Å prøve å fange omgrepet tid har interessert
mange filosofar, i tillegg til studentar som besvarerer det
i eksamensoppgåver. Spørsmålet, kva er
eigentleg tid?
Tid er eit veldig komplekst omgrep, seier Bjørn
Olav Roaldseth, ved Filosofisk institutt på UiB.
Du kan vel på ein måte seie at tida er
livet, fortset han.
Kontoret til Roaldseth ligg i eit bygg som no skal renoverast.
Det verkar som om tida har fått arbeide her utan forstyrring
av malarkost og renoveringstankar.
Før vi kan tenkje klart får vi sette på
ein kopp kaffi, seier han, for dette er slett ikkje enkelt.
Tidsoppfatning
Medan kaffinen traktar, prøver Roaldseth å
forklare Heidegger sitt syn på tid på ein lettfattleg
måte.
I vår kultur har vi alle eit forhold til fortid,
notid og framtid. Denne oppfatninga av tid har vi fått
frå den jødiske tidsoppfatninga, som er lineær.
Med lineær tidsoppfatning meiner eg at tida har ei byrjing
og ein slutt, i motsetnad til
syklisk tenking. For å gjere det klarare vil eg nytte
eit døme.
I eit forsøk på å forklare sitt tidssyn
nyttar Heidegger eit døme med ein bonde som skal lage
ei tønne. I arbeidet med å lage tønna
har bonden ei framtidsoppgåve framføre seg. Arbeidet
strekk seg ut framføre han. Arbeidet med tønna
skjer i notid, men arbeidet vil nødvendigvis strekke
seg inn i framtida. Dermed lev han på ein måte
både i notida og framtida, ved at han har ei forhåpning
om korleis tønna vil bli når den er ferdig.
Dette er altså ei forståing av tid?
Ifølge Heidegger iallefall. Som sagt er det
eit veldig omfattande omgrep.
Døden, livet og tida
På kontoret er det stille. Det einaste ein høyrer
frå utanomverda er trafikken som suser gjennom Høyden.
Den moderne traffikkmaskinen på utsida står i
kontrast til bygningen frå århundreskiftet. Då
var dette bustad for overklassen i Bergen. Tankar om fortida
i notida.
Kvifor er vi eigentleg så opptekne av tid?
Vi er opptekne av tid fordi vi er opptekne av døden
trur eg, vi veit at vi ikkje kan sleppe unna tida.
Ein vismann har sagt at vi byrjar å døy frå
det augeblikket vi blir født. Døden, livet og
tida heng dermed nøye saman etter mi meining. Og skal
vi prøve å forstå tida må vi vende
oss til desse omgrepa.
Den tida vi oftast referer til i dagleglivet er nok mekanisk
tid.
Kva meiner du med mekanisk tid, spør Roaldseth.
Eg meiner den tida som vi får frå å
sjå på klokka, altså den tida som er rundt
oss.
Nei, det er ikkje den mekaniske tida vi føler
på kroppen. Eg skal gi deg eit døme.
Når vi kjedar oss verkar det som om tida står
stille. Visarane på klokka verkar til å slepe
seg avgarde, medan vi sjølve er fanga i tida på
ein måte. Vi ser på visarane, og føler
at tida held oss fanga. Denne kjensla har ingenting med den
mekaniske tida å gjere. Den følte tida er dermed
den verkelege tida for deg som person, i motsetnad til den
mekaniske tida som eit armbåndsur måler. Av den
grunn er det viktig å skille mellom mekanisk tid og
filosofisk/litterær tid.
Å føle tid
Bygningen og kontoret gir inntrykk av at tida på
ein måte har stått stille. Så ringer mobiltelfonen,
lyden minner oss på moderniteten og at tida ikkje står
stille. Sjølv her.
Vi seier alle at vi har dårleg tid frå
tid til annan, kva meiner vi eigentleg med det, etter di meining?
Slik eg ser det er ikke det ein påstand det går
an å ytre. Etter mi meining er eit slikt utsegn berre
ei bortforklaring fordi ein ikkje har lyst, eller ikkje orkar
eit gjeremål. Ved å uttale noko slikt gjer vi
oss tilsynelatande til herre over tida. Vi gjer den til noko
handfast som vi kan bestemme over. Det er ikkje mogleg, av
den enkle grunn at vi lev tid.
Lev tid?
Ja, det er det som er den raude tråden i denne
tankegangen. Liv og tid heng saman. Tankar vi har om fortida
og framtida smeltar saman i notid. Med eksistens slik Heidegger
tenker det, tenker vi oss konstant inn i framtida, sidan vi
ventar noko, håper på noko. I framtida skjer det
vi vil gjere, det vi ventar oss det vi ønsker oss med
livet vårt.
Dermed kan vi seie at vi lev tid.
Nok eit ring frå mobiltelefonen signaliserer at intervjuet
er over. Tilsynelatande har omgrepet tid blitt litt klarare.
Likevel er eg ikkje er heilt klar over om det er følt
tid eller mekanisk tid som har passert, og det kalde, gråe
regnet trommar uforstyrra mot ruta no som før.
tekst: Vigleik Røkke Mathisen
vigleik@mailcity.com
IllustrasjonsFoto: Rune Tokle