
Løgn og fanteri i Storelosjen
Studentteateret Immaturus set opp Peer Gynt av
Henrik Ibsen, men alt er ikkje som me hugsar frå Ibsen sitt
nasjonalromantiske epos. Studvest fekk ei smaksprøve på
oppsettinga.
 |
TROLLPAKK. Det er fleire enn Peer som veit å briske
seg.
|
I ei heil veke vert Storelosjen på Det akademiske
kvarter forvandla frå trøytt og kvitt foredragslokale
til både landleg bygdevang og trolsk dovrehall. Med brask
og bram entrar Sigurd Enge scena, i rolla som Peer Gynt, løgnar
og taskenspelar, og frå fyrste stund er det klart at denne
oppsettinga av Ibsen-stykket frå 1867 er noko annleis enn
det dei fleste av oss er van med. Regissør-duoen Morten
Schulstad og Hedvig Juell har nemleg valt å leggje stykket
til dei tidlege sekstiåra.
- Vi valde å gjere dette fordi 60-talet hadde ein estetisk
veldig vakker stil, seier Juell, som var initiativtakar til stilendringa
og legg til:
- Det er nytt, vi veit ikkje om andre som har gjort dette før,
og vi ville framheva stykket «Peer Gynt», og ikkje
berre hylla Ibsen.
Generasjonar
Schulstad forklarar korleis det å finne seg sjølv
og å oppdage ein identitet stod veldig sterkt på sekstitalet,
og at dette var ein av grunnane til at dei følte at perioden
var perfekt for «Peer Gynt».
- Folk handla mykje utan å tenkje over kva effekt handlingane
deira hadde på andre, akkurat som Peer Gynt gjer, seier
han. Ein annan årsak til at perioden passar til stykket,
er parallellane til ungdomsopprøret og generasjonsskilnadane
mellom vaksne og unge, noko som vert gjenspegla sterkt mellom
Peer og Mor Åse (spela av Silje Stavrum).
- Dei to lever i veldig ulike verder, og vi føler det høver
godt i denne perioden, seier Schulstad.
- Dette er også ein enkel stil i høve kostyme, legg
Juell til.
Multimedia-Ibsen på Kvarteret
Det er i Storelosjen på Det akademiske kvarter at skodespelet
vert sett opp. Ein kvit skjerm heilt bak, og svarte golv og veggar
utgjer scena, og skodespelarane var ikkje redde for å flytte
seg ut av sceneområdet. Difor kan publikum forvente ei nesten
interaktiv oppleving, og ein bør vokte seg for Dovregubben
(Thorleif Lindhave) sine troll, som ikkje nølte med å
gjere oss som såg på ekstra merksame på dei.
Men særs utadvente skodespelarar er ikkje
det einaste som vil gje publikum ei annleis oppleving - musikken
til stykket var ikkje akkurat nasjonalromantiske Grieg. Her var
musikk i høve perioda; Rock & roll til bryllaupet,
og mørke, forføreriske trolltonar i Dovregubbens
hall. Trolldansen, og song av Kjersti H. Moe i rolla som Solveig
gav god stemning, men likevel var det meir som venta: overraskinga
i dette kunstnariske kinderegget er ein film som viser Peer på
hans reiser i verda, som vert vist mellom akt to og tre i stykket.
Peer Gynt i Nygårdsparken
Dette dristige filminnslaget var framleis under innspeling
då Studvest vitja Immaturus, og studentteateret har hyrt
ein eigen fotograf for å filme scenene. Mellom anna togstasjonen,
NSB sitt godslager og Dyvekes Vinkjeller får besøk
av Peer Gynt, som går frå å vere fattig til
rik, for så å hamne på kjøret etter å
ha møtt den forføreriske Anitra, i det Schulstad
og Juell karakteriserer som ekte «Pretty Woman»-stil.
Så ender det i Nygårdsparken, slik det gjerne gjer
når alt går gale. Men den Peer Gynt vi kjenner frå
Ibsen er ein kjempar, og det er han også i Immaturus´
oppsetning. Peer reiser seg att, og kjempar vidare for det han
har kjært: Seg sjølv.
Tekst: Bjørn T. Bøe
ragabash@online.no
Foto: Åsta Ytre
astaloco@yahoo.no
|