Har du 2 sekunder? er ei bok og eit internettprosjekt laga
av ungdommar frå heile verda.
For to år sidan sende det internasjonale ungdomsnettverket
World Voices ut invitasjonen «Tell the world» til
ungdommar over heile verda. Dei fekk attende nesten 2000 bidrag
frå unge menneske frå 12 til 30 år i over
100 land, som fortalte om sine opplevingar, draumar, håp,
redsler og visjonar ved tusenårsskiftet. Nokre av desse
bidraga vart utgjeve i boka Har du 2 sekunder? i fjor haust,
då også med bidrag frå kjende personar som
Dalai Lama, Vaclav Havel og Arne Næss.
Nettverk med innhald
Boka vart godt motteken av Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
og Nasjonalt læremiddelsenter. Det vart løyvd midlar
til å utvikle eit internettbasert undervisingsopplegg
knytt til boka, eit oppdrag som vart gjeve til Norsk Samfunnsvitenskapelig
Datatje-neste (NSD) i Bergen.
Bjørn Sandvik ved NSD har gjort mykje av det konkrete
arbeidet med internettprosjektet. Han er sjølv medlem
av World Voices, og meiner at Har du 2 sekunder? er eit døme
på korleis informasjonsteknologi kan få eit menneskeleg
innhald og medverke til auka kontakt over landegrenser.
Ei datamaskin i skulen er ikkje lenger ei sjølvstendig
eining, men ein port til eit verdsomspennande nettverk av informasjon
og kommunikasjonsmoglegheiter. Det er ei stor og viktig utfordring
for idealistiske menneske å fylle dette nettverket med
innhald som kan bidra til å skape eit større globalt
ansvar. Undervisingsopplegget til Har du 2 sekunder? er eit
døme på korleis vi kan møte denne utfordringa.
Byrjinga på noko større
I undervisningsopplegget kan elevane kommunisere direkte
med forfattarane av bidraga, og på web-
sidene kan du lese utdrag frå Har du 2 sekunder?, finne
ut meir om landa bidragsyterene kjem frå og det som ungdommane
tek opp. Målet er at brukarane skal kunne danne seg eit
nytt og større verdsbilde.
Etter utgjevinga i fjor held ungdommane framleis kontakt med
kvarandre over e-post, og det vert jobba med å få
omsett boka til mellom anna serbisk, engelsk og spansk. World
Voices får meldingar frå heile verda frå ungdom
som vil engasjere seg og starte nye World Voices-grupper. Er
du interessert, finn du meir informasjon på
Bjarte Brandal
bjartebrandal@hotmail.com