Oddbj¿rn Leirvik:

 

KONTEKSTUELL RELIGIONSDIALOG
Ð i spenninga mellom liberal multikulturalisme og tverr-religi¿s aktivisme
[1]

 

Norsk Teologisk Tidsskrift 1: 2004, s. 32-46


I globale kultur- og religionsdialogar har spenninga mellom ein liberal aksept av forskjellar og eit radikalt engasjement for rettferd etter kvart blitt ei presserande utfordring. Politisk sett handlar det om forholdet mellom ein multikulturalisme som ¿nskjer Œ utvide rommet for akseptert usemje i samfunnet, og eit universalistisk orientert politikk som siktar mot ein st¿rst mogeleg grad av verdifellesskap.

Sp¿rsmŒlet blir aktualisert pŒ ein s¾reigen mŒte i Norden, som har ein sterk tradisjon for verdibasert einskapstenking. Den nemnde spenninga mellom multikulturalisme og universalisme har ogsŒ teologiske dimensjonar og overlappar i nokon grad forholdet mellom religionsdialog og frigjeringsteologi. Spenninga mellom religionsdialog og frigjeringsteologi er i dag mellom dei fremste utfordringane for den kontekstuelle teologien Ð som nettopp tar mŒl av seg Œ reflektere teologisk over forholdet mellom forskjell og universalitet. 

 

Kontrasterfaringar

 

I dei nordiske landa er Per Frostin, som d¿ydde i 1992 berre 49 Œr gammal, ein av den kontekstuelle teologien sine store pionerar. Hans skrifter inkluderer kritiske unders¿kingar av vestleg liberalteologi (Frostin 1970), refleksjonar omkring kristen-marxistisk dialog (Frostin 1971 og 1978), samt bidrag til ein kontekstuelt medviten Òfrigjerande teologiÓ som i Frostin sitt tilfelle hadde sine to tyngdepunkt i Afrika og Vesten.

BŒde i si bok om frigjeringsteologi i Afrika og i sine "efterlŠmnade texter" om Teologi som befriar taler Per Frostin ofte om "kontrasterfaring" som utgangspunkt for ein fornya teologisk refleksjon (Frostin 1988, Frostin 1994: 21 ff, 100f). Uttrykket kontrasterfaring gŒr tilbake til Edward Schillebeeckx som brukar omgrepet om erfaringar som bryt med den dominerande tenkinga i eit samfunn. Det kan vere eigne  erfaringar (for eksempel som kvinne i eit mannsdominert trussamfunn), eller andres erfaring av tilsidesetting og urett. Omgrepet kontrasterfaring ligg n¾r opp til Emmanuel Levinas sin tale om det skakande m¿tet med den Andre Ð ein framand som tvingar oss ut av vŒr trygge og oversiktlege "heim".

FrŒ 1990-talet har det n¾rast gŒtt inflasjon i filosofar og teologar sine referansar til den Andre med stor A. Men bak talemŒten ligg erfaringa av eingong Œ ha blitt tvinga ut av eit dominerande tankem¿nster og inn i eit framand landskap som bŒde lokka og skremde. Mange teologar i Frostin sin generasjon kan fortelje ei historie om kontrasterfaringar som har utfordra eins tilvande religi¿se eller politiske tenkemŒte. Sj¿lv har eg, som Per Frostin, r¿ter i 70-talsoppgjeret med den sŒkalla "borgarlege" teologien som kristensosialistar meinte var overfokusert pŒ den einskildes frelse og eksistensielle livstolking. Dei som las Per Frostin sitt oppgjer med Bultmann i Politik och hermeneutik (Frostin 1970), fekk hjelp til Œ forstŒ at Bultmanns apolitiske analyse av menneskets vilkŒr ikkje var universell men heller eit h¿gst kontekstbestemt fors¿k pŒ Œ kome til rette med den moderne europearen si kjensle av det Heidegger kalla "Unheimlichkeit". Slik Frostin sŒg det, svarte Bultmann og andre liberale tyske teologar sin eksistensiale analyse til "en viss samhŠllsgrupps upplevelse av sin situation vid ett viss tilfŠlle i historien, nŠmligen det humanistiska bildningsskiktets upplevelse av hemlšshet i ett allmer industrialiserat och demokratiserat samhŠlle" (Frostin 1970: 139).

Mot Bultmanns apolitiske eksistensialteologi og toromstenking sette Frostin opp si tolking av den lutherske reformasjonen som ei pŒ same tid religi¿s og politisk handling. Teologien til Luther framstilte han tilsvarande som uttrykk for "en lŒngvarig process mellan Œ ena sidan samhŠllelig praxis, Œ andra sidan bšn, meditation och bibelstudium" (same verk: 112). Seinare utfalda Per Frostin sin visjon av sambandet mellom politikk og evangelium i boka Bšn och revolution (Frostin 1979).[2]

Dei kontrasterfaringane som sette prosessar i gong hos Per Frostin og andre kristensosialistar i Norden, var av ein tredobbel karakter. Det handla om (1) oppdaginga av ein postkolonial, global urett som ein kjende seg medskuldig i, (2) erkjenninga av utst¿ytingsmekanismar og sosial urett i dei nordiske, sosialdemokratiske velferdssamfunna, og (3) erfaringa av repressive strukturar i eigne trussamfunn som s¾rleg kvinner leid under. Den kritiske, kontekstuelle teologien som vart utvikla hadde tilsvarande element av bŒde tredje verdas frigjeringsteologi, heimleg sosialisme og vestleg feministteologi. 

 

FrŒ dialog med marxismen til religionsdialog

 

I den grad ein i generasjonen til Frostin var opptatt av dialog, var det typisk nok dialogen med marxismen som stod i fokus (jf. Frostin 1971). Religionsdialog lŒg utanfor horisonten. Men frŒ 1980-talet kom ogsŒ den religi¿st sett Andre stadig sterkare inn i biletet, s¾rleg dŒ innvandra muslimar tok til Œ etablere seg med eigne trussamfunn i Norden. Mange kristensosialistar registrerte sj¿lvsagt den islamske revolusjonen i Iran i 1979. Men ein var usikker pŒ korleis den skulle tolkast og dei fleste var nok langt meir opptatt av den sandinistiske revolusjonen i Nicaragua det same Œret. Sj¿lv ofra eg knapt religionsdialogen ein tanke f¿r eg kom som prest til eit av Oslos mest multikulturelle og fleirreligi¿se lokalmilj¿ i 1984. F¿rst dŒ vart eg utsett for ein ny type kontrasterfaring, nemleg m¿tet pŒ n¾rt hald med menneske som bŒde sosialt, kulturelt og religi¿st sett var "Andre".

