 |
prising.
I Møllendahlsbakken startar og sluttar dagen
med bøn, song og takk.
|
Kva er det som gjer at nokre menneske kjenner
nærveret til Den Heilage Ande i eit rom der andre berre
kjenner lukta av skrivepapir og urtete?
I rommet er det tre rader med pultar, ei tavle, ein videokanon,
ei datamaskin, ein TV, eit el-piano og ein gitar bakerst i
kroken. Det kan sjå ut som eit klasserom i ein kraftkommune
som har råd til å spytte litt ekstra i skuleverket.
Bortsett frå ein ting: På dei fleste pultane,
attmed mobiltelefonen, ligg ein velbrukt bibel.
Det er tjuefem elevar i klassen på Kristent Fellesskap
sin bibelskule, litt fleire jenter enn gutar. Dei er her alle:
Bilmekanikaren som har teke permisjon for å ta eit år
på bibelskule. Den tidlegare narkomane som vart frelst
i fengselet og hoppa inn på skulen straks dei slapp
han ut. Jenta midt i tjueåra som opplevde ein sjukdom
og ei livskrise ho ikkje var sikker på om ho ville komme
levande ut av, før ei innskyting sette henne på
flyet til Bergen for å vere med på eit møte
i kyrkjelyden. Den godt vaksne mannen som tidlegare tente
gode pengar og reiste til Syden to gonger om året, før
han tok imot Jesus heilt åleine i bilen sin ein dag.
 |
Tidleg.
Bøn før mørket sluttar.
|
På pulten sin har Benedikte noko som liknar ein stor
terning med bilete på. Det er ein evangeliseringskube.
Kan skaffast hjå din næraste forhandlar for kristelege
bøker og effektar.
Eg fekk han i går, så eg veit ikkje heilt
korleis han skal brukast enno..., vedgår ho og vender
på han.
Kuben kan opnast og brettast på ulike måtar slik
at ein får fram forskjellige bilete. Med fem-seks handgrep
går ein igjennom heile essensen i evangelia. Frå
mennesket som er skilt ifrå Gud, til Jesus som opnar
porten til Himmelen gjennom sin død på krossen.
På eitt år går elevane igjennom bibelen
frå perm til perm, og lærer om fundamenta i kristenlivet.
I dag er det gjennomgang av det nye testamentet som står
på plakaten dei to første
timane, og Tony Jessen under-viser om «det synoptiske
problem».
Evangelia etter Matteus, Markus og Lukas blir kalla
dei synoptiske evangelia. Synopsis tyder å sjå
ting saman. Desse evangelia har mykje felles stoff, og dei
er redigerte på same
måten. Og dette blir ofte kalla det synoptiske problem:
Kvifor er dei så like? spør han, og svarar sjølv:
Det kan vere fleire forklaringar. Alle dei tre evangelistane
auser av same munnlege kjelder. Alle hadde sannsynlegvis tilgang
til likelydande dokument. Og alle vart rettleia av Den Heilage
Ande.
 |
konsentrasjon.
Bibelen vert studerert medan en teletubby ser på.
|
Eg trudde vel eigentleg at undervisinga
skulle vere mykje meir bastant, seier Helene, som kjem frå
Trøndelag.
At det skulle minne meir om hjernevasking, på
ein måte. Men
lærarane overlet alltid til oss sjølve å
velje kva vi vil tru om ting. Dei er jo veldig klare på
kva dei meiner sjølve, men dei seier at det er vi som
må finne ut av ting. Det likar eg.
Somme tek skuleåret for å kunne gjere teneste
som forkynnarar. Somme vil berre bli betre kjende med Gud.
Og somme vil gje seg sjølve tid til å finne ut
kvar dei står. Det har hendt at folk har teke til ved
skulen utan å kalle seg kristne, men har teke dåpen
i løpet av skuleåret.
Når vi no først er her, greier vi ikkje å
motstå freistnaden til å kome inn på tungetale.
Tungetale skal brukast for din eigen del, meiner Elisabeth.
Ein skal vere varsam med å bruke det i forsamlingar,
dersom der ikkje er einkvan som kan tolke det som blir sagt.
Då kan det bli til velsigning for alle. Viss ingen kan
tolke, er det berre til velsigning for den som talar, og då
skal det brukast på eiga hand.
Men kva er i utgangspunktet vitsen med å snakke
på eit språk ingen forstår?
