|
Eit samfunn kan vere alt frå ei lita lokal gruppe til den store
globale fellesskapen. Samfunnsvitskap handlar om samspel mellom menneske,
enten dei er mange eller få. Derfor blir individuell åtferd
studert i så ulike fag som psykologi og økonomi. Fokus kan
variera: I statsvitskap er fokus på samspelet i og mellom statar,
mens små grupper og nære relasjonar gjerne er i sentrum i
psykologi. Geografi legg vekt på den romlege dimensjonen, antropologi
på den kulturelle, sosiologi på forskjellar mellom sosiale
grupper. Spennvidda er stor, men mange gonger gir faga ulike perspektiv
og innfallsvinklar til same tema. Det hender at økonomar skriv
om ekteskap og psykologar om spekulasjon på børsen. Fordi faga supplerer og påverkar kvarandre, legg vi vekt på at studentane i tillegg til spesialiteten sin kan studere eitt eller to andre samfunnsfag. Av same grunn tilbyr vi tematisk orienterte tverrfaglege studiar, for eksempel Europastudiar (EU) og Kultur og kommunikasjon. Men vi tilbyr også meir spesialiserte profesjonsstudiar i psykologi og i samfunnsøkonomi. Det er ei viktig oppgåve for fakultetet å forsyne samfunnet med spesialistar på alle våre fagområde. Samfunnsvitskapane prøver å beskrive samfunnsmessige fenomen, forstå og forklare dei, og føreseie utviklinga så langt det går. Eit viktig mål er å kunne gi gode, kunnskapsbaserte råd til dei som ønskjer å endre samfunnet, eller til folk som vil finne seg betre rette i det. Vi gler oss over at Fakultetet har mange engasjerte studentar som både vil forstå og endre. No kan du ikkje rekne med at faget set deg i stand til å løyse verdsproblema etter nokre få førelesingar, og du vil ikkje få ferdige svar på alle spørsmål. Vi vil først og fremst gi deg er reiskapar som du kan bruke til å tenkje med, til å finne ut nye ting med og til å gjere deg opp di eiga meining. Vi gir deg omgrep, teoriar og metodar til bruk på både gamle og nye spørsmål, og vi tilbyr trening i vitskapleg tenkjemåte. Mange av lærarane er framståande forskarar som medverkar til at undervisinga er oppdatert i forhold til det nyaste i faget. Vi gir deg dei basiskunnskapane som er nødvendige for at du skal kunne følgje med i tiåra framover. Velkommen til eit levande og spennande fakultet! Professor Asbjørn Rødseth - Dekan |
|