FrŒ byrjinga av 1990-talet har kultur- og religionsdialog kome pŒ agendaen i stadig fleire religi¿se og politiske samanhengar. Den norske religionsdialogen har funne uttrykk i fora som det kyrkjelege dialogsenteret Emmaus (frŒ 1991), den bilaterale Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg RŒd og Islamsk RŒd (frŒ 1993) og det multilaterale SamarbeidsrŒdet for tros- og livssynssamfunn (frŒ 1996). Ulike departement har i stigande grad engasjert trussamfunna i h¿yringsprega samtalar. Den norske dialogen har ogsŒ fŒtt internasjonale ringverknader. Det nemnde SamarbeidsrŒdet var i 1998 med pŒ Œ ta initiativet til Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet. I Oslokoalisjonen engasjerer livssynssamfunna i Norge kvarandre og internasjonale partnarar i eit arbeid for religionsfridom og toleransebygging som har globale menneskerettsstandardar som basis. 

I dei meir religionspolitiske dialogfora er det naturleg nok sp¿rsmŒlet om religionsfridom som har stŒtt i sentrum for interessa. Men i dialogen har ein ogsŒ engasjert kvarandre i sp¿rsmŒl som kvinners stilling i trussamfunna og religionane sitt forhold til globale konfliktar. Det sp¿rsmŒlet som no melder seg, i den norske trus- og livssynssamtalen som i den internasjonale, er korleis ein skal samtenkje det liberale engasjementet for religionsfridom med det meir radikale engasjementet for ikkje-valdeleg konfliktl¿ysing, sosial rettferd og likestilling mellom kj¿nna.

 

Religionsteologi og frigjeringsteologi

 

Teologisk sett er forholdet mellom liberale og radikale verdiar (som nemnt innleiingsvis) delvis overlappande med forholdet mellom religionsteologi og frigjeringsteologi. Den religionsteologiske debatten handlar om korleis ein Ð framfor Guds ansikt Ð kan leve godt og forsona med religi¿se forskjellar. Frigjeringsteologien er orientert utifrŒ nokre grunnleggande rettferds- og likestillingsverdiar som Ð dersom ein skal ta dei pŒ alvor Ð mŒ vere tverrkulturelt og interreligi¿st gyldige. Forenkla kan ein seie at religionsteologien trekkjer i kulturliberal retning, frigjeringsteologien derimot i sosialradikal (eller i nordisk kontekst, sosialdemokratisk) lei.

FrŒ 1990-talet har mange teologar kjent ein trong til kritisk samtenking av religionsteologi og frigjeringsteologi. I sine seinare skrifter kjem Per Frostin stadig inn pŒ den nye, fleirreligi¿se pluralismen i vŒre samfunn, men han rakk aldri Œ utfalde sin eigen syntese av frigjerings- og religionsteologi.

Internasjonalt er Paul Knitter ein av dei som har pr¿vd Œ formulere ein slik syntese. I boka One Earth Many Religions, som har undertittelen Multifaith Dialogue and Global Responsibility, gjer han greie for si eiga personlege reise "med den Andre" (Knitter 1995). OgsŒ for Knitter handlar m¿tet med den Andre om skakande kontrasterfaring. For Knitter var kontrasterfaringa Œ bli konfrontert med "the really different, the unexpected, the unthought, the surprising, the jolting. I'm talking about people or events that didn't seem to fit into the world that I had experienced or understood" (nemnde verk: 1).

Motsett mi eiga reise med den Andre byrja Knitter sin odyssŽ med eit m¿te med det han kallar "the religious Other". M¿tet med den religi¿st sett Andre leidde Knitter Ð som i utgangspunktet var jesuittmisjon¾r Ð til Œ erkjenne at andre religi¿se tradisjonar bar pŒ ein visdom som bŒde utfordra han og gjorde han rikare. F¿rst seinare, seier han, vart han leidd til eit skakande m¿te med "the suffering Other" Ð gjennom solidaritetsarbeid for flyktningar og illegale innvandrarar til USA. I si bok skildrar han ogsŒ si ¿kologiske vekking og den fundamentale erkjenninga av Œ leve pŒ ei sŒra Moder jord.

Samla sett, seier han, har "the suffering Other" skaka hans liv enda meir enn m¿tet med "the religious Other". Knitter slŒr ogsŒ fast at om han mŒ velje mellom "pluralisme" eller "frigjering", religionsdialog eller kamp for sosial rettferd, ja dŒ vil han mŒtte gi opp dialogen og prioritere det mŒlretta arbeidet for Œ lindre liding og hindre urett (nemnde verk: 11). Men heldigvis, seier han, har erfaringar frŒ religionsdialog i India og Sri Lanka (som han skildrar i bokas sluttkapittel) vist at det finst ei sosialt engasjert og frigjerande form for religionsdialog.

Eit pŒtrengande sp¿rsmŒl for alle som kjenner pŒ ei dobbel forplikting i h¿ve til religionsdialog og frigjeringsteologi, er korleis ein kan sameine ein kamp for rettferd som alltid vil skape strid med eit liberalt engasjement for fleirreligi¿s sameksistens der nettopp respekten for ulike meiningar mŒ vere ein sentral del av fundamentet. Korleis skal ein Ð i skiftande kontekstar Ð kunne samtenkje og leve ut det doble ansvaret overfor den religi¿st sett Andre og den lidande Andre?

Somme tider er den religi¿st sett Andre meir eller mindre identisk med den lidande Andre. I ein artikkel frŒ 1996 om "The Hidden God", som ber undertittelen "The Divine Other of Liberation", taler David Tracy om det skakande m¿tet med ein Andre som ikkje berre er religi¿st sett annleis men ogsŒ sosialt og politiske marginalisert av ein urett som i mange tilfelle f¿lgjer kultur- og religionsgrensene (Tracy 1996). Den dobbelt Andre, seier Tracy i vendingar som minner om Levinas, ber spor i sitt ansikt av ein skjult Gud som vi stŒr til ansvar for.

Men det er slett ikkje alltid slik at dei avgjerande sosiale motsetnadene fell saman med religionsgrensene. Ser vi etter, vil vi finne at dei sosiale og ideologiske skilnadane innanfor religionane jamt over er langt st¿rre enn forskjellane mellom dei.

 

Tverr-religi¿se alliansar for frigjering: afrikanske eksempel

 

Ein som har reflektert over forholdet mellom den religi¿st sett Andre og den lidande Andre, er den s¿rafrikanske muslimen Farid Esack. Esack er ein markant frigjeringsteolog men ogsŒ ein like tydeleg talsmann for religi¿s pluralisme. Den boka han er mest kjend for heiter Qur'an, Liberation and Pluralism og har undertittelen An Islamic Perspective of Interreligious Solidarity against Oppression (Esack 1997). Boka, som mŒ reknast som eit framstŒande eksempel pŒ ein islamsk frigjeringsteologi, er skriven med erfaringane frŒ kampen mot apartheid som bakteppe. Forfattaren har stŒtt side om side med dei svarte kristne leiarane, gjort felles sak med dei, vore i fengsel saman med dei, og opplevd frigjeringa saman med dei. Det interessante ved Esack sine frigjeringsteologiske refleksjonar er at dei opnar for ei meir liberal tenking om forholdet mellom islam og andre religionar. Som boktittelen gir eit hint om, gŒr her radikale og liberale verdiar hand i hand.

