
Porten ved den sørlige
inngangen til Botanisk hage. |
B. Moe
|
|
Den gamle botaniske hagen (Muséhagen) i Bergen med sine 10 mål var etter kvart
vorten ganske trongbudd og hadde trong for utviding. Det var ikkje
lett på Nygårdshøyden. Løysinga blei at
Universitetet i Bergen (UiB) bygde ny botanisk hage på ein
del av området Arboretet disponerer. Området vest for
Mildevegen/Skipanesvegen, ca. 70 mål, vart sett av til dette
formålet. Sidan Arboretet tek seg av alle lignosane, vedplantane,
skal den botaniske hagen i første rekkje ta seg av urter.
Vinteren 1989/-90 starta grunnarbeidet, og då UiB feira sitt
50-årsjubileum og Arboretet sitt 25-årsjubileum i 21.
august 1996, var det klart for innviing.
Då var utstillingshagen på Solåkeren klar, og
den første utstillinga av sommarblomstrar stod på sitt
vakraste. Nokre murar var reiste, og porten til ”bakdøra”
var på plass. I tillegg var der opparbeidd ein parkeringsplass
og planta litt rundt denne.
Dei følgjande åra har Botanisk hage på Milde
breidd seg vidare utover disponibelt område, så mykje
som menneskelege og økonomiske ressursar har gjeve rom for.
Solåkeren har fått ei peonutstilling, der er eit felt
med sommar- og haustblomstrande knollar, ei samling kultivarar
av
slekter i kaprifolfamilien og oljetrefamilien, og der er sortar
av narsissar. Dessutan viser utstillingshagen kvart år
utplantingsplantar om sommaren.
Ein mosehage vart innvigd i 1999, ein fjellhage i 2001, og ein
vasshage i 2005. I 2007 vart det sett ned eit tuntre ved hovudinngangen
som ei start på temahagane som skal kome det. Nytteveksthagen i
området over fjellhagen vert stadig utvida.
Førebels er det gjort mest arbeid i sør mot Mildevatnet,
men det er også skjedd ein del ved hovudinngangen på
nordsida, her viser vi t.d. tulipankultivarar...
|