|
onsdag
25. april, nr 13 - 56. årgang
|
|
|
|
|
Etter ein periode med store overskridingar, var NSU-leiar Ine
Saxvik tydeleg stolt over å kunne presentere eit overskot
på over 260.000 kr, då ho entra podiet for å
presentere det reviderte budsjettet. Innsparingane er dels gjorde
ved å redusere kostnadar i sentralleddet og å minke
stønaden til lokallaga. Dei tidlegare underskota har gjort
eit Har kutta støtte Ingen økonomisk opptur Grunde Grimstad
|
![]() |
GLAD:
|
Larsen er 26 år og statsvitar, og har gått gradene
oppover i organisasjonen. Han meiner han har eigenskapar som vil
kome NSU til gode. Mellom fanesakene hans er sikring av fri rett
til høgare utdanning gjennom studentvelferd og studiefinansiering.
Så du er einig med Mjøsutvalet?
Mjøsutvalet si instilling inneber ei stor reform,
og har mykje bra og ein del mindre bra. At den satsar på
kvalitet i undervisinga og auka studiefinansiering likar eg svært
godt, seier Larsen.
Mindre mangfald
Meir skeptisk er han til den gjennomgåande effektivitetstankegangen
i innstillinga, som han meiner kan gå ut over mangfaldet
i undervisinga, og difor studiekvaliteten. Han trur det då
vert mindre rom for dei som må eller vil bruke lenger tid,
fordjupe seg i materien og/eller lese sekundærlitteratur.
Kvifor er norske studentar dei minst produktive i Europa?
Det er ikkje nødvendigvis negativt at studentane
er lenger i systemet. Men fyrst og fremst må det vere systemet
det er noko gale med, og ikkje noko ein kan klandre studentane
for, meiner han.
Er det negativt for Bergensstudentane at du ikkje er frå
Bergen?
Eg trur ikkje det har så mykje å seie kvar
eg kjem frå. Eg er her for å gjere ein jobb for studentane
i heile landet, seier den nye leiaren.
Saker i systemet
Mange saker ligg enno i systemet for utreiing. Både spøsmålet
om stenging av fag på universiteteta og den planlagte samanslåinga
av NSU og Studentenes Landsforbund (StL) treng vidare utreding
før det kan takast ei endeleg avgjerdsle.
I dag organiserer NSU studentane ved universiteta og dei vitskaplege
høgskulane, medan StL femner om dei andre statlege høgskulane
og dei private høgskulane. Dei to organisasjonane er omlag
jamstore. Ein stor samlande organisasjon kan tidlegast verta endeleg
vedteke på neste landsting og vil i så høve
vere verksam frå og med 1. juli 2002.
![]() |
|