I boka skildrar Esack eit likeverdig m¿te mellom svarte kristne og farga muslimar, utifrŒ ein felles lagnad, ein felles kamp og eit felles hŒp. Desse erfaringane har utfordra han til ei nylesing av Koranens ord om dei som trur annleis og (dermed) til eit kritisk arbeid med Koranhermeneutikk. Farid Esack pr¿ver Œ vise at dei orda i Koranen som er mest konfronterande i h¿ve til annleis truande, har med sosiale motsetnader Œ gjere. Dei "vantru", seier Esack, er ikkje dei som har andre trusartiklar enn muslimane sine men dei som Ð pŒ tvers av religionsgrensene Ð held andre folk nede og ikkje vil b¿ye seg for den eine Gud i eit likeverdig fellesskap.

I sin s¿rafrikanske kontekst har Farid Esack opplevd at religionsgrensene nettopp ikkje fell saman med urettens frontlinjer. Hans kontekstuelle teologi byggjer pŒ erfaringa at ein del muslimar og ein del kristne (dei svarte) gjorde felles sak ikkje berre mot andre kristne (majoriteten av dei kvite), men ogsŒ mot dei mange muslimane som levde relativt komfortabelt med apartheidregimet fordi dei var "Asians" og dermed kunne nyte visse privilegium i h¿ve til dei svarte. Han har gjort den erfaringa som stadig fleire gjer, nemleg at dei avgjerande forskjellane ikkje gŒr mellom religionssamfunna, men heller mellom rik og fattig, undertrykkar og undertrykt, mann og kvinne i alle samfunn og dermed ogsŒ i eitkvart trussamfunn.

I lys av denne erfaringa blir det mogeleg Œ lese Koranen pŒ ein ny mŒte. Mellom anna forstŒr han isl‰m ikkje som namnet pŒ eit avgrensa religionssamfunn men som ei fundamental livshaldning som skaper fellesskap og set skilje heilt pŒ tvers av religionsgrensene. Den same opne tolkinga gir han av den islamske n¿kkeltermen im‰n, tru. I f¿lgje Esack rettar sann tru seg mot ein Gud som er st¿rre enn alle herrar i denne verda. Slik kan trua inspirere til fellesskap i frigjeringsstrev pŒ tvers av religionsgrensene.

Kven som dŒ blir alliert med kven, skiftar med historisk kontekst. Ein viktig variabel er etnisitet. I Sudan er konflikten tilsynelatande ein konflikt mellom muslimar i nord og kristne i s¿r. Men ved n¾rare ettersyn ser ein at den etniske komponenten er vel sŒ avgjerande som den religi¿se. Derfor har ein dŒ ogsŒ sett fleire eksempel pŒ at muslimar i s¿r allierer seg med kristne s¿ringar, eller at afrikanske muslimar i andre land kan ha vel sŒ stor sympati med dei kristne afrikanarane i s¿r som med sine arabiske truss¿sken i nord. DŒ ei gruppe med sudanske kyrkjeleiarar gjesta Norge i 2000, la Norges Kristne RŒd til rette for eit m¿te mellom dei og den nasjonale Kontaktgruppa for Den norske kyrkja og Islamsk RŒd. Den dŒverande leiaren for Islamsk RŒd Ð ein nordmann med vestafrikanske r¿ter Ð la ikkje skjul pŒ at han sympatiserte meir med dei sudanske kristne si afrikanske sak enn med islamiseringsprogrammet til hans arabiske trusfeller i nord.

Om vi blir overraska over slike tverr-religi¿se alliansar, er det kanskje fordi vi har blitt offer for ein tiltakande, identitetspolitisk diskurs som fŒr folk over heile kloden til Œ tru at "religion" er det mest avgjerande elementet i eins personlege eller kollektive identitet. I den verkelege verda er alder, kj¿nn, klasse, etnisitet og kultur minst like viktige determinantar som religionen Ð som komponentar i folks faktiske, plurale identitet. At den individuelle identiteten er samansett, tyder ogsŒ at ein kan ha tilh¿yrsforhold til meir enn ei gruppe. Berre i kritisk medvit om skiftande kontekstar, samansette identitetar og ureine alliansar er det mogeleg Œ tale meiningsfullt om religionsdialog, kva anten ein m¿test til samtale som einskildmenneske eller som representantar for eit fellesskap.

 

Multikulturalisme Ð for kven? Det liberale dilemma i nordisk perspektiv

 

Eit kritisk medvit om konteksten er n¿dvendig ogsŒ nŒr ein skal finne ut av forholdet mellom religionsdialog, kulturforskjellar og politiske motsetnader i Norden. F¿r vi vender tilbake til sp¿rsmŒlet om tverr-religi¿se alliansar, skal vi sjŒ n¾rare pŒ korleis liberale og radikale verdiar brytest i nordisk fleikulturalitet.

Det er tre s¾rtrekk ved den nordiske konteksten som har prega mŒten kultur- og religionsdialogen har utfalda seg pŒ her hos oss. For det f¿rste har det ualminneleg sterke engasjementet for likestilling mellom kj¿nna (eit engasjement som i seinare Œra har blitt utvida til ogsŒ Œ gjelde homofiles rettar) ogsŒ prega samtalen Ð eller holmgangen Ð med innvandrarkulturane. For det andre har religionsdialogen blitt merka av m¿tet med den dominerande nasjonalreligi¿se tradisjonen i dei nordiske samfunna, ein tradisjon som for Norge, Danmark og Island sitt vedkomande framleis er sikra ved eit solid statskyrkjesystem. For det tredje har den aukande verdipluralismen st¿ytt mot den sosialdemokratiske einskapstenkinga i Norden. I norsk samanheng har sosialdemokratiet forsterka dei to andre s¾rtrekka eg har nemnt: sosialdemokratar har bŒde st¿tta opp om den feministiske likestillingspolitikken og (i dei siste par tiŒra) spela pŒ lag med statskyrkjesystemet.

Dei nemnde trekka Ð einskapstenkinga og likestillingsideala Ð har gitt eit h¿vesvis gruppebasert og individorientert innsteg til kultur- og religionsdialogen i Norden. Kampen for Œ sikre religionsfridommen innanfor statskyrkjesystemet og den sosialdemokratiske einskapstradisjonen, er ein liberal kamp som i trŒd med multikulturalismen er fokusert pŒ trussamfunna sine gruppebaserte rettar. Kampen for likestilling og mot diskriminering pŒ grunnlag av kj¿nn eller seksuell legning er derimot (i trŒd med ein meir universalistisk verdipolitikk) fokusert pŒ rettane til individet.

