 |
traktortepper.
Regien har laga tepper til traktoren sin.
|
Med ei utstilling i Vestlandske Kunstindustrimuseum
markerer Kunsthøg-skolen i Bergen kvart år at
hovudfagsstudentane snart er ferdige med utdanninga si. Årets
utstilling består av bidrag frå alle dei 24 hovudfagsstudentane
ved seksjonane for tekstil, fotografi, keramikk, visuell kommunikasjon
og interiør- og møbeldesign.
Særleg spanande er arbeidet til 23 år gamle Regien
C J M Cox. Ho er opprinneleg frå Nederland, men kom
til Noreg for å gå på folkehøgskule.
Då året var omme hadde ho ikkje lyst til å
reise heim, så ho søkte om opptak ved Kunsthøgskolen
i Bergen og kom inn der. I løpet av hovudfagsperioden
har ho kjøpt og gjort seg til vens med ein traktor.
Traktoren er ein gamal, blå Ford 4000, og Regien innrømmer
gjerne at det var kjærleik ved fyrste augekast.
 |
parkeringsplass.
Traktoren sin plass i verda.
|
Det heile byrja med at eg måla eit bilete
som eg kalla «den grøne traktoren». Tittelen
og biletet hadde opprinneleg ingenting sams, men då
eg tok til på hovudfaget fann eg ut at eg ville gjere
noko med den setninga, forklarar Regien.
Og så tok ho til å lage det ho karakteriserer
som «traktor-relaterte» tekstilar. Tekstilane
vart laga hovudsakleg med tanke på å gjere den
grøne traktoren lukkeleg. Regien har fleire pedaltrekk
og tepper frå utprøvingsperioden av prosjektet,
men dei beste arbeida såg dagens lys etter at Regien
kjøpte seg ein traktor sjølv.
Kunst:
|
|
Hovudfagsutstilling
med
studentar frå
Kunsthøgskolen i Bergen
«Kasus01»
Tysdag til søndag
kl. 12 - 16,
3.februar - 4.mars
|
Eg har ei fantasiverd utanom det vanlege, og
det var lenge ein draum å la fantasiane mine kome til
uttrykk. Eg hadde eit
bilete av ein grøn traktor i hovudet mitt, og det var
difor ganske morosamt å finne at han eigentleg var blå,
seier Regien.
Men det er ikkje berre traktoren som står sentralt i
prosjektet til Regien. Ho har i tillegg eit ønskje
om å uttrykkje fridom og mot til å nytte seg av
fantasi og undring.
Det har ikkje så mykje å sei om folk som
ser utstillinga legg heilt andre ting i prosjektet enn eg
i utgangspunktet har tenkt. Eg har sjølv veldig kontakt
med fantasiverda mi, og om prosjektet mitt inspirerer andre
til det same så er det berre positivt, seier Regien.
Traktoren fekk ho for 5000 kroner, og i påvente av at
Regien skal realisere planane sine står han parkert
på parkeringsplassen utanfor Kunsthøgskolen.
Regien fortel at sett vekk frå fascinasjonen
hennar av traktoren som ein «ting» med liv og
tankar, så har konseptet vore knytta rundt det ho kallar
stasjonære og mobile stader.
Eg har valt å jobbe med traktoren i byen. Der
har eg gitt han to ulike tepper. Det stasjonære er direkte
relatert til byen, medan det mobile er relatert til traktoren,
fortel ho. Regien forklarar vidare at det som knyttar det
stasjonære teppet til byen, er asfalten det er laga
av. Asfalten fekk ho varm frå Rådal Asfaltverk.
I tillegg til asfalt er teppet laga av ull som er farga og
forma i ulike fasongar. Teknikkane ho har nytta er i hovudsak
toving og veving. Biletet var ferdig som skisse på eit
papir, men den største utfordringa låg i å
synleggjere draumen om traktoren i stort format. Det tok mykje
tid å finne ut korleis streken og fargane best kunne
takast vare på.
Asfaltteppet skal fungere som parkeringsplass for traktoren.
Slik kan han vite akkurat kvar han skal stå på
ein stor parkeringsplass. Det er hans teppe i verda, seier
Regien.
Når det gjeld det mobile teppet, så er det knytta
til byen gjennom småting Regien har funne på gata
og som ho har sydd fast i teppet. Poenget er at traktoren
kan ta med seg teppet overalt i verda. Han kan rulle det saman
og ha det i skuffa si, eller leggje det over eller under seg.
Utgangspunktet mitt var å lage tekstilar
som uttrykkjer traktoreigenskapar samstundes som dei synleggjer
draumeverda mi. Eg trur traktoren har eit ønskje om
å vere til stades i den draumeverda, og teppa seier
noko om personlegdomen hans, forklarar Regien.
Ho fortel vidare at skalaen teppa er laga i er noko ho har
vore særs bevisst på. Teppa er direkte relatert
til storleiken på traktoren og det personlege rommet
han treng rundt seg.
Det at teppa berre er litt større enn traktoren
sjølv, gjer at han kan ha eit nært forhold til
dei, presiserer ho.
Regien har òg behov for å få fram at inspirasjonen
ho har henta frå traktoren ikkje representerer ei slags
flukt attende til barndomen.
Eg har vore veldig bevisst på alt eg har gjort,
og mykje tid har gått med på å prøve
ulike løysingar, seier ho.
Vidare har ho planar om å ta med seg traktoren til stranda
og på landet for å gjere liknande prosjekt der,
men fyrst skal traktoren få prøve teppa sine
i byen. Ein annan ting er òg at Regien må ta
sertifikatet for å kunne køyre sjølv.
Til no har ho fått assistanse av andre når behovet
for å flytte traktoren har meldt seg, men det er eit
klart mål å køyre på eiga hand.
På mange måtar er denne utstillinga eit
vendepunkt i livet til Regien og mange av dei andre hovudfagsstudentane.
I eitt og eit halvt år har dei vore priviligerte som
har kunna via seg heilt og fullt til eigne prosjekt. No ventar
den verkelege verda, og der er det ikkje berre enkelt å
finne arbeid etter endt
utdanning.
Eg håpar nokon likar prosjektet mitt og tek kontakt
for nye oppdrag, seier Regien.
For å få nye oppdrag må ho i hovudsak jobbe
hardt og søke om plass på ulike utstillingar.
Ho kjem ikkje langt dersom ho ikkje klarar gjere seg synleg,
og dette er noko som spesielt pregar studentane frå
seksjonane for tekstil og kunst. Det har tidlegare synt seg
at designstudentane er dei som kjem best ut av det på
arbeidsmarknaden. Men dette tek ikkje motet frå Regien.
Om ein månad tek ho med seg tepper og traktor og flyttar
til Belgia. Der håpar ho å kunne skape seg eit
namn. Uansett kva som skjer er det ingen tvil om kven som
er den heldigaste traktoren i verda.