Droppar Studentradioen

Foto: ÅSTA YTRE
|
Måndag kveld vedtok Velferdstinget at dei ikkje lenger
vil eiga Studentradioen. I staden skal den gjerast om til stifting,
og ikkje lenger utgjera ein fast post på budsjetta til Velferdstinget.
For å overleva må Studentradioen vere merksame
på kva studentpolitikarane trur at studentane vil ha, seier
nestleiar i Velferdsstyret, Eivind Kildal. Han meiner studentradioen
er for dyr i drift i høve til kva studentane får
att for han, samstundes som det ikkje er aktuelt for Velferdstinget
å gå inn og detaljstyra Studentradioen. Om Studentradioen
ikkje får dei midla dei heretter må søkje om,
meiner Kildal dei kan finansiere drifta si med reklame eller radiobingo.
Redaktør i Studentradioen, Kristine Magnesen (biletet),
meiner handsaminga av saka har gått for fort, og ho tykkjer
ikkje det er morosamt at politikarane tek så lett på
Studentradioen sin økonomi.
Slaktar seg sjølve

Studentrådet er heilt utan reell
makt, og liknar mest av alt eit supperåd.
Det seier Arild Helgøy (biletet), som leiar Bergen Liberale
Studentlag og har fleire års fartstid i studentpolitikken.
NSU-leiar Brynjar Torgersen er langt på veg einig i kritikken.
Studentrådet skal fungera som studentane sin interesseorganisasjon,
og vel mellom anna representantar til Det Akademiske Kollegium
(DAK) som er Universitetet sitt høgste organ.
|