[an error occurred while processing this directive]
onsdag 26. september, nr 21 - 56. årgang
STUDVEST
-----
meny

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar apropos meiningar news leiar side 2 midten kultur nyhende fint bilde tips studvest 55 54 51 48

 

 

 


HELD PÅ MAKTA


Foto: andreas Hillesøy / andreas.hillesoy@fi.uib.no

Dei vitskapleg tilsette vil ikkje gje frå seg makta i Det Akademiske Kollegium (DAK). Stortinget har bestemt at det skal inn fleire representantar utanifrå, men Universitetet vil likevel halda fram som før.

Studentpolitikarane er svært skuffa over vedtaket som blei gjort på torsdag.
- Eksterne representantar vil ha med seg fleire impulsar utanifrå. På sikt vil dette bety mykje for undervisinga. Det er DAK som sit på pengesekken, og som kan setja i gang nye undervisningsformer, seier Gunnveig Grødeland.
Slik det er no har dei vitskapleg tilsette fleirtal i DAK, som er Universitetet sitt høgste organ.
Prorektor Sigmund Grønmo (biletet) ønskjer å halda på denne ordninga.
- Det er viktig å ha folk i DAK som har god kontakt med fagmiljøa, seier han.



PLUTSELEG SIGER

Immaturus har delteke i NM i teatersport for amatørar. Plutseleg vann dei.


intern-view
Carte Blanche si siste oppsetjing er mest for dei innvigde, meiner vår kritikar.

les mer     kultur


Treige hovudfagsstudentar
På sosialantropologi klarer berre 17,8 prosent av hovudfagsstudentane å gjera seg ferdige på normert tid. Dette gjer at mange misser støtta frå Lånekassa, og såleis må jobba svært mykje ved sida av studia.

Tomt på leiarval
Altfor få stilte opp då det skulle veljast ny kvarterleiar på søndag. Dei som hadde møtt fram måtte ringja venene sine for at forsamlinga skulle kunne fatta eit vedtak.

les mer     kultur
 




Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Erik Martinussen. Webansvarleg: Martin G. Skjæveland.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest © 2001