Det liberale dilemmaet handlar om korleis ein skal balansere statens forsvar for individets rettar med den n¿dvendige fridommen som grupper mŒ ha i det sivile samfunn om ein skal unngŒ statsabsolutistiske overtramp. Men spenninga mellom individ- og gruppebaserte rettar gjer det ogsŒ n¿dvendig Œ stille maktkritiske sp¿rsmŒl ved kven som tener pŒ multikulturalismen, slik Elisabeth Gerle gjer i si bok MŒngkulturalism Ð fšr vem? (Gerle 2001). Gerle si bok relaterer til den svenske friskuledebatten og dr¿ftar den potensielle konflikten mellom den gruppebaserte retten til Œ etablere kristne og muslimske privatskular pŒ den eine sida og barneretten samt jenter sin rett til likestilling pŒ den andre.

Med tanke pŒ Knitter sine refleksjonar om forholdet mellom "the religious Other" og "the suffering Other", mŒ ein ha i mente at den lidande Andre bŒde kan vere ei (kulturell, religi¿s, etnisk) gruppe som blir diskriminert, eller eit marginalisert individ som blir nekta grunnleggande rettar av den same gruppa. Korleis skal ein finne balansen mellom den Andres rett som minoritetsgruppe og den retten den Andre har som sŒrbare, ukrenkelege individ (som ikkje berre er "lidande" men handlande subjekt som ofte kjempar for st¿rre rom innanfor sine grupper)? Kva omsyn skal ha moralsk og politisk trumf Ð omsorga for utsette individ eller omsynet til religionsfridommen?

I Norge har trussamfunna, trass i den sosialdemokratiske einskapstenkinga, fŒtt relativt stor fridom til Œ ordne sin indre forhold i samsvar med si gruppebaserte overtyding. Historisk sett har dette ikkje med utfordringa frŒ innvandrarreligionane Œ gjere men speglar heller dei kristne motkulturane sin politiske styrke. Den norske Likestillingslova, som har strenge reglar for likebehandling av menn og kvinner i arbeidslivet, har heilt frŒ den vart vedtatt i 1978 gjort eit generelt unnatak for sŒkalla indre forhold i trussamfunna Ð eit unnatak som gjer det mogeleg Œ diskriminere kvinner i religionsfridommens namn.

Positivt formulert vernar unnataksbestemminga om den retten trussamfunna har til Œ ordne forholdet mellom kj¿nna pŒ ulike mŒtar Ð mŒtar som ikkje n¿dvendigvis kan karakteriserast som anten "likestilling" eller  "diskriminering". For eksempel har kvinner i delar av den muslimske verda alt frŒ gammalt hatt tilgong til religi¿se embete Ð ikkje berre som islamske l¾rde men ogsŒ som imamar for den kvinnelege delen av forsamlinga. Sp¿rsmŒlet innanfor islam er derfor strengt tatt ikkje om kvinner kan bli imamar, men om dei kan leie b¿na og halde fredagspreike i kj¿nnsblanda forsamlingar.

Det siste sp¿rsmŒlet er rimelegvis h¿gst kontroversielt og st¿yter mot patriarkalske haldningar i islam som i andre religionssamfunn.  Som kjent er det innanfor dei fleste trussamfunn ei tautrekking om kva syn og ordningar som skal gjelde i framtida, for eksempel nŒr det gjeld kvinners presteteneste i den katolske kyrkja eller kvinners tilgong til styrande organ innanfor muslimske trussamfunn. Anten staten grip inn eller lar vere Œ ta stilling i slike konfliktfylte saker, pŒverkar den Ð i den eine eller andre retninga Ð dei indre maktkonstellasjonane i trussamfunna.

I norske religionsdialogar har det til no vore ei kanskje overraskande semje om at unnataksbestemmingane i Likestillingslova b¿r bli stŒande og at staten b¿r vere varsam med Œ pŒverke indre prosessar i trussamfunna.[3] Er dette eit uttrykk for manglande interesse for kvinner og homofile sine rettar, eller reflekterer det eit ¿nskje om byggje eit liberalt, multikulturelt samfunn med tydelege grenser for statens styringsmakt?

Dei fleste representantar for trussamfunna vil nok hevde at det er liberale prinsipp som ligg til grunn for deira vern om unnataksparagrafen i Likestillingslova. Utan Œ neglisjere kvinnekampen i trussamfunna, vil dei insistere pŒ at det maktkritiske perspektivet ogsŒ mŒ ta h¿gde for dei konsekvensane som den nasjonalreligi¿se tradisjonen og den hegemonisk liksskapstenkinga har for minoritetane. Generelt vil dei vere kritiske mot alle statlege fors¿k pŒ Œ styre trussamfunna og skeptiske til alle prosjekt som siktar mot Œ ÓintegrereÓ annleis truande i den kristen-humanisistiske kulturarven (slik mange av minoritetane har oppfatta agendaen for KRL-faget).

Den nemnde Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet vil her insistere pŒ globale standardar.[4] Globalt sett kan majoriteten kan vere kristen-humanistisk, kristen-konservativ, muslimsk-liberal eller muslimsk-fundamentalistisk, men problematikken er den same: Kor langt kan den livssynsmessige majoriteten gŒ i retning av Œ presse minoritetane og avgrense deira handlingsrom, i namnet til ein dominerande kulturarv eller ei ideologisk bestemt liksskapstenking?

SamarbeidsrŒdet for tros- og livssynssamfunn (som var med pŒ Œ ta initiativet til Oslokoalisjonen) har sin bakgrunn i ein minoritetsallianse som vart skipa av muslimar, j¿dar, humanetikarar og buddhistar. Minoritetsalliansen kom til i 1995 som ein protest mot planane om Œ innf¿re eit nytt obligatorisk kristendoms- og religionsfag i skulen Ð eit fag som minoritetane meinte var altfor sterkt prega av kristen kulturarvsdiskurs og nasjonalreligi¿se interesser. BŒde i denne og andre saker er det kampen for Œ hindre overgrep frŒ majoritetens side og sikre minoritetane sin gruppebaserte religionsfridom som har stŒtt i fokus for samtalen mellom trussamfunna i Norge. I den grad har kampen for Œ sikre trussamfunna sin fridom dominert perspektivet at til og med Human-Etisk Forbund no st¿ttar trussamfunna sin fridom til Œ diskriminere ikkje berre kvinner men ogsŒ homofile, noko som trussamfunna har rett til i kraft av unnataksbestemminga i Arbeidsmilj¿lovas paragraf 55a. Mange vil meine at dei dermed har ofra individets rett pŒ grupperettens altar.[5] Men multikulturell liberalisme inneber Ð har generalsekret¾ren i Human-Etisk Forbund hevda Ð at ein mŒ vere budd til Œ forsvare andre kulturelle og religi¿se grupper sin rett til Œ velje konservative, kanskje til og med diskriminerande l¿ysingar i kritiske sp¿rsmŒl. Slik har generalsekret¾r Lars Gule forsvart unnataksbestemmingane:

 

Kampen for homofiles rettigheter er ogsŒ en viktig del av den internasjonale humanistbevegelsens arbeid. Denne saken handler om hva andre har rett til Œ gj¿re, selv nŒr humanister, kvinne- og homoaktivister er fullstendig uenige i hva "de andre" tenker, mener, sier og gj¿r ... � ha en rettighet betyr at den kan brukes til Œ tro, mene, si og gj¿re ting som andre er fullstendig uenige i. Dette er en uunngŒelig konsekvens av rettighetstenkingen som gir rom for mangfold og for fredelig sameksistens mellom grupper med uforenlige livssyn (kronikk i Dagbladet, 18. august 2002).

