onsdag 29. november, nr 30 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

Linda Eides anslagsteori

Ho har hengt på sin eigen husvegg, ho kan styre tankane dine med lyd, og no gjer ho sitt beste for å øydeleggje jula.


Tekst: Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
Foto: Siv Johanne Seglem


– Så det blir eit slikt «heime-hos»-intervju, dette? spør radiojournalist, BT-spaltist og julestemning-dødar Linda Eide frå kjøkenkroken der ho tømmer nykokt kaffivatn i presskanna. Seinare skal ho ut og lese dikt for ei samling bibliotekarar («lurer på om eg skal ta det med Veslelesba, kan vere artig å sjå korleis dei reagerer på det!»).
For berre nokre veker sidan lanserte ho boka «Då gamlemor baka seg i hel» med brask og bram og gløgg og gamle julekaker. Boka tek effektivt knekken på alle gullglitrande førestellingar om høgtid og heimekos. Ho inneheld elleve jule- og påskedikt, alle med uendeleg mange vers, og nesten alle endar med at hovudpersonane blir attfunne i ulike stadium av forrotning ein gong på vårparten. Dikta heiter til dømes «Feite Berits blodige påskehemn» og «Ludodrap på påskefjellet». Kven skulle trudd denne vesle dama var så full av blod?
Nett no er ho mest oppteken av kva inntrykk
heimen hennar gjer på representantane frå pressa.
– Eg har dårleg med flislagde marmorbad, det må eg berre innrømme...
Ikkje noko problem, forsikrar vi. Vi kan skryte på henne eit marmorbad eller to, om det trengst.
Og det gjer det kanskje, for sett vekk ifrå presskanna, er det ikkje mykje her inne. Stova er streng og tom. Ei bordplate av stein på eit understell av sprinkelkorger, ei sittegruppe i grøn plysj, og ein TV. I vindaugskarmen dei jordiske restane av ein avliden urteplante. Det er omtrent alt.
– Papen sa, første gong han var her: Du må no få deg ei hydla, iallfall!
Ho svinsar att og fram med kaffi og konfekt, lita og tynn og svarthåra. Ho ser altfor snill ut for stova si.
I samband med kunstprosjektet Street Level i Nygårdsgaten hang denne stova på utstilling på utsida av veggen, med Linda dandert i ein stol midt på biletet. Ei kunstnardame var rundt og tok bilete av husvera som vende ut mot gata og hengde dei utanpå husa.
– Og bussen stoggar rett utanfor her, så om morgonen skulle ein tru veggen var eit galleri. Når eg då kom ut av døra og gjekk inn på bussen, så blei dei litt forvirra.
Alle tragediene i boka er nøyare forklart i føreordet. «Kor mange gode historiar handlar om den lykkelege? Kva kan vi læra av den glade? Ingenting. Det er tragedien som er interessant, og jo større forventa lykke, jo større tragedie når lykka ikkje kjem veltande likevel.»
Linda jobba i P3 då ho tok sine første, dundrande vernestøvel-steg inn i poesiverda. Og etter kvart kom ho til at skillingsdikt var eit godt namn på sjangeren ho hadde funne opp. Skillingsviser utan melodi. Men ho er ikkje sterkare i trua på det skrivne ordet enn at radio-
utgåva følgjer med på CD bakerst i boka. Det er lyd-
versjonen som er den ekte vara.
– Då eg gjekk frå P3 til Norgesglasset på P1, hadde eg lyst til å halde fram med desse dikta, men eg kunne jo ikkje akkurat gå til vaktsjefen og seie at eg vil lage ein del kjempetriste ting med fjorten-seksten vers, er det greitt, eller? Så eg sa: Skillingsdikt! Hadde ikkje det vore noko?
Juledikta er mest tragiske, påskedikta er mest blodige. Linda meiner at påska har eit element av krim, og dessutan er folk så mykje ute i frisk luft og blir så fulle av energi at massakrering og drap høyrer meir naturleg heime der.
Boka er tileigna mor hennar – «ei uvanleg klok dama som eg likar å prata med».
– Då bror min såg det, sa han: Jamen, Linda, er Mottro så veldig klok då? Eg svara at no skal du hugse på alt i denne boka er enormt overdrive. Då kunne han gå med på det.
Viss ein ser vekk ifrå nokre korte sommarveker innom Bergens Tidende, tok Linda til som radiojournalist i NRK, blodfersk frå Journalisthøgskolen i Oslo. Ho hadde eigentleg tenkt å bli journalist av den skrivande sorten, men fekk smaken på det glamorøse radiolivet då dei hadde radiokurs på skulen. Linda sette seg ned i lag med ein same for å lage eit program om griseslakting før og no.
