genetisk venstrehendte ser
som regel ikkje stort annleis ut i hjernen enn høgrehendte.
Så kva med dei populære førestillingane
om at venstrehendte er meir kreative, og at dei to hjernehalvdelane
samarbeider betre hjå venstrehendte, slik Einstein,
Da Vinci, Picasso og mange andre blir brukt som døme
på?
Til ei viss grad kan det nok vere rett, seier Hugdahl.
Viss eg testa deg i eit laboratorium, kunne eg nok
finne noko slikt. Men poenget er at det ikkje er noko du vil
merke i dagleglivet.
Språkleg diskriminering
Mange meiner ordet «keivhendt» er diskriminerande,
men når ein veit at ordet «venstre» på
altfor mange språk har sidetydingar og konnotasjonar
som stygg, vond, dum, klønete og liknande, så
spørst det om «venstrehendt» eigentleg
er noko betre. Dei fleste språk er fulle av uttrykk
som spelar på det negative ved å vere keivhendt.
Venstrehands-arbeid er dårleg arbeid. Eit barn unnfanga
i «the left side of the bed», er illegitimt. Det
spanske ordet for keivhendt er zurdo, og kjem frå azurdas,
som tyder å gå i feil retning. Djevelen har tradisjonelt
vore framstilt som keivhendt. Difor er venstre side vond,
og her følgjer det logisk nok at stygge ting skal gjerast
med venstre hand. Å vere keivhendt, var tidlegare eit
sikkert og utvitydig teikn på hekseri. Med dette i bakhovudet
kan ein ikkje unngå å spørje: Kva oppslutnad
ville partiet Venstre ha fått om det hadde eit mindre
belasta namn?
Eit høgrevridd samfunn
At språket motarbeider keivhendte, er trist, men
det er knapt nokon som døyr av det. Då er det
verre med dei fysiske omgjevnadene våre. Tek ein til
å leite, vil ein fort oppdage at samfunnet sjølvsagt
er gjennomtilpassa det høgrehendte fleirtalet. Dei
aller fleste tekniske innretningar har knappar og brytarar
på høgre side. Mikrobølgjeomnar og vaskemaskiner
har dører som opnar mot venstre, slik at brukaren lett
skal kome til med høgrehanda og ta ut det som er inni.
Sakser, potetskrellarar og boksopnarar treng vi ikkje eingong
nemne. Det skumlaste er skarpe arbeidsreiskapar og tungt maskineri.
Somme undersøkingar har vist at venstrehendte har 50
prosent høgare risiko enn høgrehendte for å
bli skada på arbeidsplassen. Sett på spissen kan
ein seie at dei keivhendte døyr fordi nødstopp-knappen
sit på høgre side. Snakkar vi trafikkulukker,
kjem talet opp i over 80 prosent.
No kan sjølvsagt ingen forlange at alle maskiner skal
tilpassast venstrehendte i staden for høgrehendte.
Men langt oftare ville det vere mogleg å finne løysingar
som kan vere brukbare for både keivhendte og høgrehendte.
Det er berre ingen som tenkjer på det. Dei fleste ingeniørar
og designerar er høgrehendte og lagar innretningar
som passar for dei sjølve. Det har synt seg at annankvar
person som veks opp med ei mor eller ein far som er venstrehendt,
trur at mora eller faren er høgrehendt. Når ikkje
den næraste familien legg merke til slikt, korleis kan
ein då vente at ein ingeniør skal tenkje på
det?
Dei sjuke venstrehendte
Som om ikkje alt dette var nok, tyder tung statistikk
på at keivhendte har dårlegare immunforsvar, blir
lettare sjuke og har det i det heile meir vondt enn andre.
Keivhendte er overrepresenterte i dei aller fleste skumle
statistikkar bortsett frå hjarte- og karsjukdommar.
Ein kan nemne i fleng og i alfabetisk rekkjefølgje:
Albinisme, alkoholisme, allergiar, autisme, brystkreft, depresjonar,
Downs syndrom, dysleksi, epilepsi, folk som har rapportert
eller opplevd paranormale aktivitetar (!), for tidleg fødde,
homoseksualitet, immunforstyrringar, kriminalitet, læringsvanskar,
migrene, schizofreni, stamming, suicidale, og folk med søvnproblem.
Og eit par ikkje så skumle statistikkar, som kreativitet,
folk med eksepsjonell matematisk forståing (men det
kan jo igjen henge i hop med eit snev av autisme
), musikarar,
kunststudentar og vegetarianarar.
Ein liten observasjon på tampen: Vil du gå i fred
på museet, skal du gå mot venstre når du
er innanfor døra. Keivhendte vil som regel automatisk
vende mot venstre når dei kan velje, medan høgrehendte
vender mot høgre. Difor vil majoriteten gå i
flokk mot høgre, medan du kan kose deg og ta den tida
du treng. Så får det heller våge seg om
du må lese om livet til Shakespeare baklengs.
Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
Teikning: andreas brekke