onsdag 6. desember, nr 31 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildetips studvest 55 54 51 48

Vegen til Myra

Kven var mannen som kasta gull inn vindaugo hjå fattige born i Myra på 300-talet? Kvifor gjev nederlandske born kvarandre gåver på dagen hans? Og kor kjem Coca-Cola inn i biletet?



Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
Fotograf: Ole Christian Aamot


Det var den sjette dagen i den tolvte månaden etter effektiv, vestleg tidsrekning. Gatene var fulle av lys og grantre. Små, raudkledde demonar sat i butikkvindaugo og glodde stygt på folk, og Cola-nissen hadde gjort inntog i byen i skapnaden til ein smilande, feit gamling som song «holidays are coming» på TV. Ei lita jente der i byen lurte på kva dette var for noko, og difor gjekk ho til Cola-nissen og spurde: «Sei meg, kven er du?»

«Eg er Santa Claus,» svara han og strutta med vomma. «Eg bur på Nordpolen og steller mine reinsdyr, og sidan 1931 har eg freista alle born med Cola i jula. Einkvan må jo betale for alle gåvene eg deler ut kvar jul. Cola-kompaniet har råd til det, og det skulle vel berre mangle om dei ikkje fekk litt att for innsatsen.»
Det der høyrest fornuftig, tenkte jenta. Men så gjekk ho heim og fann eit atlas, og der gjekk det fram at Nordpolen var ein svært kald og øde stad, som stort sett besto av flytande is, og med mindre tilgang på reinsdyrfòr enn veldig mange andre stader ho kom på i farta. Så ho gjekk tilbake til Santa Claus og la atlaset i fanget hans. Han drog seg litt brydd i skjegget.
«Nordpolen og Nordpolen,» sa han, «poenget er at det skal vere snø, ikkje sant. Så i grunnen pendlar eg litt rundt i Nord-Skandinavia. Hugs at alt som ligg i nærleiken av Polarsirkelen, heiter Nordpolen i resten av verda.»
Jenta skjøna dette. Men så gammal som nissen såg ut, skulle ein tru han måtte ha budd der i det kalde nord nokså lenge. Ho spurde han om det.
«Åja,» svara Santa Claus då. «Sidan 1860 omtrent. Då fekk eg omlag den utsjånaden eg har no, og det var den amerikanske teiknaren Thomas Nast i Harper’s Magazine som skapte meg.»
«Men før det, då?» spurde jenta som var byrja bli utolmodig no. Ho var eit barn av det tjueførste hundreåret, ho ville ha korte og enkle svar.
Santa Claus byrja bli vikande i blikket og få sveitteperler i barten. «Før det var det litt sånn usikkert ein periode,» måtte han vedgå. «I løpet av femti år omtrent, frå byrjinga av 1800-talet, gjekk eg frå å vere ein stateleg helgen som reid inn i New York på ein hest, til å bli ein alveliknande liten tass som køyrde gjennom lufta i ein slede, til å bli slik du ser meg no.»

Men jenta gjekk på biblioteket og blåste kingelvev av krønikene og oppdaga at New York fekk mange nederlandske immigrantar på 1600-talet, og at det var dei som tok med seg legendene om helgenen som reid på ein hest. Helgenen heitte Sinter Klaas, og kom med gåver til snille born. Då gjekk jenta til den nederlandskfødde soknepresten i den katolske kyrkja i byen. Han tok henne med på julemarknad i krypten under St. Paul kyrkje, og baud henne på kaffi, og sa han heitte Michel Beckers.
– Sinter Klaas er det nederlandske namnet på Sankt Nikolas, sa han også.
– Han er ein veldig populær helgen i Europa. I Nederland og fleire europeiske land er det han som kjem med gåver til borna, kledd som ein biskop. Femte desember, kvelden før dagen hans, er som julafta her i landet. Butikkane er stengde, og om kvelden set borna fram skorne sine så dei kan bli fylte med gåver om natta. Og i Skandi-navia er namnet hans blitt til Nils som igjen er blitt til Nisse.
Og presten peika på ein mann med grått skjegg som sat mellom mange andre der nede under kyrkja, og sa:
– Vi har vår eigen Sinter Klaas her i kyrkjelyden.