Meir skulle ikkje til for å tenne radiognisten. Og det er i radioen ho kjem til sin rett. Avis-spaltisten Linda pushar liksom berre amputert moro.
Når ein høyrer henne snakke, kan ein sjå føre seg tilsettingsprosedyren i NRK omlag slik: Redaksjons-sjefen, eller ein annan maktperson, er ute ein tilfeldig stad i byen, gjerne i ein butikk eller på ein buss. Ein stad attom seg høyrer han ei melodisk røyst servere ei passeleg lang, velkomponert frase på klirrande vossamaol. Det ligg så godt i øyro at ein skulle tru at viss du spelar det baklengs, vil du høyre trivelege gøymde bodskap som «Pinnekjøt og akevitt!» eller «Jordbær til to kroner korga!». Han snur seg, stirer inn i den svarte, strittande luggen til Linda Eide, over andletet som alltid har ein kombinasjon av eit overraska og lattermildt uttrykk, og seier: Kan vi få betale deg for å sende denne røysta ut i eteren, ver så snill?
Slik kunne det ha vore. Men slik var det ikkje.
– Då eg tok til i NRK, var det faktisk ingen fordel å snakke dialekt. Ein skulle snakke reint nynorsk. Og det er vanskeleg, sjølv for meg som har ei dialekt som ligg nært opp til nynorsk. Nynorsk er jo eit skriftspråk, og det kjendest veldig unaturleg å skulle seie «kvifor» og slikt, seier Linda – som først på Journalisthøgskolen innsåg kva funksjon Mållaget har i samfunnet.
– Der blei eg nesten litt sjokkert. Eg er litt irritert på kor anerkjent det er å ikkje kunne nynorsk. Når
bokmålsfolka ikkje får til å skrive ei innleiing på
nynorsk, så blir det litt knis og latter, men dei blir ikkje flaue. Det burde dei bli, tykkjer eg. Og det der med at ein ikkje skal lære nynorsk fordi det er så få som brukar det, er eit dårleg argument. Mange ting vi ikkje treng lære då, i så fall!
Då turbokanalen P3 kom på bana, var Linda med frå starten.
– P3 har gjort underverk for radioen. Før P3 var det til dømes ikkje gangbart å le på radio. Alt skulle vere så formelt. Eg fekk latterkrampe ein gong, då var eg sikker på at eg skulle få sparken. Eg fortalde om verdas lengste pølse som skulle fraktast til Oslo med tog. Pølsa var for lang for toget, og eg såg for meg toget som køyrde forbi med pølsa stikkande ut bak. Men så kom det hyggjelege brev og telefonar og gamle damer som sa «Det var så herlig da De brøt ut i latter i morges», så det var visst nokon som sette pris på ein litt ledigare stil...
Ho kan snakke lenge og varmt om radio, og det gjer ho også.
– Radio appellerer utruleg til assosiasjonsevna hjå folk. Ein liten lyd kan gjere mykje, seier ho oppglødd.
– Du finn ingen andre medium – media – heiter det medium? ... enn radio som har så mange grep for å framkalle bilete. Og samstundes skal det utruleg lite til før folk dett av og går på do eller ut på kjøkenet for å koke kaffi. Vi må skape bilete heile tida. Eg skal prøve å forklare kva eg meiner... Viss eg innleier eit innslag med «ei rekkje ulukker til havs har ført til...», så får du ikkje noko bilete i hovudet. Viss eg seier «Då Titanic sank...», kan du sjå for deg båten som søkk.
Dette har ho greie på. Ho bruker mykje tid på å reise rundt og halde foredrag internt i NRK.
– Eg har snekra ein teori om ei garantert god opning på eit radioinnslag. Eg skal snakke om det i Bodø i morgon.
– Har du noko namn på teorien?
– Ja. Linda Eides anslagsteori.
– Du kunne ikkje ta det foredraget på Samfunnet ein gong? Dei har eit slikt Upop-konsept på tysdagane...
– Ja, det kunne kanskje gå inn som ein liten kuriositet der. Eg føler at teorien min bør løftast opp på eit høgare akademisk nivå. Eg kan innleie med ein del av dei
andre, kjende teoriane, Einstein og flatemålet av ein
sirkel og slikt, og så ta anslagsteorien etter kvart, ikkje sant.
Det er på tide med ei fotosession i sofaen.
– Korleis skal eg sjå ut? Berre sei kva eg skal gjere. Alt for pressa.
– Kan du late att augo?
– Ja, det passar bra. Det har eg ofte lyst til å gjere.
Det høyrest ein veksande motordur, og ein buss stoggar rett utanfor vindauget. Han er full av folk. Vi anar korleis det var å henge utanpå sin eigen vegg til glede for forbipasserande.
– Dei brukar stå i klynger utanfor her. Du kan godt mate dei viss du vil, seier Linda. Ho nikkar mot konfektskåla på benken.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000