IAESTE er kanskje det dårlegaste akronymet i verda.
Likevel har det ein god klang i øyro til mange personalsjefar.
I arbeidslivet får internasjonal kunnskap og røynsle
heile tida meir å seie. IAESTE er ein jobbutvekslingsorganisasjon
som kvart år sender omlag 150 norske studentar til arbeidsopphald,
primært sommarjobbar, i utlandet. Og ein sommar med
IAESTE-jobb har rimeleg høg CV-faktor.
Den tungvinte forkortinga står for The International
Association for the Exchange of Students for Technical Experience.
Namnet fortel at det stort sett er studentar i tekniske fag
og realfag som får nyte godt av verksemda til organisasjonen.
Målet er at jobben skal vere mest mogleg relevant og
tilpassa i høve til utdanninga di.
Positive bedrifter
Kvar haust får bedrifter i Bergensområdet
telefon frå IAESTE med spørsmål om dei
kan tenkje seg å vere arbeidsgjevar for ein utanlandsk
student nokre veker i sommarhalvåret. For kvar person
som får jobb i Norge, kan IAESTE sende ein norsk student
til utlandet.
Bedriftene er positive og tykkjer i utgangspunktet
at dette er eit fin tiltak, seier bedriftskampanjeansvarleg
i IAESTE Bergen, Bente Ulvestad.
Men det kan vere vanskeleg å få dei til
å ta det siste steget. Det skal litt til å få
ein bedriftsleiar til å seie «ja takk, vi vil
gjerne tilsette nokon vi aldri har sett, som i tillegg ikkje
snakkar norsk».
I praksis syner det seg at det ofte er IT-firma, og bedrifter
som har tradisjonar for å ha lærlingar hos seg,
som tek imot IAESTE-studentar.
Heller gatekjøken enn utland
IAESTE har avdelingar i omlag 60 land. I januar kvart
år blir det halde ein internasjonal konferanse der jobbtilboda
blir bytta mellom avdelingane som fotballkort. I desse dagar
er jobbane klare og ligg til utlysing mellom anna på
Realfagbygget og på Internett. Søknadsfristen
er i midten av februar, og i mars får søkjarane
svar på om dei er blitt nominerte til jobben.
Det syner seg likevel at mange norske studentar heller reiser
heim til mor og far og jobbar på gatekjøken eller
aldersheim i sommarferien. Det har Bente Ulvestad vanskeleg
for å forstå.
Det kan av og til vere vanskeleg å få folk
til å søke på jobbane. Eg fattar det berre
ikkje!
Kvart år arrangerer IAESTE næringslivsdag på
mat.-nat, for å gje universitetsstudentar ein smule
kontakt med framtidige arbeidsgjevarar. Dette er den viktigaste
inntektskjelda for bergenskontoret.
Vi har hatt nokre bedriftspresentasjonar, og vil prøve
å få til litt meir av det, seier Ulvestad.
Reception officer
Pengane går mellom anna til å dele ut reisestipend
til norske studentar som skal jobbe utanlands. Dessutan lønner
IAESTE ein reception officer, som det heiter på internasjonalt,
i kvar av dei store byane om sommaren. Det er ein person som
tek imot dei som kjem til Norge for å arbeide, hjelper
dei med praktiske ting og arrangerer turar og andre sosiale
tilbod.
Kjerstin Gjengedal
kjerstin.gjengedal@student.uib.no
Foto: lars myhren holand
Forsking og ferie
Du blir kanskje ikkje rik av ein sommarjobb i utlandet.
Ikkje på anna enn vener og opplevingar.
Eg veit ikkje om eg får bruk får arbeidsrøynsla
frå Brasil direkte, seier Even Fossum som var tre månader
i den brasilianske byen Campinas i fjor sommar.
Men det er spennande å sjå korleis dei
gjer ting andre stader. Slik røynsle får ein
alltid bruk for.
Even studerer molekylærbiologi når han er i Bergen.
I Brasil jobba han med eit forskingsprosjekt på universitetet
i Campinas, når han ikkje var på helgeturar til
andre delar av landet. Prosjektet gjekk ut på å
bruke ein type bakterie til å produsere eit enzym som
etter kvart kan brukast til medisinske føremål.
Då eg søkte jobben, fekk eg beskjed om
at eg måtte kunne engelsk eller spansk, fortel Even.
Professorane og medarbeidarane mine var flinke i engelsk,
så det gjekk greit. Men elles er det ikkje veldig mange
studentar i Brasil som snakkar engelsk. Og taxisjåførane
snakkar det spesielt dårleg.
Men ingen bør la seg skremme frå ein IAESTE-jobb
av praktiske problem, meiner han.
Når du har søkt på jobben og fått
han, må du ordne visum, forsikring, vaksinar og slike
ting. Men det går veldig greit, og du får hjelp
av IAESTE.
Even landa på flyplassen i Sao Paolo med beskjed om
kva buss han måtte ta for å kome til rett by.
Vel framme blei han innkvartert heime hos nokre andre studentar.
I Brasil er det slik at dersom du vil reise ut med
IAESTE, må du først ha ein utanlandsk student
buande hos deg. For den som kjem på besøk, vil
det seie at du alltid har nokon som kjenner området
og som kan vise deg rundt og forklare ting.
Dersom du reiser langt, deler IAESTE ut reisestøtte
i form av
stipend. Even fekk dekka to tredjedeler av prisen på
flybilletten. Elles er det ikkje lukrativt å ta ein
IAESTE-jobb. Løna du får, avspeglar levekostnadane
i landet der du arbeider. På den andre sida er det mange
som ville betalt for den kulturkunnskapen og dei internasjonale
kontaktane du sit att med når opphaldet er over.