onsdag 6. desember, nr 31 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

kultur

Eksamensjag og bleieskift

I ei leilegheit på Natland bur ein liten familie på tre. Mor og far er studentar, medan Anton er to år og ivrig sandkasseentusiast.

I sandkassa.
Graveprosjektet vert endeleg realisert.

Lille Anton har eigentleg mest lyst til å ut og leike i dag. Han har vore sjuk i fjorten dagar, så dette blir den første turen ut i sandkassa på lenge. Å drikke ein kopp te på fanget til mamma har han likevel tid til.
– Situasjonen min skil seg på mange måtar frå situasjonen til
studentar utan born, seier Marthe Østerman. Ho er mor til Anton og studerer samstundes nordisk grunnfag ved Universitetet.
Det er med latter ho forklarar at det ikkje lenger er mogleg å
plutseleg gå på kino eller ta ein halvliter på byen. Planlegging er nøkkelordet, og dagane vert nærast lagt opp etter eit tidskjema bestemt ut frå Anton sine behov.
Leilegheita på Natland er liten, men koseleg. Gangen og kjøkenet bèr preg av å huse ein småbarnsfamilie, og leiker og anna barneutstyr ligg tilgjengeleg strødd rundt omkring.
– Å bu her på Natland er så og seie perfekt for oss, seier Marthe og fortel om ei unik kjensle av fellesskap som følgje av at alle er i same situasjon. Dei vaksne på Natland har lært seg å halde saman, og det siste prosjektet på dugnadsplanen var utbetring av ein akebakke til barna.
– Me er priviligerte som kan bu her. Det er uproblematisk i den forstand at alle er einige om visse grunnreglar, fortel ho, og legg til at det viktigaste er at barna er i fokus.
Anton sit på kjøkenbenken. Han prøver konsentrert å opne ei krukke, men det er ikkje alltid små barnefingrar strekk til.
– Mamma! ropar han, og på ein, to, tre er krukka open.
– For meg har det vore viktig å bruke mykje tid ilag med Anton, og eg har medvite prioritert han framfor studiane, seier Marthe.
Ho fortel at det å vere mor samstundes med at ho studerer på Universitetet ofte gir ho ei kjensle av å ikkje strekke til.
– For meg har det vore viktig å kunne rettferdiggjere for meg sjølv at eg er mor først og student etterpå. Det er ikkje like lett for alle, seier ho.

Eksamensmonsteret
Anton er ein aktiv gut som ikkje er redd for å sei i frå om korleis han vil ha saker og ting. Han klatrar opp og ned på fanget til mamma, medan han pratar om dei siste store hendingane i livet sitt. Han har blant anna byrja bruke belte på buksene sine, noko mamma har skjønt at alle toåringar med respekt for seg sjølv er nødt til!
– Kan eg få sukker i teen? spør han, og Marthe strekker seg etter sukkerskåla. Men Anton klarar dette sjølv, så hjelp frå mamma er slett ikkje nødvendig.
Marthe snakkar engasjert om at det er mykje som burde vore anleis på Universitetet for studentar med born. I dag er det altfor lite som er lagt til rette for at det skal fungere bra, og det fører til unødig stress for mange. Ho skulle ønskje faga var delt inn i mindre blokker og at kollokvieundervisninga ikkje var lagt til ettermiddags- og kveldstid.
– Det verste er eksamenssystemet. I januar og august er det ofte roleg og ein får tid til borna sine. I eksamensperiodane blir det plutseleg kjempe-jag, noko som resulterer i intense periodar der ungane ikkje får den merksemda dei treng, seier ho.
Vidare fortel Marthe om born som trur eksamen er eit slags monster.
– Kvar gong ordet eksamen vert nemnd er foreldra stressa og kvardagen ustabil. Borna trur difor eksamen er noko skummelt foreldra skal bli utsett for, seier ho.

Hjelp.
Det er ikkje lett å opne krukker utan mamma!

 

Eit helvete
Når det gjeld Lånekassa har ikkje Marthe mykje positivt å sei.
– Lånekassa er jo eit helvete uansett, seier ho.
Ho tykkjer Lånekassa køyrer eit usedvanleg strikt løp i høve både studentar med og utan born. Marthe meiner det er vanvittig at det ikkje er mogleg å velje å ta opp mindre lån og heller nytte lenger tid på utdanninga.
– Ein må jo uansett betale attende det ein mottek i støtte, seier ho.
I tillegg fortel Marthe at ho og sambuaren mista bortebuarstipendet sitt då dei fekk barn. Grunnen var at dei måtte registrere seg som bergensarar i forbinding med fødselen, og sidan dei opprinneleg er frå Narvik gjekk dei då glipp av eit betydeleg beløp.
– Lånekassa har så mange og komplekse reglar at eg ikkje trur dei heilt forstår systemet sjølv til tider. Eg skjønar ikkje kvifor studentar skal rette seg etter andre lånereglar enn dei lånetakarar i vanlege bankar må følgje, seier ho.
Anton tykkjer no han har vore tålmodig lenge nok og byrjer fortelje om elefanten han har fått i adventskalendaren. Elefanten heiter Alo, og gledar seg visstnok like
mykje til jul som Anton sjølv. I juleferien er Anton så heldig at han skal til Marokko saman med mamma, pappa og besteforeldra. Marthe skundar seg å leggje til at det er
besteforeldra som spanderer reisa og opphaldet.

Graveprosjekt
– Mamma? seier Anton bedande, medan det står sandkasse skriven over det lille fjeset. I løpet av dei fjorten dagane han har vore sjuk, har han drøymt om å grave og køyre bil og lage sølekake. No tykkjer han det er på høg tid å kome seg ut.
Kjeledress, nisselue og sko kjem fort på plass, og Anton er klar for leikeplasseldoradoet som ventar utanfor leilegheita. Med fast blikk og mamma på slep tek han fatt på det lenge planlagte og omfattande graveprosjektet sitt.
Trygt plassert på kanten av sandkassa seier Marthe at ho ikkje vil framstå som sytete. Folk i arbeidslivet har jo minst like dårleg tid til ungane sine som studentar har, om ikkje mindre, og så lenge ein kan bu på ein familievenleg stad som Natland, fungerer det greit.

Torunn Todal Laberg
torunn_todal_laberg@hotmail.com
FOTO: anders valde
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000