Når lyset vert slått av og
dei besøkande har forlete museet er det berre daude
dyr og James Grieg att. Studvest tok ein runde på
museet etter mørket sitt frambrot.
tekst: Vigleik R. Mathisen
vigleik@mailcity.com
Foto: Magnhild Glende
|
Museet har ein aura av mystikk over seg. Bygga som det er
på den gamle rettarstaden i Bergen. Den siste reisa
til lærdølen Anders Lysne enda her ein junidag
i 1803. Med eit velretta hogg frå meistermannen si øks,
vart hovudet skild frå kroppen og han var død.
Det var rystende å høre hugget
gjennom halsen, sa Fredrik Meltzer som overvar hendinga.
I dagslys og sommarsol er museet nesten venleg, hagen er open
og innbydande. Ein ypperleg stad for lesing eller flørting,
og avslappande aktivitetar under vårsola. Gløymd
er blodige halshuggingar og bøddelen si øks.
Når dagane vert kortare og nettene lenger, forandrar museet
seg som ein dr. Jekyll og mr. Hyde. Frå innbydande sommargult
til grått og novemberklamt. Tankane kretsar lett mot både
halshogginga og henginga som føregjekk i hagen. Seinhaustes,
når dei gamle trea strekk dei nakne greinene sine etter
deg som onde klør, og mørket ligg illevarslande
over Høyden, skundar dei fleste seg raskt forbi det gamle
museet. I det du hastar forbi føler du kanskje at hundrevis
av augepar stirrar ut mot deg bak dei store vindauga.
Stoppar du opp, kan du mest høyre det stilna coyoteulet.
Eit ul som stansa i halsen på stakkaren for over hundre
år sidan. Tørr prærieluft, og ville tilstandar
er erstatta av stillstand og Bergensregn. Coyoten snerrar mot
deg gjennom glasmonteren. Museet er ein nifs stad å vere
kveldstid. Det seiest at det spøker der.
Trond
Andersen er publikumsansvarleg på Naturhistorisk museum.
Han er villig til å ta Studvest med på ein runde
gjennom museet. Etter mørket sitt frambrot. Det vert
skumlast slik. Andersen er ein sindig mann som har vore med
på fleire turar til den urørte naturen i Sør-Amerika.
Han har hatt kontakt med både kondorar og det som verre
er, difor er han ikkje særleg redd før den nattlege
odysseen byrjar.
Vi derimot, er meir skeptiske med omsyn til kva som kjem til
å hende etterkvart som vi kjem lenger og lenger inn i
salane.
De har høyrt om James Grieg? spør Andersen.
Yess, tenkjer vi, no kjem det ei saftig spøkelseshistorie.
James Grieg var konservator ved museet, fortel Andersen,
medan vinden tek eit ekstra godt tak i bygningen. Grieg hadde
sitt eige husvære på museet og tilbrakte mange og
lange dagar her. Etter han døydde vert det sagt at han
går igjen her, han skal visstnok vere på jakt etter
sofaen sin.
Vinden løyar litt. Det knirkar frå etasjen over,
men det er eit gammalt hus, slår vi oss til ro med. Hadde
det ikkje knirka ville det vore noko å tenkje på.
Uansett, eit spøkelse på jakt etter ein sofa, kor
skummelt er eigentleg det?
I halvmørket under kvalane, meiner Andersen at det skumlaste
som kan skje, er at dei enorme kvalskjeletta skal løsne
frå boltane i taket. Huset er dårleg vedlikehaldt,
og skruane og mutrane har hengt i hundre år og vel så
det.
Det hadde blitt litt av nokon overskrifter, humrar Andersen,
om ein haug med barnehageungar hadde fått den digre kvalen
i hovudet. Vi stirrar opp mot den overdimensjonerte beinhaugen,
og håpar at kven det no var som festa monsteret ein gong
i forrige århundre, hadde eit evigheitsperspektiv på
kvalopphenginga.
Ferda går vidare gjennom salar fylde med utstilde rarietetar.
Det er ganske mykje utstilde bein, og ein heil del froskar.
Lyset skin inn på dei frå gata, og skapar merkelege
skyggar i montrane og på veggene.
Museet har den finaste beinsamlinga i Noreg, seier Andersen.
Vi er litt imponerte, men vi veit at lenger inne i museet ventar
dei verkelege godbitane.
I romma bakanfor kvalsalen lurer dyr frå den vide verda
som vi no er vande med at Hans Christian Alsvik presenterte.
Men konservatorane frå den-gangda, ville òg at
den norske faunaen skulle presenterast. Difor står elgen
og skuler over til leoparden. Bokstaveleg talt.
I det svake kveldslyset ser det mest ut som om dei utstilde
elgane, hjortane og alle dei andre dyra i Hakkebakkeskogen ikkje
kunne tenkje seg noko betre liv enn dette. Rovdyr og grasetarar
om kvarandre i bibelsk harmoni. Men berre tilsynelatande. Ser
ein nærare etter oppdagar ein at dyra slett ikkje er nøgde.
Dei har triste blikk, og berre den loslitte ulven snerrar mot
oss, framleis med ein smule villskap att i blikket. Dei andre
har forlengst resignert og godteke si skjebne.
Då vi rundar eit hjørne, ser vi den melankolske
tapiren stå blant dei andre skapningane frå Sør-Amerika.
Det er dette vi har venta på. Av alle dei anonyme dyra
som er utstild her, er tapiren ein av dei få som har si
eiga historie.
Tapiren skulle eigentleg til tsaren i Russland, byrjar Andersen.
Arten vart fyrst oppdaga tidleg på 1900-talet, og eit
eksemplar skulle havne i tsaren si dyresamling. Men på
grunn av den politiske situasjonen i landet kom aldri tapiren
fram. Istaden vart den sett av på kaien i Bergen i påvente
av betre tider.
Og der vart den ståande, seier Andersen.
Tilslutt vart den frakta opp på museet. Slik enda altså
tsaren sin tapir i andre etasje på dei naturhistoriske
samlingane. Sjølv om vi let oss begeistre av tapiren,
kan vi ikkje unngå å sende ein tanke avgårde
til det påståtte husspøkelset. Vi lurer på
om James Grieg luska rundt her i gamle dagar. Det er slett ikkje
umogleg. Det er heller ikkje umogleg at han går kvilelaust
gjennom dette rommet på jakt etter den forsvunne sofaen.
Glasrutene klikkar i samanføyingane og vinden aukar på
att. Det knirkar i heile huset no. Eit kaldt novembergufs slår
gjennom rommet.
James Grieg hadde husværet sitt rett over her,
smiler Andersen.
Han er tydelegvis tøffare enn oss. Han tek seg tid til
å spøke. Vi hutrar litt, og synes å merke
rørsle i krokane. Kanskje er det berre trea på
utsida som lagar skyggar i rommet? Det er tryggast å gå
ut frå at det er det. Vi er snart ferdige med turen gjennom
eit kveldsmørkt museum, og vi har berre indisier på
at husspøkelset finnes.
Attende på det varme kontoret til Trond Andersen fortel
han at skal avgårde til Guatemala med det fyrste. Vi har
eit godt grep rundt kaffekoppen, og stemninga er god. Vi har
mest gløymd den kjølige stemninga inne i dei store
utstillingssalane.
Då vi forlet Andersen og museet, kastar vi eit blikk opp
mot muset. Kor dei daude dyra og konservator Grieg er i kvarandre
sitt selskap for alltid.

Tapiren skulle eigentleg til tsaren i Russland, byrjar
Andersen.