Av og til er det godt å sleppe å tenke
på kva for ord du brukar når du tilbed Herren.
Det er ei veldig sterk oppleving å berre late orda kome
av seg sjølv.
 |
all heaven declares.
Songteksta vert prosjektert på overhead,
sjølv om alle kan ho frå før.
|
Er du kristen? spør Steinar, han
som vart omvend i bilen sin for tre år sidan.
Eg meiner, kallar du Jesus Herre i livet ditt? For
viss ikkje, så er du ikkje kristen.
Så fortel han om skilnaden mellom livet hans før
og no.
Viss du spurte meg den gongen om korleis eg hadde det,
ville eg sagt at eg har det heilt fint. Men no veit eg at
det ikkje var sant. Då eg sa ja til å følgje
Jesus, var det som om han gjekk inn og fylte ein plass inne
i meg som hadde vore tom tidlegare. Du kan kjenne etter sjølv.
Dei fleste menneske kjenner at dei lengtar mot noko, at det
er eitkvart som manglar. Den kjensla av tomheit, det er Guds
kall. Mange veit det ikkje. Men det er Guds kall.
Mot slutten av skuledagen deler dagleg leiar Norleiv Askeland
ut prøvene om 1. Krønikebok som dei hadde forrige
veke, og som no er ferdig retta. Kvar veke er det prøve
i ein del av
bibelen. No skal prøva gjennomgåast.
Feil! seier Askeland og avbryt han som er i ferd med
å lese opp svaret sitt.
Det var nett det han ikkje gjorde! Han let ikkje levittane
bere paktkista. Har eg gitt deg rett på det? Eg må
ha vore stressa...
Kva var den høgaste scoren? er det einkvan som
vil vite.
Janne hadde faktisk fullt hus. Men eg må jo samstundes
seie at det er veldig lite viktig. Ditt tilhøve til
Gud har ingenting med det å gjere. Du kan faktisk stryke
på ei av desse prøvene og gå rett ut og
be for ein mann på gata, og han blir helbreda, forsikrar
Askeland.
Kvar skuledag blir innleia og avslutta med ein god halvtime
med bøn. Denne bønestunda tek til med lovsang.
Teksta blir prosjektert på veggen med overhead, men
det er ikkje godt å seie kvifor. Nesten ingen ser på
han. Folk let att augo og lyfter hendene. Musik-ken ligg som
sukkerspinn i øyro. Songtekstane utmerkar seg ikkje
ved originale formuleringar og ulike innfallsvinklar.
Viss du høyrer bodskapen berre ein gong, gløymer
du det snart, meiner Nina.
Vi vil leve bodskapen, difor må vi høyre
det på nytt og på nytt. Det skal vere ein livsstil,
ikkje berre noko samlast om ein gong i veka.
 |
engasjert.
Ingen stod igjen og hang.
|
Lovsongen munnar ut i høyrbar mumling frå mange
munnar: «Takk, Herre! Takk, Jesus!» Fleire grip
spontant ordet for å gje uttrykk for si takksemd. Til
slutt må Margrethe gripe inn og sette strek. No skal
dei gå i bønegrupper.
Er det nokon som har bøneemne? spør Margrethe.
Og det er det fleire som har. Ei veninne må reise heim
til bestemora som ligg for døden, kan vi be om at ho
må nå fram i tide? Ei veninne står framfor
to viktige val i livet sitt, der det eine er om ho skal ta
dåpen, kan vi be om at ho må ta dei rette
avgjerdene? Kan vi ta med ein kar i Jesus-gruppa mi som har
litt magetrøbbel om dagen?
Før bøna er det fleire av jentene som knyt tørkle
eller skjerf rundt hovudet. Forklaringa står i 1. Korinterbrev
11, vers fire og fem: Men ei kvinne som bed eller talar profetisk
utan hovud-
bunad, ho vanærer hovudet sitt; for det er det same
som om ho var snauklypt. Vil ikkje ei kvinne ha noko på
hovudet, kan ho like godt klyppe håret av seg!
Det er opp til kvar enkelt om ho vil ha noko på
hovudet, forklarer Margrethe.
Men mange av oss vel å gjere det, for englane
si skuld. Dei kan jo ikkje sjå inn i hjarto våre,
det er det berre Gud som kan. Difor har vi tørkle på
oss, så englane skal vite at vi meiner
alvor.