 

I Sverige gav demokratiminister Mona Sahlin det same Œret uttrykk for eit motsett syn, nemleg at trussamfunn som ikkje er villige til Œ velsigne homofilt partnarskap burde miste sin offisielle vigselsrett (i f¿lgje VŒrt Land, 8. november 2002). Men nokre veker seinare kunne vi lese at "Sahlin angrar homoutspel" og hadde trekt sitt forslag om Œ tvinge trussamfunn til Œ vigsle homofilt sambuande (VŒrt Land, 20. november 2002). Slik illustrerte ho sj¿lv det liberale dilemma, eller kanskje berre kva det til ei kvar tid er mogeleg Œ fŒ politisk gjennomslag for.

Mot forslag av den typen Sahlin kom med, kunne ein hevde at retten til likestilling berre treng Œ bli hevda uavkorta pŒ dei arenaer som ein alle er saman om Ð nemleg i dei offentlege institusjonane og pŒ marknaden (i n¾ringslivet). For trussamfunna sin del, vil liberale multikulturalistar hevde, mŒ ein kunne gi st¿rre fridom til Œ forskjellsbehandle, fordi dette er fellesskap som individet stŒr fritt til Œ melde seg inn eller ut av.

Likevel er alle akt¿rar i nordiske religionsdialogar i prinsippet samde om det mŒ settast nokre ubrytelege grenser for trussamfunna sin fridom, for Œ unngŒ uopprettelege overgrep mot individet. I Norge har ein for eksempel pŒ 90-talet funne Œ mŒtte skjerpe lovgivinga mot tvangsekteskap og kvinneleg omskjering Ð i trŒd med den grensa som  menneskerettskonvensjonane trekkjer for religionsfridommen ved skade pŒ liv og helse.

Ein slik grensedraging har det vist seg Œ vere mogeleg Œ fŒ ein brei, tverr-religi¿s aksept for. Derimot er det i dagens Norge ikkje politisk mogeleg Œ fŒ gjennomslag for at staten skal tvinge igjennom likestilling i trussamfunna nŒr det gjeld kvinners tilgong til religi¿se embete Ð for eksempel i muslimske, katolske eller ortodokse trussamfunn. Ein sŒ sterkt grad av statleg kontroll over trussamfunna sine indre forhold vil mange Ð ogsŒ mellom dei som aktivt kjempar for likestilling Ð sjŒ som problematisk i h¿ve til religionsfridommen og den n¿dvendige fridommen som mŒ rŒde i det sivile samfunn generelt.

Det er likevel mogeleg Œ tenke seg at staten stiller visse kj¿nnsdemokratiske minimumskrav for at trussamfunn skal kunne ta imot offentlege tilskott. For eksempel kunne staten Ð som den alt gjer nŒr det gjeld tildeling av kulturtilskott til ungdomsorganisasjonar i Norge Ð krevje at kvinner har tilgong til dei styrande organ i trussamfunna. Ville dette vere ei uakseptabel overstyring av trussamfunna? Eller kunne ein sjŒ det som eit n¿dvendig minimumskrav som staten aktivt b¿r s¿kje tverr-religi¿s konsensus om?

            Grensa mellom legitime minimumskrav (i namnet til individet) og ein uakseptabel grad av statskontroll (med trussamfunna), er vanskeleg Œ trekkje. Sp¿rsmŒlet er kor langt ein vil gŒ i retning av eit statsstyre som tvingar igjennom praktisk tilslutnad til bestemte verdiar eller ordningar. I n¿yaktig kva saker ¿nskjer ein felles ordningar som staten anten set som vilkŒr for offentleg godkjenning eller brukar si tvangsmakt til Œ gjennomf¿re ogsŒ i det sivile samfunn?

I mi eiga tenking om stat og religion har det skjedd ei gliding i liberal retning, voneleg ikkje som uttrykk for ei svekka interesse for kva som etisk eller religi¿st sett er rett men heller for eit skjerpa syn pŒ kva slags statlege inngrep som politisk sett er rettmessige. Men dess lengre ein gŒr i retning av multikulturell liberalisme, dess viktigare blir det Œ byggje alliansar i det sivile samfunn mellom kristne, muslimar, humanetikarar og andre som har felles ideal for eksempel nŒr det gjeld kvinners stilling. I fleirkulturelle samfunn som vernar om trussamfunna sin rett til Œ vere forskjellig, kan slike tverr-religi¿se alliansar skape n¿dvendig og fruktbar strid i det sivile samfunn og hindre at multikulturalisme blir jamgodt med laissez-faire pŒ etikkens omrŒdet.

 

Velgrunna moralsk usemje?

 

I radikal strid for det ein meiner er rett, mŒ ein likevel forhalde seg til andre si like overtydde meining om Œ ha den moralske og politiske retten pŒ si side. Til dette kjem den konkrete moralske og politiske usemja mellom menneske som hevdar at dei stŒr for dei same verdiane (Ósosial rettferdÓ, ÓlikestillingÓ osv.).

I dette perspektivet blir spenninga mellom multikulturalisme og universalisme ikkje berre eit sp¿rsmŒl om trussamfunna sin rett til Œ dissentere frŒ fleirtalsmeininga i storsamfunnet men like mykje eit sp¿rsmŒl om korleis ein handterer indre dissens i trussamfunna og ei tilsvarande usemje pŒ tvers av trusgrensene. I kva grad vil dei som krev fridom for si tru i det sivile samfunn akseptere ei "velgrunna moralsk usemje" innanfor sine trussamfunn?

Uttrykket "velgrunna" er lŒnt av Gšran Bexell  som stiller opp ei rekke kriterium for kva som kan reknast for eit moralsk velgrunna standpunkt innanfor ein bestemt tradisjon Ð kriterium som dermed ogsŒ definerer rommet for velgrunna moralsk usemje (Bexell 1990: 4 og Bexell 1992: 31-36). Innanfor den kristne tradisjonen (som Bexell relaterer til) er det for eksempel tradisjon for Œ akseptere at den ikkje-valdelege grunnverdien som ein assosierer med evangelia kan utmyntast bŒde som absolutt pasifisme og i tanken om rettferdig krig.

