onsdag 19. september, nr 20 - 56. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar apropos meiningar news leiar side 2 midten kultur nyhende fint bilde tips studvest 55 54 51 48

MIDTEN


Litt meir levande

Seglgruppa i BSI har kjøpt ny båt. «Hipp Hurra» heiter vidunderet, og på laurdag fekk vi vere med på prøvetur på byfjorden.

IDYLL PÅ BYFJORDEN: Slike dager er det godt å segle.

Med strålande sol og frisk bris kan sjølv ein lekmann forstå at det er fantastiske forhold for segling. Vi møter opp ved Strandkaien for å treffe Are, Kristine og Christian frå BSI Seiling. Sistnemnde skulle eigentleg ikkje vere med, men Are har - fornuftig nok, skal det vise seg - funne ut at det er greit å ha med flest mogleg rutinerte seglarar. Med fire mildt tala uerfarne og smånervøse passasjerar er nok ikkje det så dumt tenkt. Dramatisk vert det alt før start, då Are, som kjem rett frå regatta i Byfjorden, fell i vatnet under ein heltemodig redningsdåd. Når solbriller til 700 kroner er på veg mot botnen er det berre å stupe etter, smiler Are, og ser ut til å ta det heile med fatning. Kjærasten Kristine ofrar

Konsentrert: Kristine tek hand om storseglet.

ulltrøya si, og etter litt om og men er alle nokonlunde turre og på veg ut Vågen.

– Det fyrste vi må lære oss er den elementære operasjonen å slå, det vil seie å snu segla medan vi kryssar, slik at båten går i sikksakk utover. Slik utnyttar vi vinden best, seier Are.

Men eg har ikkje fått med meg at båten kjem til å krenge voldsomt og at ein bør kome seg over på den sida som er lengst unna vatnet. Dermed ligg eg brått med ryggtavla faretrugande nær det våte, og opplever nokre sekund der eg er sikker på at vi kjem til å ta overbalanse og kantre. Eg smiler tappert, men har fått månadens beste adrenalinkick. Etter kvart lærer vi oss drillen, og Are og Christian er overraska over kor glatt det går, særskilt sidan det berre er ei veke sidan dei prøvde båten for første gang sjølve. Når byfjorden opnar seg er eg litt våt på føtene, men ikkje meir enn at eg overlever. Dei erfarne medseglarane har sjølvsagt investert fleire tusen kroner i klede som held dei turre, og det hjelp godt på når eg på idiotisk manér søler kaffi over Christian. Utruleg nok forstår eg ikkje at det å skjenke kaffi i frisk bris faktisk er ein ganske dum ting å gjere. Christian smiler overberande, medan eg trøystar meg med at eg nok ikkje er den fyrste som gjer denne feilen. Med føtene over ripa i frisk bris og 6-7 knop kjenner ein seg ganske bra. Dei tre frå BSI gliser og storkosar seg, og synest det er synd at vi ikkje kan heise spinnakeren, som ville ha auka farta enno meir.

«Hipp hurra» har ei maksfart på ca 10-11 knop, seier Christian, og må forklare at det tilsvarar om lag 20 km/t (ja ja ja, det var ikkje alle som fylgde med i den timen på skulen). Dersom du synest det høyrest lite ut, kan eg berre fastslå at fartskjensla ombord i båten er enormt stor. Etter kvart som vi nærmar oss Askøybrua vert forholda roligare, og Christian let meg overta roret ei stund. Eg vert overraska over kor lite som skal til før manglande konsentrasjon gjev seg utslag i fartstap eller faretrugande krenging, og fylgjer Are sine instruksjonar så godt eg kan.
- Du styrer jo som ein gud, seier Christian, og eg merkar at eg ikkje er så immun mot ubegrunna ros som eg trudde eg var. Likevel er eg letta over å ha unngått dei heilt store tabbene når eg etter ei stund meiner at eg kan overlate roret til Are utan å miste ansikt. Når vi kjem inn under Askøybrua stilnar vinden brått, og snart er alt berre kos. Med røyk og kaffi (kontrollert servert denne gangen) er det berre å lene seg bakover og late att augene. Eg høyrer at fotografen plystrar «Hildringstimen», og oppdagar irritert at songen sit klistra. Det skal vise seg at eg ikkje får han ut av hovudet før fleire dagar seinare, men det er eg heldigvis lukkelig uvitande om no. Etter ei stund i Paradis merkar vi at vinden byrjar å ta seg opp i det vi kjem inn i byrjinga på Hjeltefjorden og ser ope hav der ute. Are spør om vi har lyst til å snu og segle tilbake til byen.
- Vi må jo teste forholda, ropar Christian energisk, og vi vågar sjølvsagt ikkje å seie han mot. Etter ein liten diskusjon kjem Are og Christian fram til at vinden nok ligg

Barsking: Are er sjefen ombord.

kring liten kuling, og eg merkar at dei reiser seg og vert meir konsentrerte i det farta aukar og båten legg seg over. Knut Frostad-faktoren er høg når Are står ved roret og held samtalen i gang ved å rope fram til oss andre, som omsider vert våte til skinnet (det var uansett berre eit spørsmål om tid). Christian tek kontroll over storseglet medan Kristine står klar ved taua, og når vi jibber (eg fekk aldri med meg kva det vil seie å jibbe, men vi snudde iallfall), sprett resten av oss over båten så fort og grasiøst som vi kan.
- Det er jo eigentlig rein fysikk, seier Are når vi er i smulare farvatn, og byrjar å forklare om vindretning og trykkskilnadar. Alt dette går sjølvsagt langt over hovudet på oss, men vi nikkar forståande og freister å kome med nokonlunde intelligente sjølvsagtheiter som svar. Når vi nærmar oss Nordnes er sola i ferd med å gå ned, og temperaturen fell fort. Før siste rest av sol forsvinn går eg frem i baugen og let att augene. Eg kjenner meg litt meir levande.

Tekst: Bjarte Brandal
bjarte.brandal@c2i.net
Alle foto: Petter Franer
petter.franer@student.uib.no
 

tilbake


Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Erik Martiniussen. Webansvarleg: Martin G. Skjæveland.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2001