
Vitskap, kunst og glede
Er no eigentleg skilnaden på humanistar
og realistar så stor som vi likar å tru?
Kvifor er det slik at ein kunstnar alltid blir spurt om kva han
vil med verket sitt, kva han føler, kvifor han likar å
gjere det han gjer, medan ein realist berre blir beden om å
oppgje fakta frå fagfeltet sitt? Og kor mykje rikare ville
verdsbiletet vårt ha vore dersom vi greidde å bryte
dette mønsteret?
Ingen vitskap utan kjensler
Naturvitskaplege resultat blir uttrykte i teoriar. Å formulere
noko i ein teori vil seie å gjere innhaldet tilgjengeleg
for så mange som råd, slik at dei forstår det
på same måten. Då må ein fjerne alle tvetydige
og fantasifulle uttrykksmåtar og kle innhaldet i eit ordinært
og ofte kjedeleg språk. Ein gløymer fort at teoriar
byggjer på innsikt som er alt anna enn kjedeleg: Dei byggjer
på plutselege glimt av forståing, på mørke
tunnelar av rutinearbeid, på uendelege bølgjedalar
av tvil og frustrasjon, og på fjelltoppar av rusliknande
lukke. Og utan at vi veit noko om alt dette, får vi heller
ikkje fullt utbytte av resultatet.
Det er ikkje lett å finne analogiar, men lat oss for all
del prøve likevel: Du sit midt ute i eit svært aude
område der det ikkje finst menneske i mils omkrins. Du har
med deg ein liten reise-tv, og du sit og ser kampen mellom Norge
og Brasil i siste fotball-VM. Dei 80 første traurige minutta
av kampen har vart i ein månad, og du er ikkje heilt viss
på om du orkar meir, men føler likevel at du ikkje
kan gje deg før alt er over. Så kjem dei siste ti
minutta, Tore-Andre og Kjetil scorar og du dansar einsam i skogen
av lukke og jublar og skrik og der er ingen å dele
det med. Og du brenn av lyst til å ta eit rådyr eller
ein elg i nakkeskinnet og rope: «Såg du det? Kva!?»,
men du veit instinktivt at det vil vere til liten nytte, og at
elgen ikkje har føresetnader for å forstå gleda
di og dele henne med deg.
Analogien er ikkje heilt god. Han dekkjer kjensla av overraska
lukke, og trangen til å dele opplevinga, men ikkje kjensla
av å meistre noko, som er eit sentralt element.
Kreativ matematikk
Det ligg så mykje i matematikken, seier Arne Stray,
professor i rein matematikk ved UiB.
Djup matematikk er ofte flott matematikk. Du kjenner det
på deg når du møter det det tek tak
i deg, akkurat slik ei flott bok eller god musikk gjer det.
Stray er overtydd om at denne gleda er naudsynt i forskinga.
Dei som ikkje har gleda og undringa, må vere ulukkelege.
Dei verkeleg store matematikarane, eg meiner nobelprisvinnarar
og slikt, dei har ei kunstnarhaldning til faget sitt. Dei fortel
om ein nesten fysisk smertefull skaparprosess. Det er mykje likt
mellom kunst og matematikk. Men slike opplevingar er jo ikkje
lett å formidle.
Noko av problemet er sjølvsagt at ein treng eit visst mon
av bakgrunnskunnskap for å sjå venleiken i ei matematisk
setning. Opplevinga er ikkje like umiddelbart tilgjengeleg som
eit musikkstykke der ein berre kan opne øyro og ta imot.
Professor i zoologi, Harald Kryvi, har derimot funne ei visuell
løysing på formidlingsproblemet sitt.
Jeg blir helt mo i knærne når jeg ser en knokkel,
vedgår han.
Og fordi det er så flott, vil jeg gjerne vise det
til andre.
Kryvi brukar mesteparten av fritida si til å lage bilete
av bein og indre organ frå dyr og menneske.
Jeg setter motivet inn i en annen sammenheng ved å
tenke meg at det har et eget liv, at en knokkel kan vere stolt
eller fornærmet. Men jeg har lagt én restriksjon
på meg selv: Det skal vere anatomisk nøyaktig. Hvis
du fjerner alt det andre på bildet, skal organet kunne gå
rett inn i en lærebok i anatomi, forklarer Kryvi.
Venleiken i ein knokkel
Det tek til med det han kallar «syner i hovudet»,
noko han vil vise fram. Så byrjar han lage skisser. Når
han har prøvd seg fram og motivet er klart, kjem jobben
med å risse det inn i ei koparplate med ein stålblyant.
Og da kan jeg ikke lage en eneste feil strek! Gjør
jeg det, må jeg begynne på nytt.
Det som skal vere mørkt på biletet, må etsast
med salpetersyre, og det som ikkje skal etsast må målast
over med lakk. Til slutt legg han farge på plata og overfører
motivet til papir.
Når noen kommer og sier at dette liker jeg, dette
er fint... da har vedkommende gjort dagen min.
Han finn eit lite bilete, ei scene frå ein triveleg landtur
i det fri. Dei som ligg og dreg seg under parasollen, er ikkje
menneske, men fotknoklar. Alle knoklane i foten, tekne frå
kvarandre og stilt opp som ein skuleklasse til fotografering.
Jeg prøver som regel å legge inn litt komikk
jeg vil ha en god stemning, forklarer Kryvi.
Men kvifor bruke så mykje tid på dette?
Det er en flamme jeg har hatt helt fra jeg var liten, og
som er like sterk i dag. Jeg tror alle forskere har denne gløden,
seier han, og kan ikkje forstå kvifor så mange meiner
naturvitskap er kjedeleg.
Dette er jo den virkelige verden, ikke noe tenkt dill.
Hvorfor er det så mye mer interessant å studere film,
for eksempel? Film er oppkonstruert, noen sitter på en tribune
og filmer noen andre som gjør ett eller annet.
Han tek fram ein ulveskalle han har liggjande på skrivebordet.
Se her, er det ikke flott? Ingen Vårherre har planlagt
dette. Den er blitt sånn fordi det fungerer.
Å finne eit eige språk
Men Kryvi vedgår at realistane ofte har eit formidlingsproblem.
Hvis jeg ikke hadde laget bilder, ville jeg fått
vanskeligheter med å forklare hva som er så fint med
faget mitt. Det ville bli som å gå en tur på
fjellet og komme ned igjen og si til folk i byen at det var så
flott på fjellet i dag. De ville bare trekke på skuldrene.
Likevel: Dei som har gjort store oppdagingar i naturvitskapane,
har ofte klart å finne eit nytt og innovativt språk
for å formidle oppdagingane sine. Fantasistimulerande ord
som «kvark» og «svarte hol», eller frontomgrepet
i meteorologien, var ukjende før dei blei brukte i den
samanhengen vi no kjenner dei. Språk, drama og plottkonstruksjon
er like viktig, men kanskje ikkje like synleg, i naturvitskapen
som i andre fagområde.
|