Eit kritisk sp¿rsmŒl nŒr ein taler om "velgrunna moralsk usemje" er om resonnementet er deskriptivt, kontraktuelt eller normativt. Deskriptivt er det eit faktum at (meir eller mindre konsekvente) pasifistar og (meir eller mindre restriktive) talsmenn for den rettferdige krigen heilt frŒ den konstantinske tida har levd side om side i dei store kyrkjesamfunna. Men velgrunna moralsk usemje handlar om noko meir enn deskriptive konstateringar. For Œ gi meining, mŒ uttrykket i det minste referere til ein "sosial kontrakt" i det aktuelle trussamfunnet om Œ leve side om side med ulike syn i kritiske saker (ein moderne klassikar er mŒten ein handterer ulike syn pŒ alkoholnyting i nordisk kristendom). Men tanken om velgrunna moralsk usemje kan ogsŒ ha meir normative implikasjonar, dersom ein meiner at to ulike syn kan reknast som plausible og legitime tolkingar av den same tradisjonen. Om ein pasifist ikkje bryt med eit kyrkjesamfunn som aksepterer krigsteneste og endŒ til legg til rette for uniformert feltpresteteneste, kan dette anten tyde at ein kontraktuelt har godtatt at ein kan leve med to gjensidig respekterte syn innanfor det same kyrkjesamfunnet, eller ogsŒ at ein normativt aksepterer at dei to motstridande tolkingane av den kristne tradisjonen (pasifisme, rettferdig krig) faktisk er velgrunna moralsk sett.  

I sp¿rsmŒlet om homofiles stilling i kyrkja har endringsagentane kjempa for Œ vinne kontraktuell aksept for at homofilt samliv ikkje skal f¿re til nokon reduksjon i rettar nŒr det gjeld tilgongen til embete eller styringsorgan. Men mange pŒ begge sider har ogsŒ uttrykt at motsette syn pŒ homofilt partnarskap kan vere moralsk velgrunna ut i frŒ kristen tradisjon. I utgreiinga Homofile i kirken som ei arbeidsgruppe oppnemnd av Bispem¿tet leverte i 1995 refererer Kjetil Hafstad eksplisitt til Bexell sitt teoretiske perspektiv nŒr han utfaldar sitt resonnement om "velbegrunnet uenighet innen kirkens fellesskap" (Hafstad 1995: 162ff).

Sp¿rsmŒlet er kva som er det neste steget, nŒr dei f¿rste skansane er vunne: vil ein dŒ framleis sjŒ dei ulike syn pŒ homofilt samliv Ð eller kvinnas stilling Ð som uttrykk for velgrunna moralsk usemje, eller vil ein heller kjempe for at eins eige syn skal ha normativ trumf og dermed ogsŒ ordningsmessig fork¿yrsrett i trussamfunnet? Her har Svenska Kyrkan gŒtt lengre enn Den norske kyrkja i retning av Œ tvinge motstandarar av kvinneleg presteteneste til Œ forhalde seg til det faktum at Svenska Kyrkan ¿nskjer kvinner i presteteneste, utan dei unnataks- eller rettare sagt unnaman¿verbestemmingane som Den norske kyrkja sine "k¿yrereglar" er uttrykk for.

I kampen mot apartheid i S¿r-Afrika kjempa kristne og muslimar saman for Œ avgrense rommet for velgrunna moralsk usemje, ved normativt Œ stemple apartheid som totalt uakseptabelt i lys av bŒde kristen og islamsk etikk. I kva saker vil ein Ð av omsyn til den diskriminerte Andre Ð sette ei absolutt grense for akseptable haldningar og ordningar, og i kva saker mŒ ein snarare l¾re seg til Œ leve med eit spenningsfylt mangfald av moralske og religi¿se posisjonar (i samfunnet og i trussamfunna)? Skal det for eksempel tenkast forskjellig om rase, kj¿nn og seksuell legning nŒr ein gŒr opp grensene mellom reglar som mŒ gjelde universelt og reglar det kan gjerast unnatak frŒ i trussamfunna? Kva er i sŒ fall det etiske kriteriet for den grensedraginga ein mŒtte gŒ inn for?

 

Tverr-religi¿s aktivisme, i kontroversiell praksis

 

I fleirreligi¿se samfunn kan samtalen om kva som skal kunne reknast som velgrunna moralsk usemje ikkje avgrensast til indre forhold i trussamfunna. Samtalen mŒ ogsŒ f¿rast pŒ tvers av religionsgrensene. Som eg har vore inne pŒ, fell ikkje dei ulike syna pŒ ikkje-vald, forholdet mellom kj¿nna eller samlivssp¿rsmŒl saman med trusgrensene. Usemja gŒr tvert om heilt pŒ tvers av religionsgrensene.

Tilsvarande kan folk med ulik tru (som eg ovanfor har vist med eit s¿rafrikansk eksempel) finne saman i eit felles frigjeringsengasjement. Slike erfaringar blir ogsŒ gjort i Norge. Eit av dei viktigaste prosjekta i regi av Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg RŒd og Islamsk RŒd, er eit kvinneprosjekt som er dokumentert i boka Dialog med og uten sl¿r (Grung og Larsen 2000). Her oppsummerer kristne og muslimske kvinner sine erfaringar med dialog som eit middel mot avmakt pŒ denne mŒten:

 

Kvinner Ð og i Norge gjelder nok dette flere muslimske enn kristne kvinner Ð blir dessverre oftere enn menn henvist til Œ erfare mye av virkeligheten annenhŒnds, gjennom erfaringar gjort av sine menn og sine barn. NŒr kvinner m¿tes i dialog blir vi utfordret til Œ v¾re deltakere, til Œ gj¿re vŒre egne erfaringer og til Œ bekrefte hverandre som aktive subjekter É Kvinners situasjon kan gjennom en sŒnn prosess blir mindre preget av avmakt og mer av myndiggj¿ring og fellesskap (nemnde verk, s. 133f).

 

I ein artikkel har Anne Hege Grung oppsummert slike erfaringar i maksimen Ódialog kan vere ei frigjerande erfaring for kvinnerÓ (Grung 2000). Likevel vil kristne og muslimske kvinner som gjennom dialogen styrkar kvarandre som endringsagentar, kunne har noksŒ ulike syn pŒ kva konkrete mŒl kvinner b¿r sette seg i sine respektive trussamfunn.

Det er nettopp nŒr vi ser pŒ korleis folk med ulik tru aktiviserer seg og tar stilling i heilt konkrete saker at kompleksiteten i interreligi¿se relasjonar blir tydeleg. I det f¿lgjande vil eg bruke kristne og muslimske reaksjonar pŒ terrorhandlingane 11. september og den pŒf¿lgjande bombinga av Afghanistan som eit tverr-religi¿st eksempel pŒ spenninga mellom verdifellesskap og moralsk usemje. 

Generelt er det ingen store problem med Œ fŒ eit overveldande fleirtal av kristne og muslimske leiarar til Œ slutte seg til grunnleggande verdiar som fremjing av ikkje-valdskultur eller vern om det sŒrbare menneskelivet. I Norge stod dŒ ogsŒ muslimske og kristne leiarar hand i hand saman med j¿dar og humanetikarar, i ei stor offentleg markering like etter 11. september mot religi¿st motivert vald (Dagsavisen 17. september 2001).

