Heimeside for Stian K. Sæle på UiB

Innleiing

Dette er sivilarbeidar og deltidsstudent Stian K. Sæle si heimeside på UiB sin server. Denne sida har ingen akademisk verdi ut over å liste ulik kontaktinformasjon. Denne informasjonen derimot, er av særs høg verdi då den kan nyttast til å kommandere innehavaren til å utføre nedverdigande og keisame oppdrag som ein elles måtte ha utført sjølv.

Dette er ikkje grunna det faktum at S.K.Sæle er ein fantastisk snill person, men heller fordi han er tilsett ved universitetet som sivilarbeidar og gjennom å kopiere ulike dokument samt passe på at det alltid er nok kaffi på maskina sikrar han sin posisjon innan fredssektoren av siviltenesten.

Det er imidlertid nokre minstekrav for at S.K.Sæle skal gidde å nytte tida si på å løyse dine uviktige kvardagsproblem. Ein bør vere tilknytta Institutt for Administrasjon og Organisasjonsvitenskap. Videre bør ein helst vere av kraftig kroppsbygging då S.K.Sæle har lettare for å effektivt hjelpe folk han fryktar at skal banke han opp.

Kvalifikasjonar

Så kva kan du forvente deg av denne bitre og kynsike sivilarbeidaren bortsett frå gleda over å kunne vere i same rom som hans fantastiske person? Ingenting, eigentleg, men eitkvart problem som ein er usikker på korleis skal løysast kan som regel assisterast med. Om ikkje sivilarbeidaren personleg tek seg av det, delegerar han gjerne ansvaret til andre - faktisk er ein av favorittaktivitetane hans å delegere ansvar til andre folk enn seg sjølv.

Mange undrar om dei kan få sivilarbeidaren til å utføre hemnaksjonar og avklare personlege vendetta gjennom bruk av fysisk makt. Dette ville personen S.K.Sæle gjerne vore hjelpsam med, men sivilarbeidaren S.K.Sæle må diverre følgje sine moralske prinsipp om at vald ikkje er ei god løysing. Desse prinsippa vil imidlertid berre bringast fram i situasjonar der han ynskjer å framstå som betre enn sine medmenneske.

N.B. Prinsipp kan verte brotne dersom prisen er høg nok eller ved umotivert og unaudsynt provokasjon av sivilarbeidar. I desse tilfella er det ikkje sivilarbeidaren S.K.Sæle som utførar handlingane, men heller valdsmisbrukaren S.K.Sæle. Det er av byråkratiske omsyn viktig så skilje mellom desse to personlegdommane.

Verbal maltraktering av telefonsupport, personlege krosstog mot BRITA og fullstendig open krig mot Xerox er òg oppdrag som sivilarbeidaren påtek seg med glede. Av andre nemneverdige kvalifikasjonar kan det nemnast ein sjukeleg interesse i kaffi og dermed òg uavgrensa mengde kunnskap om tilbreiing av drikken så vel som vedlikehald av maskineri.

Kontaktinformasjon

Telefon:
555 82830

E-post:
Stian.Sale@aorg.uib.no

Post:
Stian Kaupang Sæle
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
Cristiesgt. 17
5007 BERGEN

Besøksadresse:
Cristiesgt. 17
Kontor: 17.003

Kontortid:
Man-Fre 08:00-16:00

Studenten S.K.Sæle

Som deltidsstudent på Bachelorprogrammet IKT gjeld ingenting av overståande informasjon. Her er S.K.Sæle ein kynisk lite behjelpleg person med ingen reele reservasjonar mot valdsbruk samt ein total mangel på respekt for autoritetspersonar. Eit generelt råd er å halde seg unna studenten S.K.Sæle då få personar kan seiast å ha hatt positive møter med han.

Videre kan S.K.Sæle oppfattast som lite personleg då han har ein tendens til å skrive lengre tekstar om seg sjølv i tredjeperson. Dette fordi han då kan distansere seg frå sin eigen person og kome med positive karakteristikkar av sitt fantastiske vesen utan at det verkar som sjølvskryt.