onsdag 17. oktober, nr 24 - 56. årgang
STUDVEST
-----
[an error occurred while processing this directive]

Lite pengar til Bergen


Foto: lars myhren holand

Trass i at regjeringa var slepphendte med oljepengane då statsbudsjettet vart lagt fram på torsdag, kjem bergensstudentane heller dårleg ut. Minister Trond Giske (biletet) har ikkje sett av pengar korkje til nytt studentsenter eller høgskulebygg på Kronstad. Rektor ved Høgskolen i Bergen (HiB), Karl Olav Nummedal, er svært skuffa.
- Vi hadde håpa på ti millionar kroner til prosjektering og arkitektkonkurranse, seier han.
Også utsetjinga av nytt studentsenter vekkjer harme. Leiar i NSU-Bergen, Brynjar Torgersen karakteriserer situasjonen som håplaus og lite økonomisk.
- Det er dyrt og utruleg dumt å utsetja bygginga igjen, seier han.


Bilete frå ei svunnen tid

Fyrst var Feber over oss, så var det berre over. Men fotoredaksjonen i Studvest overvar det meste under Feber, og kom attende med prov på at temperaturen kan verte svært høg i studentkulturlivet. Feber er ikkje over før du har sett bileta våre.


Starta for seg sjølve
Muséjobbane freista ikkje dei fire nyutdanna folkloristane. Difor starta dei sitt eige byrå med kvalitativ analyse som spesialfelt.

BIFF studentaise
Bergen Internasjonale Filmfestival har eit godt auge til studentane. Eigen oversikt over fagrelevans i filmane er nytt av året.

Til evig natt og store bjørnar
Synnøve Yndestad tek hovudfag på Svalbard. Snart skal ho opp att til mørketid og isbjørn. Med våpen i hand.

[an error occurred while processing this directive]