Men dŒ USA sette i verk sin krig mot terrorismen ved Œ bombe Afghanistan, vart biletet straks meir komplisert. I Norge som i mange andre vestlege land var det mange kyrkjeleiarar Ð inkludert fleire biskopar Ð som kritiserte bombinga (Klassekampen 29. oktober 2001). Komiteen for Internasjonale Sp¿rsmŒl i Den norske kyrkja karakteriserte tidleg krigshandlingane mot Afghanistan som "etisk betenkelige og strategisk ukloke" (kirken.no 18. oktober 2001). Islamsk RŒd gjekk ikkje uventa ut med liknande synspunkt. PŒ eit tidspunkt vart det til og med sendt eit felles brev frŒ Mellomkyrkjeleg RŒd og den st¿rste pakistanske moskeen i Oslo. I brevet kritiserte ein landets kristendemokratiske statsminister for Œ st¿tte altfor ukritisk opp om den amerikanske bombekampanjen (som Norge seinare vart ein aktiv deltakar i). Saman kravde kristne og muslimske leiarar stans i bombinga av humanit¾re grunnar og bad om at kampen mot terror ikkje mŒtte f¿rast pŒ ein mŒte som pŒf¿rte uskuldige sivile nye lidingar (Aftenposten 31. oktober 2001). Dei let med andre ord omsynet til den lidande (sŒrbare) Andre vere avgjerande for korleis dei tok stilling og viste pŒ denne mŒten at krigen slett ikkje handla om forholdet mellom ÓmuslimarÓ og ÓkristneÓ.

Det kristen-muslimske brevet burde vere eit godt eksempel pŒ ei form for tverr-religi¿s aktivisme som etter sin natur er kontroversiell. Det var dŒ heller slett ikkje alle kyrkjeleiarar som var av same meining som aktivistane i Mellomkyrkjeleg RŒd og dei kritiske biskopane. DŒ Kyrkjem¿tet tok opp saka i november, mŒtte ein konstatere ulike syn pŒ kva verkemiddel som er forsvarlege og tenlege i den globale kampen mot terror. Det er grunn til Œ minne om at ogsŒ muslimar, internasjonalt sett, var ueinige seg i mellom. Den amerikanske bombekampanjen hadde ikkje vore mogeleg om det ikkje var for solid muslimsk st¿tte bŒde frŒ Nord-alliansen i Afghanistan og tunge regionale akt¿rar som den pakistanske regjeringa.

Eksemplet ovanfor er berre eitt av mange pŒ konkret moralsk usemje mellom folk som ÐpŒ tvers av trusgrenser Ð hevdar Œ stŒ for dei same verdiane.[6]  Det er i den konkrete moralske og politiske praksisen dei store slaga stŒr, meir enn i den allmenne verdidiskursen som for eksempel Declaration Toward a Global Ethic frŒ religionsparlamentet i Chicago i 1993 er uttrykk for (KŸng and KŸschel, red., 1993). I talen om global etikk har tiln¾rminga til verdisp¿rsmŒl ofte vore reint deduktiv: ein har sluttar seg fram frŒ dei store tradisjonane til nokre allmenne verdiar som ein kan ha von om Œ vinne ein tverr-religi¿s, "overlappande" konsensus om. [7]

Ei meir induktiv tiln¾rming til sp¿rsmŒlet om global etikk finn ein i Elisabeth Gerles bok In Search of a Global Ethics (Gerle 1996). I tilslutnad til Seyla Benhabib inviterer Gerle til ein kontekstmedviten og maktkritisk verdidebatt som er interaktiv i den forstand at den blir til ein prosess av samtale og samhandling (nemnde verk: 19, 38f). Med ei induktiv og meir aktivistisk tiln¾rming til global etikk ser ein klarare at dei verdistandpunkta ein kjem fram til i ein dialogisk prosess Ð dersom dei skal ha forandringspotensiale i seg Ð n¿dvendigvis ogsŒ mŒ vere kontroversielle.

I alle konkrete moralske utfordringar ein stŒr overfor i dagens globale samfunn, er ein konfrontert med til dels store meiningsskilnader bŒde innanfor og pŒ tvers av trussamfunna. Kva gjer ein sŒ? Om ein meir liberalt enn f¿r aksepterer at det finst ulike mŒtar Œ realisere den same grunnverdien pŒ, treng ein ikkje av den grunn Œ hamne i grenselaus verdirelativisme. Det er ei pŒtrengande oppgŒve i det multireligi¿se samfunnet Œ sette grenser for haldningar og handlingar som ein ikkje under noko omstende kan akseptere eller leve med. Her mŒ universalismen vere kompromisslaus, og grensene for kva som er akseptabelt mŒ sikrast bŒde med lovgiving og haldningsskapande arbeid.

Derfor b¿r det ogsŒ vere ei hovudoppgŒve for den interreligi¿se dialogen Œ sjŒ kor langt ein kan kome i retning av Œ definere rommet for velgrunna moralsk usemje saman. Men i ein del saker kan det vere like viktig Œ utvide rommet for akseptert usemje som Œ avgrense det.

 

Konklusjon

 

Korleis ein avgrensar eller utvidar rommet for velgrunna usemje, er bŒde eit etisk, politisk, interreligi¿st og teologisk sp¿rsmŒl.

Politisk sett er eit faktum at bŒde kristne, muslimar og andre fordeler seg noksŒ jamt over partiskalaen, i nordisk samanheng ogsŒ heilt pŒ tvers av skiljet mellom liberale og sosialdemokratiske parti. Sp¿rsmŒlet om korleis ein skal balansere liberal multikulturalisme og universalistisk verdipolitikk fŒr ulike svar pŒ tvers av trus- og kulturgrensene.

Etisk sett er utfordringa todelt. For det f¿rste mŒ storsamfunnet Ð i namnet til det ukrenkelege individet Ð trekkje nokre grenser for akseptabel etisk usemje. Desse grensene mŒ ein, gjennom dialog, arbeide aktivt for Œ gi tverrkulturell legitimitet. For det andre mŒ trussamfunna Ð kvar for seg og saman Ð utfordrast pŒ sin vilje til Œ akseptere velgrunna moralsk usemje.

I interreligi¿st perspektiv er utfordringa for bŒde kristne, muslimar og humanetikarar Œ bli meir liberale utan Œ bli mindre solidariske, engasjerte og handlingsvillige. Dess st¿rre rom ein gir for etisk og politisk usemje Ð i trussamfunna og i storsamfunnet Ð dess meir n¿dvendig blir det for alle som ¿nskjer endringar i kritiske saker Œ byggje alliansar i det sivile samfunn. Slike alliansar vil alltid vere kontroversielle, kva anten det gjeld religionsfridommens rekkevidde, kvinner si stilling, eller sp¿rsmŒlet om korleis ein best kan demme opp for religi¿st motivert vald.

 I teologisk perspektiv er utfordringa Œ samtenkje omsynet til den religi¿st sett Andre med omsorga for den lidande Andre, noko som krev ei ny gjennomtenking av forholdet mellom religionsteologi og frigjeringsteologi. Som eg har pr¿vd Œ vise, mŒ ei slik nytenking vere sensitiv for forskjell og kontekst, men ogsŒ kople talen om Gud til nokre universelle etiske forpliktingar.