Mannen med skjegget heitte Mietek Dembowiak og var frå Polen. Han hadde mild røyst og snille augo, og kvart år den sjette desember kledde han seg i bispehue og raud bispekåpe og gjekk med gåver til alle som ynskte det.
– Eg byrjar kvart år hjå nonnene i Parkveien, fortalde han,
– For det var der det tok til for tretten år sidan. Ei av systrene der var sjuk og hadde lege til sengs i mange år, og dei fortalde at ho mest aldri smilte. Så vart eg og dei andre systrene samde om at eg skulle kle meg som Sankt Nikolas, eller Mikolaj, som vi seier i Polen, og kome på besøk. Og då ho fekk sjå Sankt Nikolas, lyste andletet hennar opp i eit smil, og ho byrja leve att.
Og Mietek sa at han har ein snill arbeidsgjevar som gjev av varelageret sitt slik at Sankt Nikolas kan få gåver å dele ut, og elles brukar Mietek sine eigne pengar.
– I år har eg fått brev også. Ein dag sto det eit spørsmål i Summe-tonen i BA, om nokon visste adressa til Sankt Nikolas i Bergen. Då svara eg og sa at dei berre kunne kontakte St. Paul kyrkjelyd. Og sidan har eg fått fleire brev frå born her i byen.
Og han fortalde korleis dei feira Sankt Nikolas i hans eige heimland:
– Den første søndagen etter den sjette desember brukte dei samle borna i kyrkja. Presten kledde seg ut som Sankt Nikolas, og han delte ut gåver som foreldra hadde skaffa i førevegen, forklarte han.
– Då kommunistane tok makta, kunne dei ikkje feire Sankt Nikolas lenger. Då flytta dei heile tradisjonen til ein dag etter nyttår. På den måten kunne dei seie at dette er ein heilt tilfeldig familiefest og har ingenting med Sankt Nikolas å gjere. Men alle visste kven det var likevel.

Men kven var Sankt Nikolas, og kvifor kom han med gåver ustanseleg? Jenta gjekk for å finne den ortodokse kyrkjelyden i byen. Raudkinna born i nissehuer song julesongar i gatene, men det fall ingen snø over dei, for dette var i Bergen, og der har dei sjeldan snø no om dagen.
– Det som er å seie om St. Nikolaus, er at han levde på 300-talet. Ingen veit nett kva tid han vart fødd, men det var i Patara, og han vart seinare biskop i Myra. Begge deler ligg i det som er dagens Tyrkia. Det er sagt at han døydde i ca. år 345, sa Inger Johanne Enger, som i si tid tok initiativ til at «Hellige Nikolai ortodokse menighet» fekk ein filial i Bergen. Oppkalla etter den same Nikolaus som jenta var ute for å leite opp.
– Det er sagt at han var tilstades som ein eldre mann på det økumeniske konsil i Nikea i år 325. Han var visstnok barn av velståande foreldre, og han delte ut rikdomen sin til trengjande. Men han let ikkje etter seg nokre skrifter.
Og ho heldt fram:
– I vestleg forteljarstil blir det sagt at han kasta gullklumpar inn vindaugo til fattige born. I ortodoks tradisjon heiter det at han mellom anna gav pengar til nokre kvinner som hadde som einaste alternativ å gå på gata. Han må ha hatt ei veldig utstråling og varme, det er ikkje rart det er blitt skapt myter om han. Han er eit eksempel til etterfølgjing.
Så synte ho fram eit ikon av St. Nikolaus og forklarte korleis han ofte blir framstilt i raud eller blå
bispekåpe.
No var jenta ved vegs ende. Framfor seg hadde ho den heilage biskopen av Myra, skytshelgen for born, fattige, studentar og sjøfolk. I venstre hand heldt han Skrifta som han bygde livet sitt på, den høgre var lyft til velsigning.

Då gjekk jenta tilbake til Santa Claus og sa: «Du liknar ikkje mykje på Sankt Nikolas lenger, om eg må få seie det?»
«Kanskje ikkje, sånn ved første augnekast,» svara han. «Men eg er eit produkt av legender og sagn frå heile den nordlege halvkula, og litt av Sankt Nikolas har eg enno i meg.»
«Sleden og reinsdyra?» spurde jenta.
«Vogna og geitebukkane til guden Tor.»
«Den raude drakta?»
«Utvikla frå bispekåpa til Sankt Nikolas.»
«Alvane som sit på Nordpolen og lagar leiker?»
«Henta frå skandinaviske fjøsnissar og underjordiske.»
«Kvifor sit det kopiar av deg i alle forretningar i heile byen?»
«Det,» sa Santa Claus, «er kommersialiseringa.»
Og jenta kom i tankar om noko pater Beckers hadde sagt:
– For ungane trur eg nissane kan vere eit morosamt innslag i jula. Men ein kan lure på om dei byrjar tru at det er nissen som er fødd den tjuefjerde.

 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2000