
I dag vel mange kunstnarar å arbeide saman på
tvers av ulike felt. Eit fenomen utanom det vanlege, meiner nokre,
men for forfattaren Steffen Sørum og musikaren John Erik Kaada
er det ingenting som kjennest meir naturleg enn akkurat det.
Litterær remiksing

Det heile byrja med at eg vart invitert av «Vinduet»
til å vere gjesteredaktør, fortel forfattar Steffen
Sørum.
Han foreslo så å få i gang eit prosjekt der
forfattarar og musikarar gjekk saman og laga ein cd på tvers
av kunstformene. Dette var ein idé redaksjonen i litteraturtidsskriftet
«Vinduet» tente på, og Steffen vart utnemnd
som redaktør og koordinator for prosjektet.
Og så gjekk invitasjonane ut til fjern og nær. Blant
dei som takka ja til å vere med er Jan Erik Vold, John Erik
Riley, Tore Renberg, Xploding Plastix, Folk & Røvere
og Cloroform.
Me la vekt på å invitere ulike forfattarar
og musikarar, basert på ei vurdering av kva dei einskilde
kunne tilføre prosjektet. Det var faktisk ingen som takka
nei til henvendinga vår, seier Steffen.
Og blant dei som takka ja er John Erik Kaada, medlem av støyjazzgruppa
Cloroform. På cd-en har Cloroform samarbeida med Tore Renberg,
og John Erik seier det hovudsakleg var tanken på dette samarbeidet
som gjorde avgjersla enkel. Han har lenge vore ein ivrig lesar
av Renberg og meiner det er mykje musikk i form av rytme og flyt
i bøkene hans.
Forfattarar som skriv bra tekstar, er i dei fleste tilfelle
veldig musikalske. Det fine med eit slikt samarbeid er at musikarane
og forfattarane har mykje å lære av kvarandre. Det
me driv med er jo ikkje så ulikt, og forfattarane høyrer
ofte andre ting i musikken enn musikarane sjølv, forklarar
John Erik.
Samansmelting
Steffen meiner det er vanskeleg å skilje det å skrive
og det å lage musikk frå kvarandre som to ulike kunstformer.
Han ser på både musikk og litteratur som handtverk
der same logikken ligg til grunn.
Difor blir det vanskeleg å snakke om det å blande
desse to kunstformene som ein «ting» eller som noko
som er «in», seier han.
Han fortel at Lydbok fyrst og fremst er eit resultat av at alle
dei involverte har hatt mot og vilje til å eksperimentere
med tekst og lyd. Eksperimentet går i hovudsak ut på
kor langt ein kan gå når ein kombinerer musikk med
ulike tekstar og stemmer, og eit par av spora på cd-en vart
til mest på slump under innspelinga.
Samstundes er det viktig med balanse. Det skal ikkje mykje
til før det eine drep det andre, legg han til.
John Erik er einig i dette, men legg til at trass i at det å
føre to kunstformer saman er noko ein må gjere bevisst,
så er det likevel heilt naturleg.
Det å ikkje la seg inspirere av andre er farleg.
Ein kan hente utruleg mykje i kvarandre sine rekker, ikkje minst
fordi det er så mykje av kvalitet som rører seg rundt
ikring, forklarar han.
Multimediatid
«Lydbok» er omlag den fyrste i sitt slag i Noreg,
men verken Steffen eller John Erik meiner linken mellom musikk
og litteratur er ny.
Dette er noko som har eksistert heilt sidan antikken. Ordet
lyrikk står jo i samband med musikkinstrumentet lyre, medan
ordet poesi står i samband med havet, eller takta frå
bølgjene som slår mot land, seier Steffen.
John Erik er viss på at bakgrunnen for at kunstnarar, forfattarar
og musikarar søker saman, er å finne i multimediasamfunnet.
Han meiner det er sjeldan ein i dag har opplevingar av reine kunstformer
heilt adskilt frå alt som er rundt. Eit eksempel er konsertar,
der ein i tillegg til musikken får ei slags visuell pakke
i form av til dømes lys og bilete på kjøpet.
TV er òg eit eksempel på samansmelting av fleire
kunstartar, og då spesielt ein kanal som MTV.
Eg trur ikkje det å kople kunstuttrykk med kvarandre
er å strebe etter originalitet. Den yngre generasjonen i
dag har gjennom heile oppveksten blitt bomba med inntrykk frå
alle kantar, og på den måten blir det mest unaturleg
å ikkje jobbe på tvers, seier John Erik.
Steffen meiner mange unge forfattarar og musikarar i dag har eit
behov for dialog med kvarandre, og det kan ha samanheng med at
dei har eit anna sosialt utgangspunkt enn tidlegare. Det litterære
miljøet er prega av eit mildare klima i dag, og færre
er opptekne av ei klinisk, rein rolle anten som forfattar, eller
som musikar.
John Erik legg til at kunstnarar eigentleg alltid har vore modige.
Det er ikkje noko som pregar dagens yngre generasjon meir enn
tidlegare.
Eg meiner det å gå ut frå at unge kunstnarar
er uredde, er ein farleg teori. Før trudde eg mange tidlegare
kunstnarar var ein gjeng pyser, men etter at eg sette meg meir
inn i kva som eigentleg er blitt gjort, fekk eg ei skikkeleg oppvakning.
Kunstnarar har på eit vis alltid levd på kanten og
tatt sjansar, kanskje meir tidlegare enn no, seier han.
Frigjering
Det både Steffen og John Erik likar best med heile prosjektet,
er at når ein koplar musikk med litteratur, så gir
det rom for å gå mykje lenger innan begge felta enn
ein vanlegvis kunne gjort.
Når ein blandar ei kunstform som musikk med litteratur
eller tekst, så gjer det i mange tilfelle at teksten blir
meir fri. Det er lettare å sleppe teksten fri når
ein arbeider slik, enn i ei bok, forklarar Steffen.
Han legg til at dette ikkje har noko med om teksten er god eller
dårleg å gjere, men at ein tekst i ei bok kan kome
ut for ein slags stillstand.
Når ein forfattar skriv, sit han jo i sitt eige rom
på eit vis. Når teksten er ferdig blir han gitt ut
som bok, og denne blir så lest av einkvan som kanskje uttalar
seg eller skriv om ho. Sidan dette ofte ikkje inkluderer andre
enn dei som er spesielt interessert, er det mogleg å spørje
kor interessant det eigentleg er, seier Steffen.
Torunn T. Laberg/torunn_todal_laberg@hotmail.com
|