 

 

Litteratur

 

Gšran. 1990. En vŠlgrundad moraluppfatning. Svensk Teologisk Kvartalsskrift 66:145-153.

Bexell, Gšran. 1992. Kyrkan och etiken. Stockholm: Verbum.

EidsvŒg, Inge og Lena Larsen (red.). 1997. Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge. Oslo: Universitetsforlaget.

Esack, Farid. 1997. QurÕan, Liberation and Pluralism. An Islamic Perspective of Interreligious Solidarity Against Oppression. Oxford: Oneworld.

Frostin, Per. 1970. Politik och hermeneutik, Studia Theologica Lundensia 33. Lund: CWK Gleerup.

Frostin, Per. 1971. Kristendom och marxism. FrŒn konflikt till dialog. Stockholm: Gummessons.

Frostin, Per. 1978. Materialismus, Ideologie, Religion: die materialistische Religionskritik bei Karl Marx. MŸnchen: Kaiser.

Frostin, Per. 1979. Bšn och revolution. Stockholm: Skeab/Verbum.

Frostin, Per. 1988. Liberation theology in Tanzania and South Africa. A  First World interpretation. Lund: Lund University Press.

Frostin, Per. 1994. Teologi som befriar. EfterlŠmnade texter, Religio 41. Lund: Teologiska Institutionen.

Gerle, Elisabeth. 1996. In Search for a Global Ethics. Theological, Political, and Feminist Perspectives based on a Critical Analysis of JPIC and WOMP. Lund: Lund University Press.

Gerle, Elisabeth. 2001. MŒngkulturalism Ð fšr vem? Stockholm: Nya Doxa.

Grung, Anne Hege. 2000. Dialogue can be a liberating experience for women. Current Dialogue vol. 35, July 2000.

Grung, Anne Hege og Lena Larsen. 2000. Dialog med og uten sl¿r. Oslo: Pax forlag 2000.

Hafstad, Kjetil. Homoseksualitet i kristen etisk belysning. I Homofile i kirken. En utredning fra Bispem¿tets arbeidsgruppe om homofili. Oslo: Kirkens Informasjonstjeneste 1995: 140-172.

Knitter, Paul F. 1995. One Earth Many Religions. Multifaith Dialogue and  Global Responsibility. New York: Orbis.

KŸng, Hans and Karl-Josef Kuschel (eds). 1993. A Global Ethic: The Declaration ofthe Parliament of the WorldÕs Religions. London: SCM Press.
Leirvik, Oddbj¿rn. 1981. Politikk, evangelium, religi¿sitet. I Be og arbeid. Tanker om fromhetsliv i 80-Œra. Oslo: Norges Kristelige Studenterbevegelse.

Leirvik, Oddbj¿rn. 2003. Global Ethics and Moral Disagreement after September 11, 2001: A Christian-Muslim Perspective. Studies in Interreligious Dialogue (1): 18-29.

Tracy, David. 1996. The Hidden God: The Divine Other of Liberation. Cross Currents 46 (1): 5-16.

 

 



[1]           Artikkelen byggjer pŒ ei forelesing som vart halden pŒ seminaret "Teologi och befrielse i globaliseringens tid, 10 Œr efter Per Frostin", Lunds universitet, Teologiska institutionen 9. november 2002.

[2]              Slik Frostin sŒg det, er det berre den som kjempar med heile seg og veit kva det vil seie Œ bli knust i kampen for rettferd som kan forstŒ kva evangeliet er, nemleg ei kraft som kan gi tryggleik, tillit, hŒp midt i ein strevsam og til tider hŒplaus politisk kvardag (jf. Leirvik 1981: 37). Med Frostin sine eigne ord: "Bšnen sŠnder mŠnniskan in i fšrŠndring, men dessa fšrŠndringar aktualiserer i sin tur behovet av bšn É Endast bšnen ger den helhet som behšvs fšr att skapa en ny verklighet" (Frostin 1979: 28).

[3]              SjŒ for eksempel rapporten frŒ det tverr-religi¿se prosjektet Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge, EidsvŒg og Larsen 1997: 180f.

[4]              Til Oslokoalisjonens prinsipprogram og ulike prosjekt, sjŒ www.oslocoalition.org

[5]              Etter at landsm¿tet til Human-Etisk Forbund i 2002 avviste Œ ta med i sitt nye prinsipp- og arbeidsprogram eit forslag om Œ arbeide for ei oppheving av den retten som trussamfunna har, i kraft av paragraf 55a i Arbeidsmilj¿lova, til Œ diskriminere homofile ved tilsettingar, oppmoda Karen-Christine Friele oppmoda i ein kronikk i Dagbladet (den 9. august 2002) til utmelding av Human-Etisk Forbund.

[6]              Til ei grundigare dr¿fting av forholdet mellom global etikk og konkret moralsk usemje etter 11. september 2001, sjŒ Leirvik 2003.

[7]              Declaration Toward a Global Ethic finst pŒ norsk i Oddbj¿rn Leirvik: Religionsdialog pŒ norsk (Oslo: Pax forlag 2001), s. 235-248 (ÓErkl¾ring for ein global etikkÓ). Erkl¾ringa kallar alle menneske til (1) ein kultur av ikkje-vald og respekt for livet, til (2) solidaritetskultur og ei rettferdig ¿konomisk ordning, til (3) toleransekultur og eit liv i sanning og til (4) ein kultur med like rettar og partnarskap mellom mann og kvinne. Preikeaktige erkl¾ringar kan vere ein viktig del av eit haldningsskapande arbeid. Men avgrensinga til Chicago-erkl¾ringa og Hans KŸng sitt Projekt Weltethos ligg i den kontekstslause idealismen som ofte har prega den globaletiske diskursen. Problemet med slike allment formulerte verdiar blir tydeleg nŒr ein ser kor vanskeleg det er Œ finne nokon som ville stŒ fram offentleg og seie at dette er eg faktisk heilt usamd i. I det verkelege livet mŒ ein derimot forhalde seg til at folk faktisk er moralsk og politisk ueinige, sj¿lv nŒr dei hevdar Œ stŒ for felles verdiar. Det avgjerande sp¿rsmŒlet er kva det skal bety i praksis Œ bygge ein ikkje-valdskultur, fŒ til ¿konomisk rettferd eller sikre like rettar for mann og kvinne. Og dŒ er den framveksande religionsdialogiske ortodoksien ikkje til altfor stor hjelp. PŒ det ortopraktiske nivŒet vil nemleg bŒde kristne, muslimar, buddhistar, humanetikarar og andre fordele seg noksŒ likt over ein brei politisk skala der dei fleste Ð frŒ langt ut pŒ venstresida til langt inn pŒ h¿gresida Ð hevdar at dei stŒr for dei same ideala, sj¿lv om dei altsŒ tolkar desse h¿gst forskjellig i sin sosiale og politiske praksis.