Medie- og kommunikasjonspsykologi
Medie- og kommunikasjonspsykologi er eit tverrfagleg felt i skjeringspunktet mellom fagdisiplinar som medie- og kommunikasjonsvitskap og psykologi. Medie- og kommu-nikasjonspsykologien er særleg fokusert på publikums resepsjon og på korleis mediebruk og kommunikasjon inngår i menneske sitt kvardagsliv, både i fritid og arbeid. Sentrale prosessar er påverknad, tolking, meiningsdanning og identifikasjon. Medie- og kommunikasjons-psykologi er primært fokusert på dei menneskelege bidraga i kommunikasjon, anten denne skjer mediert eller direkte, offentleg eller privat, i organisasjonar eller på andre arenaer.
Medie- og kommunikasjonsvitskap er relativt nytt som institusjonalisert fagfelt i Norge. Men dei siste 20 åra har interessa for fagfeltet vore sterkt aukande, noko den raske teknologiske utviklinga for medie- og kommunikasjonsteknologien har bidratt til. Medievitskap er no eit aktivt forskingsområde i Norge, og studietilboda er i framvekst, både på universiteta og høgskulane. Universitetet i Trondheim var ein pioner i Norge for å etablera den akademiske interessa for media (og særleg film).Ved NTNU er medievitskap no tverrfagleg organisert, som eit samarbeidsprosjekt mellom fleire institutt, som Psykologisk institutt, Institutt for kunst- og medievitenskap, Institutt for sosiologi og statsvitenskap, Pedagogisk institutt, Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap og Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier. Det tverrfaglege Programstyret for medievitenskap ved NTNU fungerer som eit rådgivande organ som koordinerer undervisningstilbod i medievitskap.
Dette er ein annan organisasjonsmodell enn universitetet i Bergen som etablerte Institutt for medievitenskap og Universitetet i Oslo som starta Institutt for medier og kommunikasjon, begge midt på 1980-talet (begge heitte tidlegare Institutt for massekommunikasjon). Medie- og kommunikasjonsvitskap har ein særleg lang fagtradisjon i USA, der forskingsfeltet massekommunikasjon var etablert allereie på 1940-talet. Dei fleste universitet har sitt Department of Communication, som omfattar både massemediert og andre former for kommunikasjon. Forskarar med bakgrunn i psykologi spelte ei viktig rolle med å utvikla fagfelta kommunikasjon og massekommunikasjon allereie frå starten av, særleg innafor tradisjonar som effektforsking og bruksstudier.
Det særleg to organisasjonar som arrangerer årlege internasjonale konferansar på dette feltet, International Communication Association (ICA) og International Association for Media and Communication Research (IAMCR). I tillegg finst det ei rekke regionale og nasjonale organisasjonar. I Norden blir til dømes den Nordiske medie- og kommunikasjonskonferansen
arrangert annakvart år, etter tur av dei nordiske landa sine nasjonale medieforskar-organisasjonar. Norsk medieforskerlag sto ansvarleg for den nordiske medie- og kommunikasjonskonferansen i 2003 i Kristiansand. Dei nasjonale organisasjonane arrangerer også nasjonale konferansar, som Norsk medieforskerlag sin konferanse "Medieforskning i globaliseringens tidsalder" i Trondheim 21.-22. okt. 2004.
Psykologisk institutt tilbyr per i dag tre kurs innafor medie- og kommunikasjonspsykologi, og har delansvar for eit kurs. På bachelor nivå tilbyr ein kurset "Medienes publikum". Dette er eit populært kurs som har hatt ein stadig aukande studenttilstrømning. Kurset tar for seg ulike tradisjonar i publikumsforskinga, og retter søkelyset mot prosessar som medias påverknad av individ og grupper og publikums resepsjon og bruk av moderne medieteknologi.
På masternivå er instituttet og seksjonen ansvarleg for kursa "Medie- og kommunikasjons-psykologi" og "Kommunikasjon i organisasjoner". "Medie- og kommunikasjonspsykologi"- kurset tar for seg menneskers bruk av media og kva mekanismar og prosessar som føregår i publikums daglege omgang med moderne media. Kurset om "kommunikasjon i organisasjoner" tar sikte på å gi eit innblikk i korleis kommunikasjon fungerer i moderne organisasjonar, frå eit psykologisk og kommunikasjonsteoretisk perspektiv. I tillegg deler vi fagansvaret (med Institutt for kunst- og medievitenskap) for masterkurset "Medievitenskaplige grunnlagsemne". Kurset tar for seg aktuelle medievitskaplege problemstillingar, ikkje minst metodiske aspekt ved medievitskap. Fokus er på frontane i dagens medievitskap på felt som har med publikum og tekst (i utvida forstand) å gjera.